Nora (14) om flyktningvedtak: – Skamma meg over å vere fitjarbu

Nora Jæger Thorland meiner vedtaket til Fitjar kommune om å berre ta imot flyktningar frå Ukraina er rasistisk. Det avviser ordføraren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dagen det kom ut skamma eg meg over å vere fitjarbu. Det følast flaut at bygda eg kjem frå skal vere sånn.

Nora Jæger Thorland går i 9. klasse på Rimbareid skule i Fitjar. I mars vedtok kommunen hennar at dei berre vil ta i mot flyktningar frå Ukraina. Det synest 14-åringen, som er nestleiar i Sunnhordland AUF, er diskriminerande.

– Det er jo stereotypisk at ei lita bygd har fordommar, men eg og mange andre her meiner det ikkje er sånn det skal vere.

– Rasistisk

Difor arrangerte Sunnhordland AUF saman med Norsk Folkehjelp Sunnhordland ein demonstrasjon mot vedtaket 6. mai framføre rådhuset på Fitjar.

– Eg og heile Sunnhordland AUF meiner det er totalt uakseptabelt. Vi trur ikkje at personane bak vedtaket personleg er rasistar, men eit sånt vedtak er rasistisk. Definisjonen på rasisme er forskjellsbehandling grunna etnisitet, og det er det vi ser i vedtaket.

Kommunestyret vedtok å ta i mot 25 flyktningar, som alle skal vere frå Ukraina. Kommunen presiserer til NRK at det ikkje handlar om etnisitet, men om kapasitet og at Fitjar er ein liten kommune med i underkant av 3200 innbyggjarar.

– Eg tenker at det held rett og slett ikkje. Eg synest heller ikkje at dei i vedtaket forklarar godt nok kvifor det vil vere så stor forskjell å ta inn berre éin etnisitet, seier Thorland på telefon til Framtida.no.

Ho legg til at det uansett vil koste kommunen å ta imot flyktningar.

– Men på grunn av våre grunnverdiar meiner eg vi må gjere det.

Forskjellsbehandling

14-åringen har inntrykk av at kommunestyret meiner det er ekstra viktig å hjelpe ukrainarar på grunn av krigen, men tenkjer sjølv at det blir feil å berre prioritere dei.

– Vi ser i bygda at det ofte skjer at flyktningar blir forskjellsbehandla og at dei ukrainske får fleire gode, og eg synest det er urettferdig.

Til markeringa mot vedtaket, hadde ungdomspartiet og Norsk Folkehjelp Sunnhordland invitert både ordførar Wenche Tislevoll (H) og varaordførar Sigurd André Maraas (Frp). Nora Jæger Thorland er skuffa over at verken dei eller fleire av sambygdingane møtte opp.

Ho heldt sjølv ein appell under markeringa.

«I eit kommentarfelt på Facebook skriv ordførar Wenche at det er lettare å ta i mot flyktningar frå Ukraina fordi dei kjenner vi, men kva betyr det, Wenche? At vi kjenner stereotypen av ein ukrainsk flyktning? Sånne haldningar er med på å generalisere folkegrupper og er utruleg urovekkande å høyre frå vår eigen ordførar», sa 14-åringen.

Ugyldig i Drammen

Ordføraren har tidlegare avvist å behandle saka på nytt, men Thorland håpar likevel vedtaket kan bli endra.

– Vi såg jo at det blei gjort eit liknande vedtak i Drammen og det blei stroke fordi det var ulovleg, så eg har tru på at det vil føre fram.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken konkluderte med at punktet om at flyktningane i Drammen skal vere ukrainarar strir med diskrimineringsforbodet i Grunnlova og likestillings- og diskrimineringslova.

«Vi mener at denne delen av vedtaket innebærer en direkte forskjellsbehandling basert på nasjonalitet, og at forskjellsbehandlingen ikke har et saklig formål», heiter det frå statsforvaltaren, som slår fast at delar av Drammen-vedtaket er ugyldig.

Antirasistisk Front har politimeld Fitjar kommune for brot på straffelova, diskrimineringslova og Grunnlova, noko Nora Jæger Thorland håpar vil bere frukt.

Ordførar: – Vel grunngjeve sak

Ordførar i Fitjar kommune Wenche Tislevoll skriv til Framtida.no at det er svært sårande at vedtaket blir kalla rasistisk.

