Lærer meir med fysisk aktive mattetimar
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fysisk aktivitet bra for mattelæring
Elevar som har fysisk aktivitet i timen blir meir oppmerksame, hugsar betre og vert meir sosiale, og effekten er særskilt stor i matematikk, skriv Forskning.no.
LES OGSÅ: Er dette Noregs mest aktive skule?
Førebelse resultat frå doktorgradsarbeidet til Silje Eikanger Kvalø ved Universitetet i Stavanger, syner at det er ein samanheng mellom kor uthaldne elevane er, forståinga deira og resultatet frå nasjonale prøvar i matematikk.
Det er gjort undersøkingar ved å innføre fysisk aktivitet i andre fag enn kroppsøving. Ni skular var med i prosjektet, der fem av dei innførte fysisk fagaktivitet, medan fire var kontrollskular.
Kvalø forklarer korleis fysisk aktivitet har betydning for forståing.
LES OGSÅ: Nytt prosjekt skal få fleire til å lika gym
– Når vi er fysisk aktive skjer det ting i hjernen vår som også har betydning for forståing, mellom anna strøymer det meir blod til hjernen og talet på nerveceller i hjernen aukar. Det vert også fleire forbindelsar mellom hjernecellene, seier Kalvø.
Dei ulike skulane som var med i prosjektet starta med aktivitetar i skulegarden i undervisninga i matematikk, samfunnsfag og andre teorifag. I tillegg til andre danse- og musikkaktivitetar fekk også elevane kroppsøvingslekse kvar dag.
Dette er eit relativt nytt forskingsområde, og mesteparten av tidlegare forsking på området har dreidd seg om korleis fysisk aktivitet påverkar hjernefunksjonane. Forskinga til Kvalø viser mellom anna at fysisk aktivitet også verkar på psykologiske og sosiale faktorar som kan føre til betre faglege prestasjonar. (©NPK)