Politikk og samfunn

«Holocaust starta ikkje med gasskammer. Det starta i hat, løgn og konspirasjonsteoriar»

Fascismen samlar krefter i Tyskland. 79 år etter frigjeringa av dødsleirane til nazistane er det likevel vilje til å kjempe for eit «aldri meir».

Fabian Wahl Sandvold (23)
Sentralstyremedlem i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Laurdag 27. januar markerte vi den internasjonale Holocaust-dagen.

I år er det 79 år sidan den raude armeen frigjorde Auschwitz-leirane. Dei sovjetiske soldatane vart møtte av det grufulle synet av utarma og torturerte menneske i den bitande januarkulda.

Menneske som var reduserte til eit nummer, tatoverte på armen. I dag kjenner vi dei som eit anna tal. Vi kjenner dei som Europas over 6 millionar myrda jødar.

«Døm aldri – før du med sikkerheit veit kva du sjølv ville gjort i livets avgjerande augeblink».

Herman Sachnowitz mista faren, tre søstrer og fire brør i Auschwitz. Han bed oss ikkje forstå nazistane. Han bed oss forstå oss sjølve. Det var ikkje ein tyskar som arresterte familien i Stokke i 1942. Ikke ein gong ein svoren nazist, men ein lensmann frå Tønsberg.

Holocaust starta ikkje med gasskammer. Det starta ikkje med okkupasjonen eller krigen. Holocaust starta i ord. Hat, løgn og konspirasjonsteoriar om andre menneske. Ord som fråtok andre menneskeverdet.

79 år etter frigjeringa av Auschwitz, er ytre høgre igjen på frammarsj i Europa. I sosiale medium når Holocaust-fornektarar ut til fleire millionar menneske. Antisemittismen aukar kraftig, særleg etter Israels bombing av Gaza. Det skaper frykt og utryggleik hjå jødar som har ingenting med krigen å gjere. Det må vi aldri godta.

I Tyskland, landet som ber den største skulda for Holocaust, har høgreekstreme Alternative für Deutschland (AfD) vokse seg store på meiningsmålingane. Dei siste målingane viser at ein fjerdedel av tyskarane ønskjer å gi dei røysta si. Eit parti med leiande politikarar som stiller tvil om gasskammera, og oppmodar tyskarar til å leggje Holocaust bak seg.

Fabian Wahl Sandvold er sentralstyremedlem i AUF. | Foto: Sandra Tenud

I januar avslørte Correctiv.org eit hemmeleg AfD-møte i Potsdam. Få kilometer frå der Wannsee-konferansen fann stad, la AfD-politikarar og kjende nynazistar ein «masterplan» for massedeportasjonen av millionar av tyskarar med minoritetsbakgrunn. I år kan partiet bli størst i ei rekke val i byar og delstatar. Fleire i Høgres søsterparti CDU tar til orde for samarbeid.

Får AfD styre, er det første gong ytre høgre får makt i Tyskland sidan 1945.

quote-left

Holocaust starta i ord. Hat, løgn og konspirasjonsteoriar om andre menneske. Ord som fråtok andre menneskeverdet.

quote-right

Når vi i 2024 minnest ofra for Holocaust, skjer det med eit alvorstungt bakteppe.

Arbeidarrørsla har gjennom historia løfta fanen høgt mot fascismen, jødehat og krefter som vil knuse demokratiet. Holocaust-dagen er ikkje berre ein minnedag, men påminning. Ei åtvaring om det giftige tankegodset som leia til folkemord.

Kreftene på ytre høgre kan verke overveldande. Likevel må vi ikkje gløyme den mykje større krafta som ligg i det demokratiske fellesskapet.

Dei siste vekene har opp mot 1,4 millionar tyskarar tatt til gatene for å demonstrere mot AfD og ytre høgre. Folk som ikkje berre minnest Holocaust med skam og avsky, men med vilje til å kjempe for eit «aldri meir».

Det gir håp.

79 år etter frigjeringa av Auschwitz risikerer Europa å gløyme. Då bør vi minne kvarandre på Herman Sachnowitz’ siste ord i «Det angår også deg»:

«Ein dag skulle eg bli sterk igjen, sterk nok til å kunne fortelle sanninga – til kvar den det måtte angå – sanninga om alle mine døde, seks til sju millionar jødar som vart systematisk utrydda i tyske konsentrasjonsleirar.»