Politikk og samfunn

«Vi har framleis ein lang veg å gå for «mannen» anno 2023»

Oscar dos Santos Kvalsvik (23) slår eit slag for psykisk og fysisk helse hjå menn.

Oscar dos Santos Kvalsvik (23)
Student
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Treng vi mannsdagen i 2023?

No Nut November, Movember. Tynne, tjukke, imponerande og nokså ambisiøse bartar frå nord til sør, tek plass på sosiale medium og nært deg.

Kanskje har du sjølv spara ein bart til denne månaden. Så kva er greia med å markere alt dette?

Norsk initiativ

Ein må fyrst byrje å sjå på når mannsdagen blei skipa, og kven som skipa det fyrst. I Noreg vart arbeidet med å skipe ein «mannsdag» allereie sett i gong på slutten av 1980-talet. Den internasjonale mannsdagen, den 19. november, blei skipa i 1999 av Jerome Teelucksingh, ein trinidadisk lege. Føremålet med den internasjonale mannsdagen var mellom anna å fremje gode mannlege rollemodellar, å fremje god psykisk og fysisk helse hjå menn og å fremje likestilling.

quote-left

Føremålet med den internasjonale mannsdagen var mellom anna å fremje gode mannlege rollemodellar

quote-right

I ettertid har rørsler som Movember dukka opp, nettopp for å fremje fysisk og psykisk helse hjå menn. Ei av hjartesakene til Movember-rørsla er å setje lys på sjølvmordsstatistikken for menn. I Noreg er det om lag 650 personar som tek sitt eige liv årleg, og to av tre av dei er menn. Movember set også lys på prostata- og testikkelkreft, der prostatakreft er den hyppigaste kreftforma blant menn i dag.

«Mannen»

Tidlegare kultur- og likestillingsminister, Anette Trettebergstuen, sette ned eit utval kalla Mannsutvalet. Fram til neste vår skal dette utvalet diskutere kva likestillingsutfordringar menn møter på i løpet av livet, og forslag til kva ein kan gjere for å løyse desse utfordringane. 

Færre menn oppsøkjer hjelp når dei går gjennom psykiske plagar og lidingar enn kvinner, og det er framleis tabu for somme menn å få diagnosar for psykiske eller fysiske plagar. Somme gutar pratar ikkje om korleis dei eigentleg har det, i frykt for at dei skal bli sett på som svake og mindreverdige. Somme menn kjenner på eit ubehag av å vere «mannen», då dei ofrar mykje i kvardagen for å utføre forventningar samfunnet har gitt dei og opplever at dei ikkje får opplevd gode augeblikk med vener og familie. 

quote-left

Somme menn kjenner på eit ubehag av å vere «mannen»

quote-right

Så klapp kompisen din på skuldra om dei dristar seg med ein bart denne månaden, uansett korleis den ser ut.

Inviter ein venn på ein kaffi og prat saman om livet. Spør kvarandre om dei små og store tinga, og korleis ein har det.

Vi har framleis ein lang veg å gå for «mannen» anno 2023, men ein kan starte smått – med ein kaffi med karane.

Treng vi mannsdagen i 2023? Det synest eg vi gjer.