Dette er historia om regnbogeflagget.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Det er juni og rundt om i landet og verda kan ein sjå regnbogeflagg i vinduskarmar, utanfor kommunehus, i paradar og demonstrasjonstog, på klede og armbånd og i logoar – både kommersielt og ikkje-kommersielt. Eit symbol som skal fortelle at «her er du trygg uansett legning og kjønnsidentitet».

I år som tidlegare har me kunna lese saker om at regnbogeflagget skapar debatt, og at somme vel å stela og øydeleggja flagga.

Men kva betyr flagget eigentleg, og korleis vart det til?

Om ein søker på Google eller TikTok er det stort sett ei historie som kjem opp: Gilbert Baker, kunstnar, dragartist og tidlegare soldat, fekk oppdraget av eit anna skeivt ikon: Harvey Milk (1930-1978), som vart folkevald året før og var ein av dei første ope skeive politikarane USA.

Bestillinga kom i 1977, etter eit år med store kampar for skeive rettar og motbør frå det kristenkonervative miljøet i Florida og California.

Bakteppet: Framsteg og tilbakeslag

I 1977 fekk Dade County i Florida ei lov som gjorde det ulovleg å diskriminere med bakgrunn i seksuell orientering når det kom til jobb, husvære og offentlege tenester. Ei gruppe konservative kristne tok til motmæle og lagde kampanjen «Save Our Children» og meinte lova gjorde at dei ikkje hadde lov til å lære barna om bibelsk moral. Dei framstilte mellom anna homofile som perverse og pedofile.

Eitt av stunta var ein reklamevideo der dei viste bilete frå San Fransisco sin Gay Freedom Day Parade i California. I videoen hevda dei at fylket ville bli til ein «arnestad for homoseksualitet» der «menn..leiker med små gutar». 

Sjølv om det skeive miljøet mobiliserte stor motstand, slo bodskapen til Save Our Children an. I eitt av vala med størst oppmøte i historia til Dade fylke, stemte 70 prosent for å oppheve lova. Liknande skjedde i fleire fylke og borgarrettslover vart oppheva utover i 1977 og inn i 1978. 

John Briggs, senator i California, utnytta krafta frå dei kristenkonservative og la fram eit lovforslag om å forby homofile og lesbiske (og alle som støtta skeive) frå å vere lærarar på offentlege skular i heile California. Samstundes var det fleire angrep på skeive i Castro, eit skeivt nabolag i San Fransisco. 21. juni 1977 vart 33 år gamle Robert Hillsborough drepen med 15 knivstikk, mens ein gjeng stod rundt han og ropte «Faggot!». Berre ei veke tidlegare hadde Briggs halde ein pressekonferanse i San Fransisco City Hall, der han kalla byen for ein «seksuell boshaug» på grunn av homofile.

Nokre veker seinare møtte om lag 250 000 opp i Pride-paraden i San Fransisco. Aldri før hadde så mange delteke på eit pride-arrangement.

“Never Again! Fight Back!” (1978). Ein av plakatane i kampanjen "No on Six campaign". 6 var lovforslaget frå Briggs. | Foto: GLBT Historical Society.

Politikar Harvey Milk var pådrivar i mange av demonstrasjonane og oppropa mot dei kristenkonservative. Dei fekk stoppa lovforslaget til Briggs, og hausten 1977 vart han valgt inn i California State Assembly. Med det vart han ein av dei første opne skeive politikarane i landet og fekk også ei nøkkelrolle då regnbogeflagget vart skapt.

Idéen om eit regnbogeflagg

Før regnbogeflagget kom til, var det vanlegaste symbolet for den skeive kampen ein rosa trekant. Dette symbolet kom opphaveleg frå nazistane som brukte det til å identifisere og forfølge skeive. På 70-talet forsøkte nokre å ta symbolet tilbake som eit minne om dei som var blitt drepne og forfølgde.

Akkurat korleis flagget og regnbogesymbolet faktisk vart til, er noko uvisst. Det me veit heilt sikkert er at det vart laga på det skeive samfunnshuset i San Fransisco, til Pride-paraden i 1978.

Den mest kjende historia er at Harvey Milk visste at verda ville ha augene på San Fransisco under dette årets pride-parade. Han bestilte difor eit nytt fellessymbol for skeive, frå vennen sin Gilbert Baker. Milk var den første folkevalde i California som var ope homofil, og oppfordra tydeleg andre skeive til å vere synleg og leve fritt som seg sjølv.

– Me trengde noko vakkert og noko frå oss. Regnbogen er så perfekt fordi det passar vårt mangfald med etnisitet, kjønn, alder og alt dette. Pluss at det er eit naturleg flagg, frå himmelen! fortalde Baker i eit intervju med MoMa i 2015 om historia bak regnbogeflagget.

Vidare fortalte han at han var inspirert av flagginga og feiringa under USA sitt 200-årsjubileum i 1976, og begynte å legge merke til at det amerikanske flagget var over alt: ikkje berre på flaggstenger, men òg på måleri, jeans og små gjenstandar.

