Fråfall i vidaregåande skule er ei viktig årsak til auken.

mm
Faktaboks

Nesten alle ungdommar startar i vidaregående opplæring etter ungdomsskulen, men etter fem år er det berre rundt 70 prosent som gjennomfører med full studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

LES FAKTALUKK FAKTA

Totalt var det i fjor 28 500 sosialhjelpsmottakarar under 25 år i Noreg, viser tall frå Statistisk Sentralbyrå. Det er ein auke på nestan 3 000 i tilhøve til året før, melder NRK. Kvar fjerde sosialhjelpsmottakar er no under 25 år.

Droppar ut av skulen
I Elverum er no ein av tre som mottek sosialhjelp frå NAV i alderen 18-25 år. Mange av dei hamnar der fordi dei droppa ut av skulen. Margrethe Drolsum frå Elverum er ein av mange unge som har droppa ut av skulen og måtte ha hjelp av NAV.

– Du sit der og nestan tvinnar tommeltottar og lurar på kva du skal gjera på. Du prøver jo å søkja jobbar, men det er ikkje lett når du ikkje har noko ordentleg utdanning eller fagbrev, fortel Margrethe Drolsum til NRK.

Talet på uføretrygda under 29 år har òg auka i stor fart, ifølgje regjeringa. Talet er tredobla og var før sommaren meir enn 11500 personar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27
ANNONSE