Bokmål = wannabe norsk

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namnet framstiller denne gamle, gode målforma som noko nytt og framand som har bana seg veg inn i det norske språk, og får bokmål til å høyrast ut som det opphavlege og “rette” språket. For strengt tatt er det vel omvendt?

Hadde det ikkje vore for unionen med Danmark, hadde nok bokmål vore eit ukjent omgrep for oss nordmenn. Då hadde det berre heitt “norsk”, og norsk ville ha vore det same som nynorsk. Nynorsken er jo ei vidareføring av gamalnorsken, så kvifor i all verda skal det då heita nynorsk?

Misforstå meg rett, eg forstår jo sjølvsagt at det var vanskeleg å halda på det norske skriftspråket under unionen med Danmark, då den einaste staden for høgare utdanning låg i København, bøker stort sett berre var å finna på dansk og religionsundervisning føregjekk på dansk. Det eg har problem med å forstå, er kvifor nordmennene ikkje i større grad kjempa for å få tilbake det norske skriftspråket då unionen var oppløyst. I 1814 var det faktisk berre 1 % av det norske folk som snakka dansk-norsk, og då i all hovudsak overklassen. Er det rettferdig å basera eit landsomfattande skriftspråk på eit talespråk ein så liten del av befolkinga snakka? Og då attpåtil eit språk utvatna av eit anna språk? Burde ikkje skriftspråket heller baserast på det språket fleirtalet av det norske folk snakka, og ikkje berre språket til dei rike og mektige?

PRØV DEG PÅ IVAR AASEN-QUIZEN!

Sjølv om nynorsken i hovudsak baserer seg på vestlandske dialektar, synes eg det er ein mykje meir rettferdig måte å utarbeida eit skriftsspråk på. Medan bokmålen meir eller mindre blei tredd nedover hovudet på folk, var nynorsken eit språk som ein mykje større del av det norske folk kunne kjenna seg att i og identifisera seg med. Derfor synest eg namngjevinga av dei to skriftspråka er totalt misvisande. Om dansk-norsken absolutt måtte innførast som eit eige skriftspråk, hadde det vore på sin plass at det hadde fått navnet “nynorsk”, så kunne skriftspråket som var basert på det ekte, norske språket enkelt og greitt fått namnet “norsk”.

Denne kommentaren blei først posta på bloggen Mot til å meina.