Dysleksivenleg skule

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har tatt oss fleire år, og vi har jobba hardt og målretta mot dette, fortel ein stolt rektor ved skulen.

– Det var veldig bra læringsmiljø her før, men no er det blitt endå betre, fortel Mathias Nyhammer Haugen (9).

Han er også stolt av skulen sin.

LES OGSÅ: Den digitale skulen er nær

For å gjera skulen meir dysleksivenleg, er mange hjelpemiddel tatt i bruk. Mellom anna blir det lagt opp til at mykje av undervisninga går føre seg visuelt. Dette kan ein eksempelvis sjå på vekeplanane til elevane. Dei er fylt av mange bilde og lite tekst.

– Den visuelle tilnærminga kjem alle elevane til gode, ikkje berre dei som har dysleksi, fortel rektor Lena Otterbu Fyllingen.

Ifølgje dysleksiforbundet sine nettsider er det berre 14 skular i Norge som har fått utmerkinga.

Smartskjermar
Klasseromma er utstyrt med smartskjermar som gjev fleire moglegheiter til ei visuell tilnærming, og no skal skulen gå til innkjøp av nye datamaskiner.

– Det er klart at det kostar litt pengar, men det er ei prioritering som skulen har vald å gjera, seier rektor.

Det er ikkje berre enkelt å verta utmerkt som dysleksivenleg. Det krev fleire år med arbeid, og for å klara krava er skulen nøydd å oppfylle 12 kriterium.

LES OGSÅ: Den stille skulereforma

Handlingsplan
Eit av hovudkriteria er at skulen må laga ein handlingsplan for arbeidet med lese- og skrivevanskar, og alle elevane ved skulen må kartleggjast ein gong i året Samstundes må også skulen ha implementert eit antimobbeprogram, og eit konfliktråd for handtering av små og store usemjer.

Gode dataprogram for betre læring må takast i bruk, og på det pedagogiske plan forpliktar skulen seg til å nytta dysleksivenlege metodar. Dermed har og lærarar måtte gå på kurs.

– Arbeidet med å bli dysleksivenleg har lagt grunnlaget for ei total systemendring hjå oss, og tatt skulen fleire år. Men no ser vi at det kjem alle elevane til gode, og ikkje berre dei med lese – og skrivevanskar, seier Otterbu Fyllingen.

Ho er nytilsett som rektor på skulen, og rosar sin forgjengar for å ha gjort størstedelen av jobben.

– Eg kom inn her til duk og dekka bord seier ho.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegensaren

Les saka i Nordhordland!