Juni er pride-månaden. Framtida.no sine meldarar har sett saman ei liste av ulike filmar, seriar og spel som viser noko av mangfaldet.

Ola Birgitsønn Vik, Jenny Lund, Rakeb Erana
Publisert

Her er 9 gode tips til pride:

Bottoms (Emma Seligman, 2023)

Bottoms handlar og to high school-jenter som lagar ein «fight club»-klubb på skulen for å liggja med cheerleaderane. Det som følgjer er ei veldig morosam, og ganske valdeleg, historie om skeiv kjærleik.

PJ og Josie er bestevenner og desidert ukule. Etter ei rekkje uventa hendingar, endar dei opp med å lyga på seg ei mørk forhistorie, om ein sommar i fengsel. I eit forsøk på å kapitalisera på denne påtekne identiteten, startar dei ein sjølvforsvar-klubb for jenter. Planen går som dei håpa, og dei finaste av cheerleaderane byrjar i klubben. Filmen er ikkje ein «coming out»-historie, men ein lettbeint og surrealistisk film med skeive karakterar i fokus.

Eg er ikkje den største tilhengjaren av high school-filmar. Bottoms skil seg ikkje ut ved å unngå klisjeane, men med å høgna dei alle så mykje dei kan. Fotballgutane blir forguda og et lunsj ved eit bord som minner om Jesu siste måltid, og småleg nabodrama endar med eit sverd gjennom hjartet. Filmen klarer å balansera dette med realistiske forhold, for ei variert sjåaroppleving.

Karakterane er sjarmerande, historia engasjerande, og ikkje minst er filmen veldig artig. Eit friskt pust i high school-sjangeren, sett med eit skeivt blikk og med mykje herleg neve-til-neve action.

Kor: Prime Video

– Ola Birgitsønn Vik


 

Blue Jean (Georgia Oakley, 2023)

Året er 1988, og i Thatcher sitt Storbritannia må gymlæraren Jean leva eit liv delt i to: Eitt som lærar, og eitt som lesbisk. Kjærasten hennar Viv har sagt seg ferdig med all skam, og vil leva så opent som mogleg. For Jean vert det derimot vanskeleg å rive seg laus frå andre sine reaksjonar, spesielt i frykt for korleis det kan påverka jobbsikkerheita hennar. Muren ho har bygga mellom privatlivet og jobben slår derimot sprekkar når ein trøblete elev finn ut kva Jean har halde skjult.

I 1988 vert Section 28 introdusert i Storbritannia – ei lov som forbydde «promotering av homoseksualitet». Dette er det historiske bakteppet for Blue Jean, og det er eit som gir gjenklang sjølv i dag, blant anna når ein ser på anti-LBHT-lovane som tek tak i Florida. Likevel unngår regissør Georgia Oakley at filmen berre vert tung og trist. Det er nemleg også ei nydeleg forteljing om å akseptera seg sjølv og å finne sin plass, sjølv når det er vanskeleg, brakt til liv av eit karaktergalleri som er like velspelt som det er komplekst.

Kor: Filmoteket (gratis strøyming), Viaplay, Strim, Cineast (strøyming), Google Play, SF Anytime, Blockbuster, Apple TV, Rakuten TV (leige/kjøp)

– Jenny Lund


 

Doukyusei: Classmates (Shōko Nakamura, 2016)

Doukyusei: Classmates frå 2016 er ein vakker high school-kjærleiksforteljing om to heilt ulike menneske som fell for kvarandre. I utviklinga av kjærleiken mellom hovudkarakterane Rihito Sajō og Hikaru Kusakabe er filmen tolmodig og delikat. Filmen er ei kjenslefull oppleving av ein varm vårdag under kirsebærtre.

Doukyusei: Classmates er basert på ein manga med same namn, og er skriven av Asumiko Nakamura. For denne filmatiseringa er det Shōko Nakamura som er regissør, og har med seg Hiroshi Kamiya og Kenji Nojima som stemmeskodespelarar for Hikaru Kusakabe og Rihito Sajō.

Filmen finn stad på ein guteskule. Elevane Rihito og Hikaru er stikk motsett av kvarandre – Rihito er ein stille skuleflink elev, medan Hikaru er utåtvendt, sosial og ikkje særleg flink med skulearbeid. Når Rihito får i oppgåve å gjeve kortimar til Hikaru byrjar romansen deira å sprudla.

Regissør Nakamura har klart å laga ein koseleg atmosfære som etterliknar romansen til hovudkarakterane – animasjonen, bruken av fargar, lyd og lys og lydbilete byggjer denne stemninga. I tillegg er karakterane sårbare og komplekse, ein blir enkelt knytt til dei.

