Skrivekonkurranse

Skrivekonkurransevinnar: «Kvar er heim?»

Marit Ping Bersås forsøker å svare på kvar ein eigentleg kan seie er heime i denne vinnarteksten.

Marit Ping Bersås (22)
Publisert
Oppdatert 12.05.2023 09:05

Denne teksta vann førsteplass i sjangeren sakprosa i skrivekonkurransen med tema HEIM. Skrivekonkurransen er eit samarbeid mellom barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Barnebokkritikk, Forlaget Kapabel, Riksjubileet Moster 2024, Framtida.no og Magasinett.

Mange har klåre oppfatningar om kva og kvar som er heim, og i laupet av livet vil dette variera. I alle fall oppfattar eg det slik.

Denne tankerekkja føreset at ein har gode assosiasjonar til heimen ein er vaksen opp i, og for alle er det dessverre ikkje slik, men det kjem me tilbake til mot slutten av teksta.

Eit lite born tenkjer nok at heim er der foreldra bur, der ein har rommet sitt med senga si og leikene sine. I denne livsfasen er det forhåpentlegvis mykje tryggleik og kjærleik knytt til heimen. Då eg var lita tenkte eg på heimen slik, det var ei trygg hamn.

To heimar

Etter kvart når ein veks opp og blir tenåring er ofte heimen framleis ei trygg hamn, men eit aukande ynskje og behov for meir sjølvstende og fridom vil nok dei fleste kjenne på. Det vil variera frå person til person og kva livssituasjon ein er i, men på eit eller anna tidspunkt vil ein oppleve å ha fleire stader som kan kallast heim.

Til dømes var eg 16 år då eg flytta heimanfrå. Eg blei hybelbuar då eg byrja på vidaregåande skule, og sjølv om det berre var ein time heim til mor og far hadde eg no to «heim-ar». For meg blei det kalla «heime», eller «heime-heime», altså heime på hybelen i Molde eller heime på garden der eg vaks opp.

Nett slik har det vore sidan då.

Etter vidaregåande gjekk eg på folkehøgskule på Sørlandet, og då blei også Birkeland ein heim. Då me var ute og gjekk tur eller var på reise, omtala me skulen og internatromma våre som «heime på Birkeland». Med både haust-, jole-, vinter- og påskeferie der me ikkje kunne vere på skulen måtte me reise «ordentleg heim».

No som eg er student er eg framleis i same situasjon, eg har ein heim i studiebyen min Trondheim. Samstundes snakkar me studentar om å reise heim, og då meiner mange heime hjå mor og far der ein vaks opp.

I mange år har eg hatt to heimar, men kva gjer eigentleg at noko kjennest som heim?

Heim er der senga er

Eg har lurt på om heim i mange samanhengar er der ein søv, anten det er fast eller mellombels.

Ofte når ein er på reise, om det er på hytta, ein storby eller i Syden, så er ein i situasjonen der heimen er mellombels. Når ein frys på tur på fjellet gler ein seg til å kome «heim» på hytta for å få i seg varmen att, eller om ein har vandra gatelangs i Berlin eller vore på stranda ein lang dag vil ein gjerne «heim» igjen på hotellet for å kvile. Det er også der ein har tinga sine og soveplassen på reisa.

Samstundes skal ein jo ein eller anna gong heim igjen frå denne reisa eller ferien, og då snakkar me jo om heim-heim. Den «faste» soveplassen er der ein har alle dei andre tinga sine, slik som då eg var hybelbuar, gjekk på folkehøgskule eller no som eg er student. Sjølv om det opplevast som ein fast heim i kvardagen er jo desse òg berre mellombels.

Den etablerte heimen

På eit eller anna tidspunkt i livet kjem ein kanskje til det stadiet der ein skal skapa sin eigen heim. Eg pleier å kalla det når ein blir vaksen på ordentleg; tek opp lån og kjøpar seg ei leilegheit eller eit hus. Det skal møblerast, ting skal flyttast, og det skal opplevast som heime.

Kanskje ein etter kvart blir etablert, til dømes får eigen familie eller liknande. Framleis kan vaksne snakke om «heim til mor og far», til dømes når ein skal heim til jul. Der ein er vaksen opp er kanskje den opphavelege ur-heimen, men kva hender dersom foreldra flyttar ut frå barndomsheimen, blir det då framleis heime hjå mor og far? Det har eg ikkje kjent på sjølv, så det har eg ikkje nokon klåre tankar om.

For å samle trådane frå denne tankerekkja ynskjer eg å sjå meir på kva ein heim er, eller kva han kan vere.

Heimkjensla

Nokon har dårlege opplevingar med heimen dei vaks opp i og har kanskje i seinare tid fått ein ny heim, andre har opplevd å få heimen sin øydelagt. Forhåpentlegvis får desse menneska moglegheit til å oppleve kva ein heim er på ein ny stad.

Andre tenkjer at heim er der foreldra bur og der ein vaks opp.

I tillegg var det alle desse mellombels heimane og det å skape sin eigen heim.

Heim er kanskje ikkje noko fysisk, innafor fire vegger med vindauge, dør, tak og hage. Ei heller der ein er vakse opp.

Eg lurar på om heim er ei kjensle, og at denne kjensla er individuell.

Mange snakkar om å «føle seg som heime» når dei har flytta til ein ny plass eller er på besøk hjå nokon. Som vaksen skal ein kanskje skapa ein heim, og då sit ein i førarsetet for kva denne heimen skal bli. Det ein assosierer med kjensla av heime er med på å forme den nye heimen.

Kjensla av heim gjeng ut på å føle seg komfortabel, trygg og å ha ein stad å lande. Heimekjensla er raus og romsleg, open, inviterande og behageleg. Uavhengig av kva bakgrunn ein har og kva situasjon i livet ein er i, både mellombels og fast, trur eg denne kjensla av heim er noko alle kan kjenne på. Kor og når føler du deg heime?