Identitet

«Om du ser at nokon treng hjelp, kan du alltid tilby ei hjelpande hand»

Anna Storsul (14) oppmodar alle til å vere ein som grip inn.

Anna Storsul (14)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det kan vere vanskeleg å vete kva ein skal gjere når ein ser noko som ikkje er rett.

Om det er ein ven eller ein kjenning som går gjennom noko, er det alltid vanskeleg å sjå kva du kan gjere. Likevel, er det di oppgåve å sørge for at alle er i god behald, om ingen andre gjer det.

 

quote-left

Om du ser at nokon blir mobba eller er utilpass, kan du alltid gripe inn

quote-right

Om du ser at nokon blir mobba eller er utilpass, kan du alltid gripe inn for å seie kva dei ikkje klarer eller vil.

Om du ser at nokon treng hjelp med noko, kan du alltid tilby ei hjelpande hand. Til og med om det berre er ein framand som treng hjelp med matvarene, aldri ver redd for å gripe inn. Sjølv har eg vore gjennom ting som eg ikkje kunne komme meg gjennom utan ein open framand.

Uansett kven, ver ein som grip inn!