Aukande sosiale skuleforskjellar

Karakterar i ungdomsskulen er i aukande grad avhengig av utdanninga til foreldra.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

─ Ut frå eit utjamningssynspunkt er det alvorleg at den enkeltfaktoren som i utgangspunktet har størst tyding for dei faglege resultata til borna, nemleg utdanninga til foreldre, har fått auka tyding dei seinare åra, seier Anders Bakken, forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst (NOVA), velferd og aldring i eit intervju på nova.no.
 
Han står bak ei evaluering Kunnskapsløftet som blir gjennomført på oppdrag for Utdanningsdirektoratet. Prosjektet er avgrensa til ungdomstrinnet.

Aukande tyding
Forskjellane mellom elevar som har foreldre med ulikt utdanningsnivå aukar gjennom ungdomstrinnet.

Sjølv når elevar med ulikt utdanningsnivå har like gode grunnleggjande dugleikar på slutten av barneskulen, oppnår elevar med høgt utdanna foreldre ein god del betre karakterar på slutten av ungdomsskulen.
Analysane tyder på at jenter har større framgang enn gutar på ungdomstrinnet, men det er noko meir usikkert kor store desse skilnadene er.

Frå før er det kjent at jentene gjer det litt betre enn gutane. Kunnskapsløftet har ikkje endra på forskjellane i karakterar.

”Effektive skular” er effektive for alle
På ein del ungdomsskular har elevane mykje større fagleg framgang enn på andre skular.
Analysane viser at «effektive» skular i gjennomsnitt er like effektive for alle elevgrupper, uavhengig av kjønn, utdanninga til foreldre og minoritetsstatus.

─ Dette tyder at skular som oppnår gode resultat for elevane sine, trekkjer opp resultata for alle elevgrupper, seier Bakken.

Har potensiale
Foreldra har mindre å seia for elevane sine prestasjonar på skular der elevane har ei positiv oppleving av læringsmiljøet sitt enn på skular med dårleg læringsmiljø.

─ Analysane tyder på at ungdomsskulane, gjennom å styrkja læringsmiljøet sitt, ikkje berre kan forbetra resultata for elevane sine generelt, men òg vere ein arena for førebygging av sosiale skilnader, seier Bakken.