– I tillegg handlar flagg om å uttrykke makt, så det er veldig passande, sa han.

Baker tok med bestillinga til det skeive samfunnshuset i San Fransisco, og saman med stoff-fargar og syar Lynn Segerblom (som gjekk under namnet Faerie Argyle Rainbow på 70-talet), syar James McNamara og om lag 30-100 frivillige, laga dei det originale regnbogeflagget.

Segerblom hadde ansvaret for å farge stoffet, og meiner på si side at det var ho som kom på idéen om regnbogeflagget, for å lysne opp det gråe rådhuset med fargar, og at dekorasjonskomitéen til paraden var dei som tok kontakt med Harvey Milk for å få økonomisk støtte.

– Regnbogen representerer alle, uavhengig av kjønn og etnisitet. Det var sånn eg såg på det, sa ho i eit intervju med The LGBTQ History Project.

Eit dugnadsprosjekt

Dei fekk 1000 dollar til prosjektet, og laga to gigantiske flagg på 12 x 18 meter på 25 meter høge flaggstenger til FN-plassen i San Francisco, i tillegg til 18 mindre flagg designa av ulike, lokale kunstnarar.

Dei handfarga alt stoffet. Utan varmt vatn måtte dei koke opp vatn i kjelar, og blande fargane ut i store søppelbøtter. I etasjen der Segerblom hadde sitt systudio vart det for lite plass, så dei flytta arbeidet opp på taket på samfunnshuset.

– Me varma vatnet i 3. etasje og bar det med oss i kjelane til 4. etasje og så opp på taket, kasta det i søppelbøttene saman med kaldt vatn, blanda det med farge, salt og natriumkarbonat og rørte og rørte og rørte, fortalde Segerblom til BuzzFeed i 2020.

Maskineriet kravde mange frivillige: nokre til å stryke stoffet etter det var vaska og tørka, hjelpe dei som sydde, hjelpe med fargebøttene, springe til vaskeriet og koke vatn og bere det. Det er uvisst nøyaktig kor mange frivillige som deltok.

Då flagga var ferdige, måtte det tre vaksne til for å bere eitt av dei to største flagga, ifølgje Segerblom. Det var to ulike design: eitt med åtte fargar i regnbogestil, og eitt med fargane snudd på hovudet og eit hjørne med ein blå firkant med kvite stjerner på: slik som det amerikanske flagget. 25. juni 1978 vart flagga for første gong heist, under Pride-paraden i San Franscisco.

Åtte originale fargar

Ifølgje Baker var målet og tanken frå første stund at dette skulle symbolisere den globale menneskerettskampen. Difor vart dei to første flagga, heist for første gong på FN-plassen i San Fransisco-sentrum.

For Baker representerte fargane i flagget samhald, sidan skeive er representerte innanfor alle demografiske kategoriar.

Det opphavelege flagget hadde åtte fargar som Baker gav meining: knallrosa for sex, raudt for liv, oransje for lækjedom, gult for solskin, grønt for natur, turkis for kunst, indigo for harmoni og fiolett for sjel.

Flagget vart meir kjend etter at Harvey Milk vart drepen av ein kollega, ein annan politikar, seinare same år. Under paraden i 1979, der Harvey Milk vart minna, bestemte paradekomiteen seg for å dele flagget i to, med ein halvdel på kvar side av paradegata. For å kunne dele flagget i to like store delar, vart den turkise og den indigo stripa slått saman til kongeblå. Dette gav opphav til dagens mest brukte variant, som har seks striper. Frå før hadde den knallrosa fargen blitt fjerna fordi det var vanskeleg å få tak i til masseproduksjon.

– Me er alle inkluderte

Sjølv om det nøyaktige opphavet til flagget og fargane kanskje alltid vil vere uvisst, kom det frå det skeive samfunnshuset i San Fransisco og Gilbert Baker gjorde det til si livsoppgåve å spreie flagget. Etter det først vart hengt opp i 1978 vart dei store flagga på FN-plassen stolne. Tidleg på 80-talet vart skeive i USA og resten av verda ramma av AIDS-epidemien.

Baker gav seg ikkje og tok med seg designet til Paramount Flag Company for å masseprodusere det, og han haldt fram med å reise rundt i verda og spreie flagget resten av livet. I 1994 fekk flagget eit nytt stort gjennombrot då Baker laga eit meir enn 1,6 km langt flagg, i samband med 25-årsjubileet for Stonewall.

Det er uvisst akkurat når flagget kom til Noreg, men det finst bilete av regnbogeflagget frå 1980-talet, og frå 90-talet var det vanlegare i bruk enn den rosa trekanten.

Sjølv om flagga vart stolne, og designet har blitt endra, så betyr det framleis det same, ifølgje Segerblom:

– Me er alle inkluderte, alle. Uansett kven du er, kva du er, det speler inga rolle. Ein regnboge er eit symbol for glede, venleik, farge, lys og det er det det betyr for meg.