Leste ministeren leksa
Mange elevar kjenner seg stae og plagsomme når dei heile tida må mase for å få læremiddel på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NULL
Det forklara ungdomsskuleelev til utdanningsminister sist fredag. Tolv skuleelvar var inviterte til Kristin Halvorsen (SV) på "Kristins time" for å gje innspel på både faglege og praktiske utfordringar i skuleverket, melder lnk.no. Elevane frå Sogndal, Leikanger, Kristiansund, Meldal, Trondheim og Inderøy diskuterte nynorsk, og Olav Sørheim fra Sogn ungdomsskule fortalde at også vidaregåande elevar møter motstand når dei bed om nynorsk læremiddel. Ein jusstudent skal mellom anna ha blitt fortald at nynorske læremiddel ville bli dyrt. "Er det verkeleg så viktig", blei han spurd, ifølgje Olav Sørheim.
Somme av elevane i Kristins time meinte det var viktig å starte tidleg med nynorskundervisning, medan andre helst ville sleppe nynorsken heilt.