Slik skal Kristin kutta i fråfallet

Målet er at tre av fire elevar skal fullføra vidaregåande.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå skal det for første gongen setjast konkrete mål for å redusere fråfallet og auke gjennomføringa i vidaregåande skule. Målet for gjennomført vidaregåande opplæring blir sett til 75 prosent. I dag er det 69 prosent av årskullet som har fullført etter fem år.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner det er svært viktig at både departementet og fylkeskommunane står saman om konkrete mål:

– Både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå treng me mål som er ambisiøse, men realistiske. Oppnår vi målet om 75 prosent gjennomføring for dagens elevar i 1. vidaregåande, tyder det at over 3000 fleire elevar vil fullføre årleg, seier Halvorsen i ei pressemelding.

Skal letta overgangen
I statsbudsjettet for 2011 er det føreslått175 millionar kroner til forsterka innsats.

Gjennom Ny Giv skal ein mellom anna satsa på:
– Gjera overgangen lettare for dei 10 prosent svakast presterande elevane i 10. klasse. Desse elevane skal følgjast tett frå jul i 10. klasse til og med andre trinn i vidaregåande. Viktige stikkord vil vere samarbeid mellom ungdomstrinn og vidaregåande og intensiv opplæring innan lesing, skriving og rekning.
– Oppfølgingsteneste har som målgruppe ungdom som står heilt utan opplæringstilbod eller arbeid. Dette omfattar fire prosent av elevane som blir skrive ut av 10. klasse og mellom 8 og 10 prosent av elevane som startar i første vidaregåande.