Doukyusei: Classmates er den perfekte feel-good filmen. Dersom ein treng å mimra tilbake til ungdomsåra og romantisera denne perioden er Doukyusei: Classmates eit godt val.

Kor: Amazon (leige)
– Rakeb Berhanu Erana

Strøymetenesta Dropout.tv

Dette er kanskje eit rart val i ei filmliste, men Dropout har noko av den beste representasjonen av skeive skaparar eg har sett.

Dropout er strøymetenesta til Collegehumor, ei bedrift med lang erfaring med å laga humorprogram på internett. Her kan du sjå alt dei har laga før, og dessutan nye program som TTRPG-programmet Dimension 20 og det kaotiske gameshowet Game Changer.

Ein god stad å starta i pride-månaden er Bachelor-episodane av Game Changer; ein biseksuell versjon av det kjende reality-formatet. I tillegg er han veldig morosam, og kastar ikkje bort tida di på fabrikkert drama. Men uansett kva du ser på er det nesten garantert nokon skeive framfor og/eller bak kamera.

Dropout gjer masse for skeiv representasjon ved å la alle få vera seg sjølv. Alle introduserast med pronomen saman med namnet sitt, og seksualitet og kjønnsidentitet snakkast om med den største sjølvfølge. Dropout kjennest verkeleg som ein trygg stad for alle i LGBTQ+ miljøet.

Kor: Dropout.tv

– Ola Birgitssønn Vik


 

Parting Glances (Bill Sherwood, 1986)

Michael og Robert ser ut til å vera lykkelege samen i heimen deira i New York City, men forandringar er på veg. Mens Robert førebur seg til eit toårig jobbopphald i Afrika, brukar Michael mykje av tida si til å sjå til ekskjærasten Nick. Han er AIDS-sjuk og veit ikkje kor lenge han har igjen, men ser ut til å ta livet med ei uvanleg ro. For Michael, som framleis held han nær hjartet sitt, er sorga vanskeleg å svelga. Robert forlèt landet om to dagar, og i møte med båe venar, elskaren og sine eigne kjensler må Michael finne dei rette orda, før det vert for seint.

Parting Glances er den einaste filmen som regissør Bill Sherwood rakk å laga før han døydde av AIDS-relatert sjukdom i ein alder av 37 år. Det er kanskje noko av grunnen til at nettopp denne filmen står igjen som ein av dei mest unike som tek for seg sjukdommen. I det homofile miljøet Sherwood skildrar, er AIDS ein del av livet, noko som ein må akseptera. Det gjer det ikkje mindre trist, men det vert meir menneskeleg. Som regissør og manusforfattar er han ikkje opptatt av å appellera til ein heterofil majoritet, men å vise til opplevinga av sjukdommen i dei samfunna han ramma hardast i den vestlege verda. Trass det har filmen alltid eit glimt i auget, ikkje ulikt den spøkjefulle Nick, som forresten er spelt av ein skummelt ung Steve Buscemi i ein av hans første roller.

Kor: Plex (gratis strøyming)

– Jenny Lund


Thirsty Suitors (2023)

Det her er heller ikkje ein film, men «Thirsty Suitors» er eit perfekt spel til pride.

Du spelar som Jala, ei biseksuell jente med indiske røter som ikkje har vore heime på mange år. Spelet startar med at du kjem heim til den vesle bygda di for å feire søstera sitt bryllaup. Her brukar du tida på å skate, lage mat, løyse opp i konspirasjonsteoriar, og viktigast av alt, konfrontera familie og ekskjærastar.

Historia utforskar Jala si bakgrunn, forventningar frå familien og ekskjærastane sitt forhold til din og sin eigen seksualitet. Spelet er ei veldig god skildring av korleis det er å vera skeiv i dag, spesielt med minoritetsbakgrunn.

Karakterane er høgdepunktet i spelet. Alle forhalda til Jala er realistiske, og du kjenner verkeleg at du får bli kjend med dei. Spelet har eit veldig smart kamp-system, som blandar pokémon med emosjonelle samtalar med eksane dine. I tillegg har spelet ein heilt kanon estetikk.

Det som høyrest ut som ein litt teit, «Scott Pilgrim»-klone, enda opp med å vere eit av mine favorittspel eg har spelt i år. Aldri før har eg vore så emosjonell medan eg har skata.

Kor: «Thirsty Suitors» kan du finna på alle moderne konsollar og på PC, og kostar rundt 300kr.

– Ola Birgitsønn Vik


 

She-Ra and the Princesses of Power (ND Stevenson, 2018-2020)

I denne moderne framsyninga av den berømte 80-tals superheltfiguren She-Ra er skeivheit eit sentralt tema – serien byr på ei skeiv forteljing som ingen seriar, ikkje minst barneseriar, har fortalt før.