– Dette er ei vel grunngjeve sak frå administrasjonen, som ikkje i det heile tatt har nokon rasistiske motiv eller meiningar.

Ho minner om at det i 2022 vart gjort eit identisk vedtak med den same ordlyden, den gong einstemmig, og spør kva som har endra seg frå då.

– Flyktningstraumen frå Ukraina er like stor i dag som då.

Tislevoll forklarar at Fitjar kommune berre blir oppmoda om å ta imot flyktningar når flyktningstraumen er stor.

– Då bygger vi opp tenestene for dette og avsluttar dei når vi ikkje får oppmoding. Førre gong var krigen i Syria.

Ordføraren meiner Facebook-kommentaren Thorland viser til i appellen i beste fall er misforstått.

– Dette står også greitt forklart i utgreiinga frå administrasjonen. Fitjar kommune har eit apparat som no er rigga for ukrainske flyktningar, seier ho, og viser til at Stord til dømes bidreg med vaksenopplæringa.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H).

Ho understrekar at Fitjar òg tar imot folk frå andre land når det gjeld familiegjenforeiningar, men gjennom vedtaket kan dei gjere ein forskjell for 25 flyktningar.

– Antirasistisk Front har politimeld Fitjar kommune for vedtaket. Korleis stiller du deg til det?

– Det synest eg ingenting om. Viss ein les saka så er det heilt grunnlaust.

Ordføraren meiner Fitjar si sak ikkje på nokon måte kan samanliknast med Drammen si sak. Ho fortel at dei har vore i dialog med både Statsforvaltaren og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Tilbakemeldinga er at dei på dette grunnlaget ikkje vil ta saka opp til lovlegheitskontroll.

Kommunestyret hadde saka oppe på nytt 2. mai, og fleirtalet ønskte ikkje å endre vedtaket.

– Kvifor stilte de ikkje på markeringa mot vedtaket 6. mai som de var inviterte til?

– Med eit svært kort varsel var ikkje det mogleg å få til.

Likestillingsombodet: Fleire kommunar

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) sende 3. mai eit brev til Fitjar kommune der dei uttrykkjer bekymring og ber kommunen svare for vedtaket. Seniorrådgjevar i LDO Natasha Telson skriv til Framtida.no at dei var kritiske til Drammen sitt vedtak om busetting av flyktningar, og etter kvart blei kjende med at også andre kommunar hadde liknande vedtak.

I tillegg til Fitjar kommune, gjeld dette Frosta, Siljan, Vardø og Vågå kommune.

– Vi er bekymra for at vedtaka frå desse kommunane stiller krav om eller føretrekker busetting av flyktningar som har opphav frå Ukraina. Vi har difor stilt dei ei rekke kontrollspørsmål for å sjå nærmare på korleis den einskilde kommunen sikrar likeverdig busetting av flyktningar, uttalar Telson til Framtida.no.

Dei aktuelle kommunane har fått frist til 10. juni om å greie ut:

  • Om kommunen vil gjere endringar i vedtaket om busetting av flyktningar.
  • Korleis kommunen jobbar for å ikkje forskjellsbehandle på grunn av nasjonalt opphav i dialogen med IMDi om busetting av enkeltpersonar.
  • Korleis kommunen sikrar at alle flyktningar som blir busette i kommunen får eit likeverdig tilbod.

Seniorrådgjevar i Likestillings- og diskrimineringsombodet Natasha Telson.

Ombodet vurderer at vedtaket om å busette ukrainske flykningar kan innebere ei forskjellsbehandling som har sammenheng med diskrimineringsgrunnlaget etnisitet i likestillings- og diskrimineringslova.

– I brevet opnar vi for at kommunane kan be om rettleiing om deira plikter etter likestillings- og diskrimineringslova. Som likestillings- og diskrimineringsombod, kan vi bringe inn ei sak til diskrimineringsnemnda dersom vi meiner at eit kommunalt vedtak er i strid med forbodet mot diskriminering på grunn av etnisitet. I brevet varslar vi at kommunen kan klagast inn til nemnda dersom vi ikkje finn kommunens utgreiing tilstrekkeleg.

Ordførar Wenche Tislevoll skriv til Framtida.no at dei vil svare ombodet innan fristen.