Strengare straffer gjev tryggleik


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ifølje FN er Noreg verdas lukkelegaste land. Noko som er svært viktig for at innbyggjarane i landet skal vere lukkelige, er at landet er trygt å bu i. Tryggleik skapast ved klare strafferammer og strenge straffer. Det har ikkje alltid vore slik i Noreg. Under den raudgrøne regjeringa hadde visa ein heilt annan slutt enn den har i dag.

Med Arbeidarpartiet ved roret såg ein auka soningskøar. Arbeiderpartiet hadde ingen plan for å byggje fleire soningsplassar, eller finne gode alternative løysingar på problemet. Deira «løysing» vart strafferabbat, kortare straffer og heimesoning. Dette er langt i frå noko som skapar tryggleik for offera eller samfunnet generelt. Arbeidarpartiet viser med dette at dei ikkje tek offera si side.

Framstegspartiet vil ikkje la kriminelle gå fri fordi det ikkje er nok soningsplassar. Samstundes som vi har bygd fleire soningsplassar, har vi også leigd soningsplassar i Nederland. Det har gjort at soningskøane har blitt kraftig redusert. Med Arbeiderpartiet derimot, så auka soningskøane til rundt 1200 personar.

Den 13. juni i år vart det foreslått ei lovendring på Stortinget. Den auka maksgrensa for straff frå 21 til 26 år for grove valdtekter, væpna ran og drap. Det å auke straffene skapar tryggleik, samt høgnar terskelen for å utføre grove handlingar.

Dette forslaget var noko Arbeidarpartiet røysta imot. Dei meiner det er gjerningsmannen som skal vernast, ikkje offeret. Framstegspartiet meiner at der er viktigare å førebyggje enn å rehabilitere. Samstundes så er det offeret som skal få omsorg først. Vi ser offeret først. Derfor er Framstegspartiet for strengare straffer.

Lovise Nikoline Voldsund
Nestformann Søre Sunnmøre FpU