She-Ra and the Princesses of Power byrja i 2018 og avslutta med sin siste sesong i 2020. Serieskaparen ND Stevenson, som er ikkje-binær, legg stor vekt på å skapa ein skeiv serie som er fryktlaus i seg sjølv.

Stemmeskodespelarane Aimee Carrero, AJ Michalka og Karen Fukuhara gir oss uforgløymelege framføringar som Adora (She-Ra), Catra og Glimmer, og levandegjer desse ikoniske karakterane.

I She-Ra and the Princesses of Power følgjer vi Adora og bestevenninna hennar Catra i den dystopiske Fright Zone, styrt av Hordak. Dei to veks opp som hjernevaska soldatar for Hordak sin tyranniske hær på Etheria. Når Adora oppdagar ho kan bli den mektige prinsessa She-Ra med eit magisk sverd, sluttar ho seg til rebellane for å kjempe mot Hordak sitt tyranni.

Denne framsyninga av She-Ra er utruleg nyansert med djupe karakterar, handlingar og ein klar raudtråd gjennom heile serien. I tillegg gjev serien oss skeive karakterar som er komplekse, og spelar ikkje inn på skeive stereotypiar eller tonar ned skeivheita til karakterane. Dersom ein ynskjer å sjå ein hjartevarmande magisk forteljing med skeive karakterar ein forelskar seg i, må ein få meg seg She-Ra and the Princesses of Power.

Kor: Netflix
– Rakeb Berhanu Erana

Funeral Parade of Roses (Toshio Matsumoto, 1969)

Homsebaren Genet i Tokyo er stamstaden til eit interessant klientell, og arbeidsplassen til ein like spennande stab. Blant dei som jobbar der er den vakre og populære Eddie, som hamnar i trøbbel med baren sin ‘madam’, Leda, då vedkommande sin kjærast innleier eit forhold til Eddie. Funeral Parade of Roses følgjer baren og folka som held til der, båe til kvardag og i krise, samtidig som laga prellast av Eddie si gåtefulle fortid.

Å gi ei skikkeleg beskriving av Toshio Matsumoto sin magnum opus frå den japanske nybølga er ikkje enkelt. Det er ein film som ofte kjenst meir ut som ei rekkje inntrykk enn ei alminneleg handling, som ikkje er så uvanleg for kunstfilmar, samtidig som eit mørkt, blodig narrativ, sterkt inspirert av greske tragediar, lurar i bakgrunnen. Det er også ein film som om ein kultur og periode då omgrep og identitetar knytt til seksuell orientering var langt meir diffuse. Karakterane her er alle del av ‘gay boy’-kulturen som fanst i Tokyo på den tida, uavhengig av kjønnsuttrykk og orientering, noko som nok er båe interessant og uvant for ein moderne sjåar.

Kor: Mubi, Cineast (strøyming), Google Play, SF Anytime, Blockbuster, Apple TV (leige/kjøp)

– Jenny Lund


 

But I’m a cheerleader (Jamie Babbit, 1999)

But I’m a Cheerleader er ein kultklassikar, og utruleg føre si tid. Allereie i 1999 problematiserte filmen konverteringsterapi og brukte satire til å fortelja om skeive menneska sine opplevingar på ein ny og unik måte.

Jamie Babbit skreiv But I’m a Cheerleader, og regisserte han. I hovudrolla har me Natasha Lyonne som Megan Bloomfield, og Clea DuVall som Graham Eaton. Resten av rollebesetninga består av Melanie Lynskey, RuPaul og Eddie Cibrian.

Megan er ein 17 år gamal cheerleader med eit typisk high school-liv, men dette endrar seg når foreldra hennar, saman med vennane hennar, antydar på at ho er lesbisk og tvangssender ho til eit konverteringsterapisenter for å kurera seksualiteten hennar. Konverteringsterapien fungerer ikkje som venta, og Megan må finne ut av kven ho er.

Den aller beste delen av denne filmen er komedien – humoren og referansane gjennom heile filmen er utruleg morosame. Filmen klarar å balansera alvoret i tematikken med komedien slik at sjåaren får ei djup og nyansert framstilling av det å vera skeiv på den tida. Ikkje minst er slutten på filmen utypisk for ein skeiv film frå den tida – noko som gjer den endå meir forfriskande.

Sjølv om But I’m a Cheerleader er ein film full av humoristiske vitsar og referansar, tar den òg opp eit alvorleg tema på ein djuptgripande og menneskeleg måte. Dette gjer at filmen sit att i minnet lenge etter at ein har sett ho.

Kor: Apple TV
– Rakeb Berhanu Erana