Nasjonal dobbeltmoral

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Nasjonal dobbel- moral

Året 1972 var starten på det dei kalla “oljeeventyret” i Noreg. Endeleg skulle stakkars vesle fattige Noreg opp og fram – endeleg var det vår tur å velta oss i velstand og rikdom. I 2010 kan Noreg slå seg på brystet med å vera eit av verdas rikaste land; likevel er stakkarslege menneske med frosne fingrar, fillete klede og bedande blikk noko me går forbi kvar dag i verdas rikaste gater.

Sjukeheimskøane veks seg lenger for kvar dag som går, lokalsjukehus vert nedlagte ein etter ein og norske jernbanar er blant dei dårlegaste i Europa – lista er lang. Og kvitor? “Me må spara på midlane”, svarer politikarane med bekymring i stemma mens dei i neste augenblink disponerer 10 millionar til eit venterom på ein ferjekai i Rogaland og ufattelege 3,9 milliardar kroner på eit operahus i Oslo.

Det er ein bitter ironi i det faktum at styresmaktene våre heller sløser vekk millionar av kroner på fancy venterom enn å la den eldre generasjonen sleppa å venta på ledige sjukeheimsplassar. Og eg veit i alle fall at viss eg skulle vera så uheldig å havna på skråplanet og attpåtil hatt to amputerte bein, så hadde eg føretrukke ei hjelpande hand frå kongeriket Noreg framfor eit gangbart operatak – som eg ganske så sikkert hadde blitt kasta vekk frå før eg hadde fått sagt ordet “prioritering”.

Det er noko som er hakkande gale når regjeringsmedlemene i eit av verdas rikaste land kan masjera rett forbi så sårt trengande menneske som dei som bur på Karl Johan, utan å spandera så mykje som eit blikk – for så å gå inn på Stortinget å vedta å bruka 3,9 milliardar kroner på eit forbanna operahus. Det er rett og slett skremmende.

“Me må spara til kommande generasjonar”, messar styresmaktene og kuttar 100 millionar av transportpakka som skulle forbetra landets mest ulykkesutsette veg. Ordet investering er visst eit ukjent begrep for dei norske styresmaktene (unntatt når det gjeld operahus i hovudstaden og venterom på ferjekaiar sjølvsagt). Den framtidsretta planen deira er tilsynelatende å dra pengane ut i det uendelege til me til slutt sit igjen med elendige vegar, eviglange sjukeheimskøar, gater fulle i tiggarar, fancy operahus og fancy venterom på ferjekaiane. Samtidig bygger medeuropearane våre lyntog med ein gjennomsnittsfart på 300 km/t og våre svenske naboar får ferjebilletten betalt av staten. Men i eit av verdas rikaste land kan me ikkje ta oss råd til slikt tull – me investerer heller i klimakvotar slik at me med rein samvittigheit kan fortsetta å utvinna meir av det “svarte gullet”, så me kan spara endå meir til dei komande generasjonene som tilsynelatande aldri kjem. Litt av eit eventyr, må eg sei.

Denne bloggposten blei først publisert i Mot til å meina-bloggen!