Politikk og samfunn

«Vi må senke den kriminelle lågalderen til 13 år»

Ei samtale med føresette eller konfliktrådet vil ikkje vere konsekvensar nok for enkelte, skriv jurist og tidlegare leiar i Unge Sentrum, Espen Oseid Danielsen.

Espen Oseid Danielsen (29)
Jurist og tidlegare leiar i Unge Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desse dagar blir det skrive mange artiklar, kronikkar og andre innlegg om Sverige sin tilsynelatande uhandterlege situasjon kva gjeld kriminalitet, narkotika og gjengoppgjer.

Det blir skote og eksploderer i eit alarmerande omfang, og Midt-Sverige sin etterretningssjef, Jale Poljarevius, har sagt at det ikkje har vore så farleg i landet sidan 1945.

Norsk berøringsangst

Vi i Noreg utviser, om enn ikkje i same utstrekning som Sverige, ei overforsiktigheit om å ikkje stigmatisere enkelte grupper i samfunnet. Dette gjer vi nok med dei beste intensjonar, men berøringsangst kan bidra til at problemet berre blir større.

quote-left

Berøringsangst kan bidra til at problemet berre blir større

quote-right

Det er heva over all tvil at dei juridiske verktøya som finst innan norsk kriminalitets-, og utlendingspolitikk, ikkje står i forhold til alvoret som situasjonen her til lands krev.

Eg meiner det er på høg tid, som eit ledd i å overvinne den kyniske rekrutteringa av unge til kriminelle gjengmiljø og utføring av kriminelle handlingar, å senke den kriminelle lågalderen til 13 år. Til samanlikning er den kriminelle lågalderen i England 10 år, og i Nederland er den sett til 12 år.

Rolex og Gucci-sko

Mange av dei som blir rekruttert inn i kriminelle gjengmiljø, både i Noreg og i Sverige, er under den kriminelle lågalderen. Dei blir bevisst peikt ut og spora opp til å gjennomføre lovbrot på vegner av gjengfellesskapet.

Ungdom som ikkje har gode utsikter for å delta i samfunnet, og kjenner på eit sterkt utanforskap, vil la seg freiste av kontantar, Rolex-klokke, Gucci-sko, tilhøyrsle og status.

I 2019 avdekte politiet i Norge at 2928 ungdom utførte lovbrot før dei fylte 15 år, ein auke på 52 prosent frå 2015.

Fleire store norske mediehus har skrive om alvorlege valdshendingar og kynisk narkotikaverksemd blant ungdom under dagens kriminelle lågalder. Utviklinga går i feil retning.

Berøringsangst og overforsiktigheit får ikkje problemet til å forsvinna. Å plante hovudet i sanden som ein struts er heller ikkje særleg fornuftig i møte med negative trendar.

Blåøygd og uansvarleg

Alle kan ikkje snakkast til fornuft. Å tru på slikt, er å vere naiv, blåøygd og uansvarleg.

Lovbrot må få konsekvensar. Blant dei tiltaka vi må sette i verk for å hindre svenske tilstandar, er at ungdom også på 13 år vil kunne få samfunnsstraff, bøter eller i verste fall fengsel.

quote-left

Alle kan ikkje snakkast til fornuft

quote-right

Førebygging og dialog skal og bør framleis vere den prioriterte tilnærminga til den valds- og narkotikakulturen vi ser hos ungdom under kriminell lågalder. Likevel vil ei samtale med føresette eller konfliktrådet ikkje vere konsekvensar nok for enkelte. Vi må senke den kriminelle lågalderen til 13 år, slik at moglegheitene for sterkare sanksjonar ved behov kan verte nytta.