Til alle som har kjærleik som favorittord på nynorsk

Eg har tatt meg fridomen til å lage ei lita liste med andre ord enn «kjærleik», som du kan bruke neste gong nokon spør om favorittordet ditt på nynorsk.

Oda Sundgot (22)
Journalist i Framtida
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei som skriv nynorsk står ofte på god fot med ordboka. 

Mange har òg eit knippe favorittord. Ofte er det «kjærleik», kanskje særleg blant dei som skriv bokmål. Om de bokmålsbrukarar er så glade i ordet kan de gjerne bruke det, kjærleik står faktisk òg i bokmålsordboka.

Heldigvis finst det mange gode ord på nynorsk som kan bli nye favorittar.

Eg tilstår at kjærleik var det fyrste ordet eg såg på. Men dei som vel kjærleik har ikkje undersøkt nok. Sjekk synonyma!

Det er mange gode synonym til kjærleik, som:

  • Godhug – å ha velvilje og kjærleik til noko/nokon.
  • Elskhug – ei inderleg og varm kjensle for eit menneske ein elskar.
  • Gjævleik – at noko er gjævt eller høgt verdsett.

Ingen av desse orda blir brukt så ofte. Personleg likar eg slike ubrukte ord, som kverrsette («beslaglegge» på bokmål), men eg har andre ord å velje mellom.

Heilt i andre enden av skalaen finn du heilt kvardagslege nynorskord, som «ikkje», «nokre», «korleis» og «kvar.» Eg synest dei bør få litt merksemd.

«Høveleg» og «dugande» er fine og nøkterne.

«Førebels» og «mellombels» er òg gode ord, som ikkje mange har som favoritt.

Om du er på jakt etter nye favorittord på nynorsk kan eg anbefale å sjekke Språkrådet si administrative ordliste.

Eg skal ikkje rå over andre, men eg har ei tilråding til deg som har kjærleik som favorittord: Finn eit anna ord. Kanskje «løyndom?»