Anar ikkje kva rente er

Banksjef slår alarm om kor lite unge veit om personleg økonomi.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjefen for Fokus Bank, Trond Mellingsæter, møtte i går potensielle investorar i Trondheim. Mesteparten av taletida brukte han likevel til å teikne eit dystert bilete av kor lite ungdom og unge vaksne kan om personleg økonomi.

Til dømes hadde over halvparten av 18- og 19-åringane som vart spurt om å definere rente, ikkje noko svar å kome med eller svarte feil, i ei undersøking banken har gjort.

– Den manglande forståinga av personleg økonomi er etter synet vårt eit av dei store samfunnsproblema vi står overfor, sa han, ifølgje Dagens Næringsliv.

Verstingstempelet er han ikkje i tvil om: Menn under 30 år.

Banksjefen åtvarar mot at betalingsproblem vil følgja deg heile livet.

– Må inn i skulen
Finansnæringens fellesorganisasjon tek no til orde for å få meir opplæring i økonomi inn i skulen.

– Eg meiner det må få plass i læreplanane sannsynlegvis allereie på ungdomsskulen. Då vil ungdommane læra å planleggja økonomien. Dei vil læra at det er ein stor forskjell på det du må ha og det du har lyst på, seier viseadministrerande direktør Arne Skauge til NRK.

Læreplanen i matematikk seier allereie noko om dette, og set krav til at elevane skal kunne setja opp enkle budsjett og gjera enkle reknestykke kring privatøkonomi.

Her kan du sjå kompetansemåla for matematikk i ungdomsskulen!