Politikk og samfunn

«Forskjellsbehandling grunna etnisitet er faktisk rasisme!»

Dagen det kom ut at dette var blitt eit vedtak skjemdest eg over å vera fitjarbu, seier Nora Jæger Thorland.

Nora Jæger Thorland (14)
Nestleiar Sunnhordland AUF, medlem av fylkesstyret i AUF i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta vart først framført som ein appell på ei markering mot vedtaket 6. mai, og er gjeve att med løyve.

Verda står overfor ei flyktningkrise. Ei krise som rammar menneske frå land som Syria, Palestina, Kongo og mange fleire. Ikkje berre frå Ukraina. Det går imot våre grunnverdiar og prinsipp å sperre ute menneske som treng hjelp og tryggleik. For me kan ikkje sjå vekk ifrå våre moralske og etiske prinsipp berre fordi noko er meir høveleg for oss. Og kva seier eigentleg at det er meir høveleg å ta imot flyktningar frå Ukraina enn andre plassar?

Bygda vår har kanskje mangel på fastlege og rådmann, men kvifor er det eit problem som gjer det lettare å ta imot dei frå Ukraina?

I eit kommentarfelt på Facebook skriv ordførar Wenche at det er lettare å ta imot flyktningar frå Ukraina fordi dei kjenner me, men kva betyr det, Wenche? At me kjenner stereotypen av ein ukrainsk flyktning? Sånne haldningar er med på å generalisera folkegrupper og er utruleg urovekkande å høyra frå vår eigen ordførar.

Dagen det kom ut at dette var blitt eit vedtak skjemdest eg over å vera fitjarbu. For er det dette me vil Fitjar, vår bygd, skal vera? Ei bygd som prioriterer nokre menneske over andre? Det finst faktisk ingen argument som rettferdiggjer å forskjellsbehandla flyktningar basert på etnisitet.

For som min kamerat Marius sa og som me kjem til å fortsetja å seia: «Forskjellsbehandling grunna etnisitet er faktisk rasisme!»

Eg, med Sunnhordland AUF i ryggen, kan vera heilt tydeleg på at me meiner dette vedtaket er totalt uakseptabelt. Me kjem ikkje til å la dette vedtaket gå forbi i stille og me krev at politikarane gjer ei revurdering av vedtaket.