Vil merke reklamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske moteblad og magasin bruker retusjerte bilde. Å retusjere eit bilde tyder å fjerne eller leggje til informasjon i eit bildebehandlingsprogram. I mote- og kjendisverda handlar retusjering ofte om å fjerne kviser og rynker, endre augefarge, glatte ut hud og gje den ein annan valør. Somme gonger endrar ein og kroppsfasongen til modellen.

Unaturleg
– Desse ideala møter jenter og gutar over alt i dag, men dette er ikkje ekte personar, dei er laga på datamaskinar, seier Linda Strandmyr, talsperson for Ungdom mot retusjert reklame.

Ho har ikkje problem med å forstå at ein kjendis kan ønskje å få redigert vekk ei sjenerande kvise frå eit bilde som skal på trykk, men synest det er feil når det skjer heile tida.

– Modellar og kjendisar har òg ringer rundt auga og rynker som oss andre. Det er synd viss vi alltid skal skjule det som er med å gjere oss vakre.

Ideala vi skal leve opp til i dag er sjukelege, og vi kan uansett ikkje gå rundt å vere redigerte, alle saman, meiner ho.

– Folk i reklame er rett og slett animerte figurar.

Gjer tynne folk tjukke
Aksjonen Ungdom mot retusjert reklame ønskjer no at det skal bli påbode med merking av retusjerte bilde som gjer oss merksame på at menneska på bilda ikkje ser slik ut I det verkelege livet. Aksjonsgruppa har vore rundt og klistra lappar på reklameboards kor det står at denne reklamen er retusjert og gir eit feil bilde av korleis modellen ser ut. I tillegg har dei vendt seg til moteblad og bede om deira støtte i aksjonen. Mellom anna ber dei om at blada lagar ei eiga utgåve med berre uretusjerte bilde for å vise kor stor skilnad det er.

Redaktør Signy Fardal i damebladet Elle er ein av dei som har fått brev, og ho seier til VG.no at ho ikkje ser for seg å etterkome ønsket til aksjonsgruppa. Ho meiner den retusjeringa norske blad gjer av modellane ikkje er noko stor sak.

– Viss dei har kviser i ansiktet, eller ringer under auga, eller eit hår over ansiktet og slike ting, kan vi gjere noko, seier Fardal til nettavisa.

Manipulering av kroppar er derimot ikkje vanleg i norsk reklame, men meir brukt i utlandet, hevder Fardal. Elle har aldri vore med og gjort ein modell tynnare, men heller lagt litt ekstra på svært tynne bikini-modellar, seier redaktøren.

Ikkje betre
Denne praksisen er ikkje Ungdom mot retusjert reklame begeistra for.

– At Elle gjer tynne modellar tjukkare er jo faktisk ikkje noka betre, meiner Strandmyr. – Då dekker dei over at modellen er for tynn.

At det ikkje er vanleg å manipulere kroppane på modellane i Noreg, er heller ikkje noko argument, så lenge blada bruker utanlandske reklamekampanjar, meiner Strandmyr.

No håper aksjonistane at dei kan få gjennom eit krav om merking av manipulerte bilde, men at ein på sikt og vil få slutt på denne praksisen.

– Vi har fått god respons på kampanjen vår så langt, seier Strandmyr.

– Mange jenter vender seg til oss og seier dei er glade for at vi tar opp denne saken. Nokre sure mailar har vi sjølvsagt òg fått, men barometeret i VG viser at vi har god oppslutning om synspunkta våre.

Videoen under er laga for Ungdom mot retusjering:

LES SAKA I MAGASINETT.NO!

Er det greitt å manipulera bilete av modellar? Del tankane dine her!

Faktaboks

Bak aksjonen står organisasjonane Sosialistisk ungdom, Raud ungdom, AUF, Press, Ungdom og media og KrfU.