Politikk og samfunn

«Solidaritet er det einaste varige svaret på korleis vi kan skape ei betre verd»

Vi vil aldri slutte å kjempe for betre lønns- og arbeidsvilkår for alle, skriv leiaren i Fagforbundet Ung på arbeidaranes dag.

Jeanette Lea Romslo (25)
Leiar i Fagforbundet Ung
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gratulerer med dagen! 

1. mai er både ein kampdag og ein høgtidsdag. Det er ein dag for å feire sigrane våre, heidre dei som har kjempa for rettane våre og for å fornye forpliktinga vår til å halde fram kampen for eit betre samfunn og kampen for eit betre arbeidsliv. Denne dagen er også ein dag for å ruste oss for kampane som ventar oss framover.

Vi står overfor store utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt. Klimakrisa trugar planeten vår og levemåten vår, slik vi kjenner han. Forskjellane aukar, og gapet mellom rike og fattige blir stadig større. Vi ser ei svekking av demokratiske verdiar og ei styrking av autoritære regime rundt om i verda. I denne krevjande tida, er det viktigare enn nokon gong at vi står saman.

Gjennom historia har arbeidarrørsla stått på krava. Vi har igjen og igjen kjempa for arbeid, for velferd og for tryggleik. Likevel er kampen langt frå over.

quote-left

Vi har igjen og igjen kjempa for arbeid, for velferd og for tryggleik

quote-right

Sjølv om vi har eit meir likestilt samfunn enn tidlegare generasjonar, har vi også ein lang veg å gå. Berre 19 prosent av alle helsefagarbeidarstillingar som blir lyst ut i dag er heiltidsstillingar. Lovverket på yrkesskadefeltet stammar frå ei tid der idealet var at far jobba på fabrikken, medan mor var heime og passa borna. Heimetenesta må vasse i snø i tynne bukser og korterma overdelar, arbeidarar må bruke gaffatape for å halde kleda på plass, og tilsette i barnehagane må slite ut eige privat tøy for å vere med i leiken.

Vi kjempar framleis ein kamp mot aukande forskjellar mellom folk. Noko må gjerast med bustadpolitikken. Vi kan ikkje lenger stå og sjå på at bustadmarknaden forsterkar forskjellane mellom dei som kjem frå ressurssterke heimar, og vanlege folk. Særleg i dei større byane ser vi at bustad er blitt ein gjenstand for formuesbygging og marknadsspekulasjon, i staden for ein stad å bu og bygge ein heim. 

Vi må få ein bustadpolitikk som gjer det mogleg for alle å kunne eige sin eigen heim, der arbeidsfolk ikkje sponsar det ekstra huslånet til ein eller annan rikmann – fordi ein ikkje får lån sjølv, og må ut i ein urettferdig privat leigemarknad.

Fagforbundets mantra i lønnsoppgjeret er at alle må få auka lønn. Vi vil aldri slutte å kjempe for betre lønns- og arbeidsvilkår for alle, men spesielt for dei som har minst og som treng å få mest. 

quote-left

Solidaritet er det einaste varige svaret på korleis vi kan skape ei betre verd

quote-right

Solidaritet er det einaste varige svaret på korleis vi kan skape ei betre verd. I to år har vi sett Russlands brutale angrep på Ukraina, og det siste halvåret har vi vore vitne til eit overgrep mot den palestinske sivilbefolkninga som dei færraste av oss kan forstå at verdssamfunnet ikkje evnar å stoppe. Dei umenneskelege lidingane er fortsetjinga av ein 75 år lang tragedie. La oss bruke denne kampdagen til å stå på kravet om våpenkvile, og eit fritt Palestina.

Samla kan vi oppnå store ting. Vi kan skape ei verd der alle har høve til å leve gode liv. Vi kan skape ei verd der vi tek vare på planeten vår for framtidige generasjonar – og eg vil oppfordre alle til å delta i marsj for rettferdig omstilling 30. august. 

Sjølv om utfordringane er mange, har vi også mykje å håpe på. Vi ser ei veksande rørsle av unge menneske som krev handling for klima og berekraft. Fleire og fleire menneske engasjerer seg i kampen mot ulikskap og urettferd, for internasjonal solidaritet og for ei betre verd for alle. Folk trekkjer ut i gatene, og unge som aldri før har tenkt på politikk, har fått eit brennande engasjement.

La oss alle samlast for å markere solidariteten vår med andre arbeidsfolk, kampen vår for rettferd og den felles forpliktinga vår til å skape ei god, rettferdig og berekraftig framtid. Trass i mange utfordringar, er vi ein generasjon av unge som er fast bestemte på å skape ei betre framtid for alle, og 1. mai er ein dag for å vise verda at vi er klare til å ta tak i desse utfordringane. 

La oss bruke denne dagen til å fornye forpliktingane våre til kvarandre og til den kollektive kampen for eit betre samfunn. Det gjeld Gaza, det gjeld Kharkiv, og det gjeld vanlege folks liv her i Noreg. Berre saman kan vi skape ei framtid der fridom, fellesskap og fordeling ikkje berre er ideal, men faktiske realitetar for alle.