Politikk og samfunn

«Skeive treng ei stemme dette lokalvalet for å få fram dei stemmene som aldri blei høyrde»

Mange kan tenke at å stemme skeivt berre er viktig i nasjonale val, men det er også viktig i lokalval, skriv I. Renata Nielsen (18) og Frankie Rød (23) i Skeiv Ungdom.

I. Renata Nielsen (18) og Frankie Rød (23)
Skeiv Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På søndag og måndag skal det norske folk til stemmeurnene, for å bestemme kven som skal styre norske kommunar og fylkeskommunar. Det er ingen tvil om at det er viktig å stemme. Når vi skal stemme kjem vi til å stemme på parti som har ein god politikk for skeive, og gje eit kryss til ope skeive personar som står på liste for partia vi stemmer på.

Ein av oss har vakse opp som skeiv i eit heteronormativt bygdesamfunn, og er derfor trygg på at alle har godt av å stemme skeivt. Me som skeive har alltid hatt enklare for å sjå det som er vanskeleg i samfunnet og ikkje minst i lokalsamfunnet. Marginaliserte grupper har ein tendens til å lettare sjå andre marginaliserte grupper sine problem. 

quote-left

Marginaliserte grupper har ein tendens til å lettare sjå andre marginaliserte grupper

quote-right

Det treng ikkje å vere av eiga erfaring, men av å sjå folk som oss sjølve, folk som er annleis, bli trakka ned av majoriteten i samfunnet. Anten ein kjem frå gode eller tyngre kår heime, vil ein som skeiv raskt få kjennskap til det å bli utestengt, ignorert og misforstått. 

Alt dette kjenner me som røynda me lever i, med innbygde fordommar og mangel på kunnskap.

Mange kan tenke at å stemme skeivt berre er viktig i nasjonale val, men det er også viktig i lokalval. Kommunane kan vedta handlingsplanar for skeive, sette inn tiltak for betre seksualundervisning, og gje støtte til lokale pride-feiringar. 

quote-left

Skal det bli fleire slike tilbod i heile landet må vi ha politikarar som prioriterer det

quote-right

I nokre kommunar har vi også tilbod som for eksempel HKS (Helsestasjon for kjønn og seksualitet) i Oslo. Slike tilbod er avhengige av støtte frå politikarane, og skal det bli fleire slike tilbod i heile landet må vi ha politikarar som prioriterer det. 

Me skeive treng ei stemme dette lokalvalet nettopp for å få fram dei stemmene som aldri blei høyrde. Så stem skeivt og stem ungt! 

Merknad: Frankie Rød er medlem av Raudt og står på 24.-plass for Raudt Oslo ved årets lokalval.