Samlast på Eidsvoll
Ungdomens nasjonalforsamling samlar to unge frå kvart fylke på Eidsvoll i dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samlast på Eidsvoll
Mellom den 19 og 21. september samlast ungdom frå heile landet til ei prøvesamling for å gje innspill til regjeringa og Stortinget. Måndag 20. september er ungdomane samla på historisk grunn på Eidsvoll, der dei skal diskutere og kome fram til saker som er viktige og som dei ynskjer at styresmaktene skal ta tak i.
Tysdag 21. september møter ungdomane ansvarlege politikarar til eit dialogmøte på Litteraturhuset for at politikarane skal høyre kva nasjonalforsamlinga har koma fram til.
Historisk
– Det finst medverknadssorgan i mange kommunar og fylke, men det har til no ikkje vore eit organ der ungdom kan få sagt meininga si om nasjonale saker, seier leiar av sentralt ungdomsråd i Oslo, Emilie Geist.
Eit slikt nasjonalt organ har vore etterlyst av fleire fylkesorganer for ungdom utan at dette er vorte realisert. Fleire andre land har allereie ein nasjonalforsamling for unge. Her ligg Noreg langt bak.
Det er berre tre fylke som ikkje sender representantar til Nasjonalforsamlinga. Dei som er representert med to delegatar og dessutan ein ledsagar er Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Hedemark, Rogaland, Nordland, Møre- og Romsdal, Oppland, Troms, Finnmark, Vest-Agder, Vestfold, Buskerud, Hordaland, Telemark, Oslo og Akershus.
Ein rett å få seie meininga si
Å seie meininga si og bli høyrt er ein rett som blant anna er forankra i FN-konvensjonen for rettane til born.
– I tillegg til å få gjennomslag for ungdomane sine eigne saker, er målet å vise styresmaktene korleis dei kan leggje til rette for born og unge sin medverknad på eit nasjonalt nivå, seier barneombud Reidar Hjermann i ei pressemelding.
LES MEIR OM NASJONALFORSAMLINGA TIL UNGDOM!
Kva meiner du er viktige saker for unge i dag? Skriv i kommentarfeltet nedanfor!