Jens Stoltenberg meiner det, OECD meiner det, regjeringa meiner det. Stort sett alle meiner at meir høgre utdaning fører til høgre vekst og velstand. Det treng ikkje å vera sant for det.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

«Vi vil rusta opp høgre utdaning», skriv regjeringa i Soria Moria og lovar ei mengd nye studieplassar i høgre utdaning dei komande åra – og det jamvel om talet på studentar nesten har fordobla seg her til lands dei seinaste tjue åra. Men som Jens Stoltenberg har sagt det: «Mange saker kan variere i intensitet og betydning, men utdanning er så stort, at det på et hvert tidspunkt er et av de aller viktigste spørsmål for en regjering.»

Regjeringa har tilsynelatande dei fremste utdaningsøkonomane i verda på si side: Førre veke tikka det inn eit nytt e-brev frå Kunnskapsdepartementet: OECD hadde lagt fram den årlege rapporten om korleis det stod til med høgre utdaning i dei rikaste landa. Rapporten er på 470 sider, men konklusjonen til departementet er klår: «myndighetenes budsjetter går i pluss ved å satse på utdanning: Kostnadene til skole- og studieplasser mer enn oppveies av fremtidige skatteinntekter og reduserte trygde­utbetalinger.»

Eller som tidlegare tingmann for SV, NHO-direktør og tidlegare styremedlem ved Universitetet i Oslo Paul Chaffey skriv i bloggen sin: «For staten er det veldig lønnsomt at mange tar høyere utdanning. Det øker statens skatteinntekter og reduserer sjansen kraftig for at man blir arbeidsløs eller trygdet.»

Trygdeeksplosjonen
Når både Stoltenberg, regjeringa, OECD og Chaffey seier at utdaning er så viktig og så lønsamt, så må det kanskje vera det, men spesielt dette med trygd verkar noko underleg. I 1960 var godt under 100.000 nordmenn uføretrygda. Då var det knapt 10.000 universitetsstudentar her til lands. No er studenttalet på Blindern åleine nær 30.000, og vi har 350.000 uføretrygda på toppen av dei 240.000 studentane. Etter studenteksplosjonen som tok av i 1960-åra, har vi altså hatt ein trygdeeksplosjon, som var særleg sterk i 1990-åra. Det treng ikkje å vera ein samanheng mellom dei to storleikane, men det verkar sant å seia litt tvilsamt å hevda at høgre utdaning i seg sjølv gjev ein dramatisk reduksjon i trygda. Kvifor er til dømes dagens lærarar så mykje meir trygda enn lærarane før?

«Men ‘alle’ veit at prestar knapt vert trygda», seier du kanskje no. «Det må då vera ein samanheng?» Kanskje, men om alle desse som i dag er prestar, av ein eller annan hypotetisk grunn ikkje fekk lov til å taka høgre utdaning, er det så sikkert at dei hadde vore like mykje trygda som andre folk utan utdaning? Eller sagt på ein annan måte: Kan det ikkje vera noko hjå dei høgt utdana utover utdaninga som gjer at dei har ein låg trygdefrekvens og høg skatteinnbetaling?

Utdaning er overvurdert
Ei som har liten sans for den verdsomfemnande satsinga på høgre utdaning for slik å få vekst og velstand, er den britiske professoren Alison Wolf. Boka Does Education Matter? Myths About Education and Economic Growth, som ho gav ut i 2002, er klassikaren på feltet og noko av ein bibel for alle desse som ikkje trur at auka satsing på høgre utdaning er svaret på alle problema våre. For som Wolf skriv: «Den enkle éin-til-éin-samanhengen som er så forlokkande for politikarane og kommentatorane våre – utdaningspengar inn, økonomisk vekst ut – finst rett og slett ikkje. Dess­utan: Di større og meir kompleks utdaningssektoren vert, di mindre tydeleg vert tilskotet til produktiviteten.»

