Verdsmeister


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ikkje i bridge, som er min eigentlege idrett, men i fotball, folkesporten framfor nokon, som eg knapt nok har spela sidan barneskulen. Dette vil overraske mange, for noka stor merksemd er ikkje den norske sigeren vigd i media, endå han for så vidt er sensasjonell, så linn ein fotballnasjon som Noreg har vore dei siste åra. Vel, heilt offisiell var denne meisterskapen knappast, men ikkje di mindre prestisjetung.

Eg og mine gode vener drog til Lódz i Polen for å spela bridge. Dét var for så vidt òg ein verdsmeisterskap, det såkalla VM for universitetslag, som enda med ein heiderleg bronse til Noreg. Men viktigare enn sjølve bridgen, som vara i over ei veke, var sjølvsagt  ballspelet i fritida laurdag ettermiddag. Ikkje alle nasjonane stilte lag, sume føretrekte ei synfaring i tekstilmuseet (!). Men med unnatak av Sør-Amerika, Afrika, Asia, Oseania og Antarktis, var alle verdsdelane representerte. Det fyrste VM i universitetsbridgeball var ein realitet.

Dette hadde jo potensiale til å bli sers interessant. Eg for min del var ikkje veldig aktiv på banen, men gjorde ein likså viktig innsats som trenar/heiajente og øl-/vassberar. Eg ser på meg sjølv som hjernen bak laget. Men spelarane gjorde òg ein dugeleg jobb. Jonny “Ivrig” Hansen er faktisk ein tidlegare eliteseriespelar, som naturleg nok var tyngdepunkt på laget, og kaptein Frank Erik “Betong” Svindahl var òg ein vegg. Sjølv hadde eg den beste åskodarplassen inne ved ein typisk austblokkmur, skåna for det kvasse sollyset, men i stand til å glane og notere. Som venta fekk eg mange av mine verste føredomar stadfesta i denne tevlinga. I fyrste runde møtte vi dei skråsikre yankeeane, som sjølvsagt hadde vedda på siger, tallause zloty og tallause øl. Diverre fekk dei stryk, heile 7-2 vart stillinga til slutt, favør Noreg. Men dei var då iallfall sportslege nok til å innsjå nederlaget. Verre var det med vertsnasjonen, som vi møtte i neste runde. Det var ein jamnare batalje, med heller aggressiv speling frå båe sider. Polakkane leika ikkje butikk, det var tydeleg, for dei var dette alvor. “Remember where you are,” sa den eine, etter ei serleg knallhard takling. Det var mord i blikket hans. Vi våga ikkje meir enn uavgjort, dessutan var domaren korrupt. Men det heldt til finale mot Frankrike, som spela ein artistisk og sers feminin fotball. Noreg vann som venta, 2-0. Så var det fram på banen til fotografering og sjampanje. Polakkane var allereie gått i protest, og nokon såkalla heider skulle ein saktens sjå langt etter. Men velnøgde var vi alle i hop, serleg eg.

Når den neste verdsmeisterskapen går av stabelen i Kaohsiung, Taiwan, 2010, satsar vi på litt større deltaking, serleg frå våre vener asiatane. Kina og Taiwan spela båe bridge i Lódz, men valde altså tekstilmuseet framfor fotballen denne gongen. Ein av dei belgiske spelarane hadde fått med kinesarane på byen ein av dei fylgjande kveldane, noko han ikkje tykte gjekk så bra. Dei var visstnok vanskelege å kommunisere med. “The Chinese are vegetables,” hevda han i ettertid. Det er eit synspunkt eg ikkje sjølv deler, ettersom eg faktisk er glad i Orienten og spår våre kinesiske brør ei stor framtid innan det aller meste, også ballspel. Men det var jo artig å høyre, må eg medgje, at belgiaren hadde spurd dei om dei deltok i fotballen, berre for å ha noko å snakke om. “Yes, yes!” sa dei med sin sereigne iver, noko som altså var blank løgn. Vel, eg for min del lyg ikkje, det er faktisk sant, eg er verdsmeister i fotball. Ver så snill og gratulér meg.