Trappar opp kampen mot fråfall
Regjeringa løyver 175 millionar meir til å motverka fråfallet på vidaregåande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me føreslår å løyve om lag 425 millionar kroner til målretta tiltak for dette i 2011, ei styrking på 175 millionar kroner i forhold til 2010, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i ei pressemelding. Ho understrekar at fullført vidaregåande opplæring er heilt avgjerande for at ungdom skal stå godt rusta i møtet med arbeidsliv og vidare utdanning.
Ny GIV og fleire læreplassar
Av det totale beløpet på 425 millionar kroner blir det foreslått å setje av 175 millionar kroner til satsinga Ny GIV (Gjennomføring i vidaregåande opplæring). Midlane skal mellom anna brukast til tiltak retta mot overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, til å gi eit etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og til å betre yrkesrettinga av den vidaregåande opplæringa.
Regjeringa foreslår at det innanfor løyvinga til Ny GIV òg blir løyvd 10 millionar kroner til lærlingar med særskilde behov. Det blir i tillegg foreslått å vidareføre satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande ferdigheiter i vidaregåande opplæring.
Den mellombelse ordninga med auka tilskot til lærebedrifter blir foreslått vidareført på same nivået som i 2010, på til saman 195 millionar kroner.
Forventar pengar til fleire lærarar
– Dette synst me er positivt. Me er også veldig opptatt av å redusera fråfallet i vidaregående opplæring, og dette kan bidra til det. Me trur dessutan at fleire lærarar i skulen og ein lovfesta minstenorm for lærertettleik også vil bidra til å få fleire elevar til å fullføra – fordi dei då får betre oppfølging og tilrettelagt undervising, både i grunnskulen og i vidaregående opplæring, seier Mimi Bjerkestrand, leiar i Utdanningsforbundet i ei pressemelding.
Ho understrekar at det ikkje er sett av pengar til å auka lærartettleiken i dette budsjettet, og forventar at arbeidet med å få dette på plass startar no.
Regjeringa møter også utolmodige blant sine eigne. AUF krev også fleire lærarar. Og:
– Framleis kan det gjerast meir for yrkesfagelevane, seier Martin Henriksen til auf.no.