I Storbritannia gjorde dei noko heilt særmerkt i verdssamanheng i mars 1958. Ei stor forskargruppe registrerte alle born som vart fødde gjennom éi veke. Med jamne mellomrom vert det henta inn informasjon om alt mogeleg rart frå desse gruppene. I 1995 såg dei på korleis dei som slutta på skulen som sekstenåringar, seinare hadde gjort det i arbeidslivet. Menn som hadde vore gode eller heilt greie til å rekna, hadde vore i arbeidslivet i 19,1 år. Dei som hadde vore svært dårlege til å rekna, hadde arbeidt i 15,5 år – klårt mindre. Den same tendensen fann forskarane når det galdt lesing, og den same samanheng­­en mellom lesing og rekning og arbeidsdeltaking finn vi hjå britiske kvinner.

Altså: Di flinkare skulen gjer borna til å lesa og rekna, di mindre trygding. Og kva gjer dei som er flinke til å lesa og rekna når dei vert vaksne? Dei tek høgre utdaning. Men dei få som er flinke til å lesa og rekna og ikkje tek utdaning, ser heller ikkje ut til å verta overrepresenterte på trygdestatistikken.

Men korleis kjem politikarane og OECD fram til at auka satsing på høgre utdaning er så lønsamt? Det er nokså enkelt: Dei ser på lønsnivået. Di høgre utdaning, di høgre løn. Og som sosialøkonomien lærer oss: Løn vert avgjort av produktivitet, og sidan høgt utdana er høgt lønte, må utdaning ha gjort dei høgproduktive, legg OECD og dei flest andre til grunn. Den samanhengen ser ut til å vera absolutt i alle OECD-landa. Ja, til og med i Noreg og i Danmark, som båe har ein særs sentralistisk og samanpressa lønsstruktur, løner det seg å taka og satsa på høgre utdaning. Det er så lønsamt at nettovinsten for politikarane og samfunnet ved å satsa på utdaning er tre gonger den opphavlege kostnaden, skriv OECD i rapporten sin.

Ein slik tanke, seier Wolf, «er det same som å seia at av di to dispril er bra, må fem vera betre.»

Drep alle advokatane!
Opprørarane i Henrik VI hadde eit særs enkelt politisk program: «Det fyrste vi skal gjera, er å drepa alle advokatane.» Ei av dei best lønte yrkesgruppene i USA er advokatar. Grunna det svært liberale saksøkjingsregimet og dei enorme skadebotutbetaling­ane, har heile det amerikanske samfunnet enorme advokatkostnader, kostnader som OECD gong på gong har åtvara mot, og som OECD seier reduserer den økonomiske veksten og som òg gjer helsetenester altfor dyre. Få vil gå så langt som å gjera det opprørarane til Shakespeare ynskte, men når USA har minst seks gonger så mange advokatar som Japan, må noko vera gale. Men, skriv Wolf ironisk om utrekningane til OECD og andre: «Ein nøye og detaljert nytte-kost-analsye i ein amerikansk samanheng vil måtta konkludera med at den raskaste måten å skapa økonomisk vekst på, er ved å senda alle til næraste juridiske fakultet.»

Sanninga er at det ikkje er nokon enkel samanheng mellom løn og produktivitet. Både Danmark og Noreg har høg arbeidsdeltaking, ein høgt utdana arbeidsstokk og høg økonomisk vekst. I dei aller fleste OECD-land, seier altså OECD, er det meir lønsamt å taka utdaning enn i Danmark og i Noreg. Skulle vi taka OECD på alvor, burde vi med andre ord ha kopiert det amerikanske lov- og advokatsystemet for å få endå høgre vekst. Ja, skriv Wolf, produktivitet har noko å seia for løn, men det som i hovudsak avgjer løna vår, er menneska og institusjonen rundt oss. Ein bussjåfør i Kenya aukar kjøpekrafta si tretten gonger om han flytter til Tyskland; det er langt frå sikkert at han vert tretten gonger så produktiv.

Men om høgre utdaning og den kunnskapen vi får gjennom å utdana oss, ikkje er så avgjerande i alle mogelege saman­hengar, kvifor betaler arbeidsgjevarane dei høgt utdana meir? Vel, det er ein samanheng mellom kognitive evner, IQ og kor hardt du maktar å konsentrera deg, og kor lenge du har utdana deg. Arbeidsgjevarane er ute etter folk som har gode kognitive evner. Høgre utdaning er altså ein indikasjon på at du har noko arbeidsgjevaren treng, men det treng altså ikkje å vera den høgre utdaninga i seg sjølv som har gjeve deg desse evnene, dei kan vera medfødde, eller du kan ha fått dei på eit lægre nivå.

