– Puslete kamp mot klimakrise

Natur og Ungdom meiner statsbudsjettet for 2011 er for puslete.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Særleg reagerer Natur og Ungdom på at løyvingane til skogvern går ned.

– I dette statsbudsjettet er det lite grønfarge å spore, og lite visjonar for det fornybare Noreg. Her er det stø kurs for enno auka klimagassutslepp og tap av naturmangfald, seier leiar i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold i ei pressemelding.

Lommerusk til skogvern
Noreg har forplikta seg til å stoppe tapet av naturmangfald innan 2010. Då er skogvern det viktigaste verkemidlet, og medan forskinga krev vern av 10 prosent av den produktive skogen for å nå 2010-målet, har Noreg så langt verna 1,8 prosent.

Natur og Ungdom har kome med krav om 268 millionar kroner til skogvern i budsjettet, for å verne dei 13 viktigaste skogsområda i landet. Statsbudsjettet for 2011 set av 135 millionar til skogvern, det same beløpet som i 2010 og dermed ein reell nedgang. Det er langt fleire område tilgjengeleg berre for frivillig vern enn dette beløpet kan betala for.

– Naturmangfaldet gir oss reint vatn, rein luft, trygg mat og medisinar. Ingen ny teknologi trengst for å ikkje hogga ned tre, og skogvern er billeg. At dei rikaste landa i verda ikkje tek seg råd til å ta vare på verdifull natur er latterleg, seier Ola Skaalvik Elvevold.

– Puslete kollektivsatsing
Når det gjeld belønningsordninga for kollektivtrafikk i dei store byane tek regjeringa eit lite steg i rett retning, med ein auke på 100 millionar kroner. Løyvingane til jernbane blir auka med 1,4 milliardar. Samstundes brukar regjeringa enno mykje meir på veg enn på bane.

– Satsinga på kollektivtrafikk og utbygging av jarnbane er puslete, og dei store pengane går enno til nye motorvegprosjekt. Det er effektiv tilrettelegging for auka utslepp i mange år framover. Dette budsjettet luktar asfalt lang veg, seier Elvevold. På si side meiner Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) at det blir satsa for lite på bygging av vegar.

Natur og Ungdom er likevel letta og nøgd med at regjeringa ikkje gjennomfører den varsla doblinga av avgifta på biodiesel, og at ingen avgift blir innført på bioetanol.

Energirevolusjonen uteblir
Olje- og energidepartementet kjem med ei gledeleg satsing på å gjera havenergi til ei ny næring for Noreg. Samstundes kjem det ingen friske middel over statsbudsjettet til utbygging av fornybar energi og energieffektivisering. Tidlegare års løyvingar på om lag 200 millionar over statsbudsjettet er kutta.

– Når finansministeren skal stramma til, går det ikkje utover dei som forureinar, men miljøvenlege løysingar som vindkraft. Pingla i Finansdepartementet har bidrege til eit budsjett for meir forureining, avsluttar Elvevold.

Auke i grunnavgift på fyringsolje
Klimaorganisasjonen Zero reagerer på at gasskraftverket på Kårstø enno ikkje blir reinsa. Dei helsar ei satsing på miljøteknologi velkommen, men kunne tenkja seg høgare avgifter på fyringsolje. Den blir auka med 8,1 øre per liter før prisjustering. Det gir eit totalt avgiftstrykk på 0,983 kr per liter olje.

– ZERO meiner det viktige med miljøavgiftene er å få til ei konvertering frå fossil- til fornybare løysingar. Til det er ei endring på 8 øre ikkje nok. Vi synest likevel dette er eit steg i rett retning og håpar auken blir ein del av ein opptrappingsplan over åra som kjem, seier Tale Halsør til zero.no.