Utdanning

«Vi risikerer ein skule der forskjellane aukar»

Utan lærarnorma risikerer vi ein skule der forskjellane aukar, og der dei som treng mest hjelp får minst, skriv Andreas Bergmann.

Andreas Bergmann (17)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Andreas Bergmann har styreverv i Fana Arbeidarparti og var delegat for Sandsli vidaregåande skule under elevtinget. Han skriv teksten på eigne vegner.

Førre veke vedtok elevtinget (landsmøtet til Elevorganisasjonen) at Elevorganisasjonen skal arbeide for å bevare lærarnorma. Dette er eit viktig og nødvendig vedtak. Lærarnorma er eitt av dei mest konkrete verkemidla vi har for å sikre kvalitet i skulen, og ho handlar i stor grad om kva slags oppfølging kvar enkelt elev får i kvardagen.

Lettare å sjå den enkelte

Då lærarnorma vart innført i 2018, førte det ikkje berre til 2500 fleire årsverk, det gav og betre oppfølging, betre førebudd undervisning og meir tid til kvar enkelt elev. Fleire lærarar betyr at det blir lettare å sjå den enkelte, fange opp utfordringar tidleg og tilpasse undervisninga. Dette er heilt avgjerande for både læring, trivsel og motivasjon.

Lærarnorma er ikkje berre viktig for lærarane, ho er heilt avgjerande for at elevane skal få ein best mogleg skulekvardag. Ein lærar som har færre elevar å følgje opp, får betre tid til å forklare, rettleie og bygge relasjonar. Dette skaper tryggleik i klasserommet og legg grunnlaget for betre læring. Lærarar og rektorar seier sjølve at dei ekstra ressursane gjer ein skilnad.

Risikerer fråfall

Å fjerne lærarnorma vil vere ei dårleg investering i framtida. Ja, ein kan spare nokre kroner på lærarløner på kort sikt, men kostnadene vil raskt auke. Når klassane blir større og oppfølginga dårlegare, aukar risikoen for at fleire elevar fell frå skulen. Samtidig vil fleire elevar som slit fagleg eller sosialt, ikkje få den hjelpa dei treng i tide. Dette kan få store konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet.

Skulen er ein av dei viktigaste arenaene vi har for å jamne ut sosiale forskjellar. Nettopp derfor er det så viktig at det finst nok lærarar til å følgje opp alle elevar, ikkje berre dei som klarer seg fint på eiga hand. Utan lærarnorma risikerer vi ein skule der forskjellane aukar, og der dei som treng mest hjelp får minst.

Ikkje berre tal og budsjett

Utdanningsforbundet representerer 190 000 lærarar, og Elevorganisasjonen representerer 180 000 elevar. Når begge desse organisasjonane krev at lærarnorma blir oppretthalde, må KS lytte. Dette er ikkje særinteresser,  det er eit breitt og tydeleg signal frå både dei som undervisar og dei som blir underviste.

Debatten om lærarnorma handlar ikkje berre om tal og budsjettrammer. Han handlar om kva slags skule vi ønskjer oss. Ein skule der lærarane har tid til å sjå kvar enkelt elev, eller ein skule der presset blir så stort at både elevar og lærarar fell mellom stolane.

Investering i framtida

Å investere i lærarar er å investere i framtida. Difor bør lærarnorma ikkje berre bevarast; ho bør styrkjast. Skal vi lukkast med å gi alle elevar like moglegheiter, må vi sørgje for at lærarane har dei ressursane dei treng for å gjere jobben sin.

Til sjuande og sist handlar dette om kvaliteten på norsk skule. Og kvalitet kostar, men det kostar langt meir å la vere.

Elevorganisasjonen jobbar for verdas beste skule, den kan ikkje skapast utan verdas beste lærarar.