Lesa og skriva og rekna
Då kan vi gå attende til matematikken. Forskarane har sjekka samanhengen mellom matematikkunnskap og løn hjå desse borna som vart fødde i 1958. I England er det slik, eller i det minste var det slik, at ein ikkje måtte taka matematikk gjennom heile gymnaset for å koma inn på visse studium, men, syner funna: Dei som tok matematikk gjennom heile gymnaset, har i gjennomsnitt ti prosent høgre løn kvart år i alle yrke enn dei som ikkje tok matematikk heile vegen. Dette gjeld både i offentleg sektor og i privat sektor. Arbeidsgjevaren tilset doktoren og læraren og juristen på basis av vitnemåla frå universitetet, men han byrjar straks å betala den som har spesialisert seg i matematikk på gymnaset og som han ikkje har sett vitnemålet til, mykje betre.

Sjølvsagt er rekneevner ein indikasjon på høg IQ, men det er òg slik at god reknekunne frå grunnskulen og vidaregåande er ein føremon i seg sjølv. I USA samanlikna ei forskargruppe gymnasvitnemål i 1972 og 1980 og seinare arbeidsinntekt. Dei fann det same som i England, men òg at matematikk hadde vorte endå viktigare for løn gjennom desse åtte åra – gjennomsnittleg IQ auka neppe berre på åtte år, altså er det mykje som tyder på at rekning i seg sjølv er avgjerande. I 2008 gjennomførde ei dansk forskargruppe ei liknande gransking. Danskar som hadde teke matematikk i alle tre åra på gymnaset, hadde 30 prosent høgre løn enn dei som ikkje hadde gjort det.

Subsidier arbeidsplassar
Kva med den tredje verda? Bør ikkje dei satsa på utdaning for å koma opp og fram? Wolf siterer fleire rapportar frå Verdsbanken som faktisk viser at land i den tredje verda som ikkje har satsa på utdaning, har hatt større vekst enn dei som har det. Sør-Korea har satsa enormt på utdaning og hatt enorm vekst. Men Hong Kong har ikkje satsa på utdaning og har òg ein enorm vekst. Egypt var nummer 47 på verdas fattigdomsliste i 1980, i 1995 var Egypt nummer 48. Men frå 1970 til 1995 hadde over 90 prosent vorte innrullerte i grunnskulen, prosenttalet på dei som tok ungdomsskule og vidaregåande hadde gått frå 32 til 75 prosent av årskulla, og talet på dei som gjekk på universitet, hadde vorte fordobla. Både i 1980 og i 1993 var Sveits det rikaste landet i verda. Men «samanlikna med gjennomsnittet for ‘rikmannsklubben’ OECD har universitetsutdaningsratene gjennom dei siste femogtjue åra i Sveits lege på om lag ein tredjedel av gjennomsnittet for OECD», skriv Wolf.

Wolf konkluderer ikkje med at høgre utdaning er bortkasta. Alle samfunn treng særleg innanfor teknologi og naturvitskap særs godt utdana spesialistar. Skal ein få det, bør ein satsa på nokre få og forskingsdrivne universitet, seier ho. Men det kanskje viktigaste for vekst og arbeidsdeltaking er gode basiskunnskapar i rekning og lesing og skriving. Her kan faktisk høgre utdaning vera eit hinder. For di fleire institusjonar for høgre utdaning vi får, di færre akademiske talent får vi i grunn- og vidaregåande skule, og di dårlegare vert undervisinga. Og om høgre utdaning vert for alle, og ingen eliteinstitusjonar vert prioriterte, vert det òg vanskelegare for universitetssystemet å rekruttera dei mest dugande.

Fint det eit alternativ? Ja, seier Wolf. Subsidier arbeidsplassar for unge. «Arbeid no fører til arbeid seinare over heile den utvikla verda.»

I alle høve: Den same regjeringa som vil ha oss til å arbeida lenger, oppmodar ungdomen til å halda seg unna arbeidslivet og heller taka høgre utdaning. Politikk er ikkje lett.

 

LES SAKA I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

Kommentarar

ANNONSE