Forgubbinga kan berge verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

For rike land med aldrande befolkning og mangel på arbeidskraft er det nærliggjande å ty til arbeidsinnvandring for å løyse problemet. I den tredje verda finst det mange som gjerne vil jobbe som sjukepleiarar eller i andre omsorgsyrke i Europa. Men det er fleire problem med den løysinga. Fleire norske samfunnsøkonomar har til dømes åtvara om at fråfallet frå arbeidslivet i somme innvandrargrupper gjer at ein ikkje kan ta for gjeve at arbeidsinnvandring fører til ein stor nettovinst for velferdsstaten.

I tillegg kjem den folkelege skepsisen. Skulle ein verkeleg demme opp for eldrebølgja ved hjelp av arbeidsinnvandring, måtte ein ha auka immigrasjonen radikalt. Er det politisk mogleg, når sjølv den innvandringa vi ser i dag, blir møtt med så sterk motvilje i dei rike landa? Den største arbeidsinnvandringa til Noreg i dag kjem elles frå aust­europeiske land som har sine eigne eldrebølgjer under oppsegling. Polen har til dømes lenge hatt ein av dei lågaste fødselsratane i verda, og polakkane kjem snart til å få god bruk for alle omsorgsarbeidarar dei kan få tak i.

Barn og berekraft
Dessutan: Om vi ser verkeleg stort på dette og tek med toleevna til planeten vår i reknestykket, er heller ikkje arbeidsinnvandring i stor skala til den rike verda noka langsiktig løysing på problemet med aldersbalansen. For om ein ser på trugsmålet frå klimaendringane, eller på den avgrensa tilgangen på fleire livsviktige naturressursar, er det nærast utenkjeleg at kloden og klimaet kan tole sju milliardar menneske med noko som liknar ein vesteuropeisk, nordamerikansk eller japansk levestandard, med det forbruket og den miljøpåkjenninga det ville innebere.
Det er dermed inga berekraftig løysing at den tredje verda skal levere stadig nye millionar av unge, spreke og arbeidsvillige omsorgsarbeidarar til dei rike landa. På sikt bør folketalet i verda ned og ikkje opp, om planeten vår skal halde fram med å vere ein leveleg stad. Sidan 1800 har folketalet i verda auka frå ein milliard til nesten sju milliardar, og det er grunn til å gle seg over at den globale folketalsveksten har minka sidan 1990-åra og kanskje vil stogge heilt opp kring midten av hundreåret.

Ei global eldrebølgje er truleg ein pris vi må betale for å kunne håpe på å få ei berekraftig verd. Og det er da òg den vegen det som regel går når eit land når eit visst velstandsnivå: Barnekulla fell. Dette fenomenet blir mest tydeleg om ein ser på botnen av levekårsrangeringane: Lista over landa med verdas høgaste fødselsratar i dag er nesten identisk med lista over verdas fattigaste land. Eldrebølgja kjem rullande i kjølvatnet av velstanden jorda rundt, frå Sør-Korea til Chile. Og godt er det.

Les meir i Dag og Tid (pdf)!

Faktaboks

Demografi er namnet på studiet av samansetninga og storleiken på folkesetnaden, og utviklinga av denne. Talet på fødslar, døde og flytting (migrasjon) påvirkar den demografiske samansetninga.

Eldrebølga er felles for dei fleste industrialiserte land, og kjem av auka levealder og lågare fødselsrate.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå utgjer  "gledeskullet" frå 1946 fronten av eldrebølga. Aldri er det født så mange i Noreg noko enkeltår. Med dagens standard med 67 år som pensjonsalder tyder eldrebølga dei som blir gamle frå 2013 til cirka 2040.