Pels er fint…

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har vanskeleg for å tenka meg noko meir fråstøytande enn folk som utan eit snev av dårleg samvit kan gå rundt kledd i pelsen til små, uskuldige dyr. Det er rett og slett kvalmande at nokon synest det er heilt ok at levende skapningar blir heldt i fangenskap heile livet for så bli flådd og drepne (ofte i den rekkefølga) eine og aleine for det føremål at forfengelege menneske med hjarte av stein skal kunna føla seg velkledde og luksuriøse.

I ei rekke europeiske land er pelsindustri ulovleggjort – men i Noreg? Neidå, i velferdsstaten Noreg subsidierer politikarane denne dyremishandlinga med 50 millionar i året. Me har i dag 331 pelsdyrfarmar kor nesten ein million mink og rev årleg vert drepne til fordel for unødvendige klesplagg. Éin ting er eskimoar som jaktar isbjørn for å få mat og klede. Ein heilt annan ting er når menneske som oss, me som kan velja og vraka blant alle tenkelege typar tekstil, vel å bruka tusenvis av kroner på å gå kledd i pelsen til torturerte dyr som har lidd seg gjennom eit liv i fangenskap.

Pelsindustrien er ei skam for Noreg, og eg skammar meg over dei umenneskelige folka som får seg til å gå kledd i ekte pels. Endå meir skammar eg meg over politikarane som gjer det mogleg å driva denne grufulle produksjonen – eller som regjeringa sjølv beskriv den: ei viktig distriktsnæring. I følgje styresmaktene våre har nemleg dyra på pelsfarmane det “bra”. Eg stiller eit stort, kritisk spørsmålsteikn ved kor “bra” eit dyr som er skapt for eit liv i fridom kan ha det i eit bur på under ein kvadratmeter. Du kan jo sjå sjølv kva regjeringa meiner med “bra” . Så kan du tenka på det neste gong du ser ei middelaldrande dame kledd i ei knesid kåpe av den fineste pels – at det plagget har 20 av desse skjønne revane hatt på seg før ho…

Denne kommentaren blei publisert første gong i Mot til å meina-bloggen.