Politikk og samfunn

«Noreg treng ein jernbanerevolusjon!»

Politikarane må prioritere jernbane, meiner Marius Moldsvor.

Marius Moldsvor (18)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne langhelga var eg i Stavanger og tok i det høve toget fram og tilbake frå Bø, både som eit klimatiltak, men også fordi det var det rimelegaste. Denne turen blei ei påminning på Noregs dårlege samferdslepolitikk.

Medan toget køyrde i 20 km/t i den rasfarlege Drangsdalen mellom Eigersund og Moi, vakna jernbanehjartet mitt opp. Det var allereie i 1994 planar om at dette strekket mellom Eigersund og Moi skulle få ein heilt ny trasé som skulle unngå desse farlege og treige strekka. Den nye traseen skulle også gjere at toget berre vil bruke 12 minuttar mellom Eigersund og Moi, men planen fekk aldri finansiering og blei skrota.

I dag brukar toget ca. 35 minuttar mellom byane. Å køyre bil mellom Stavanger og Oslo er i dag kjappare enn aldri før, medan toget mellom Stavanger og Oslo brukar meir tid enn på 90-talet.

Å bygge fleire motorvegar vil føre til større biltrafikk, noko som er imot klimamåla våre. Bruk heller desse pengane på meir jernbane og trygge vegar i distrikta, til dømes sårt tiltrengt ny E6 i Sørfold i Nordland.

quote-left

«Toget mellom Stavanger og Oslo brukar meir tid enn på 90-talet.»

quote-right

Flyrutene mellom dei store byane i Sør-Noreg er nokon av Europas mest trafikkerte flystrekningar og vi flyg tre gonger oftare innanlands enn dei som flyg nest mest i Europa, sjølv om toget kunne vore eit fullgodt alternativ. Mange tenkjer at dette er fordi Noreg har meir fjellrik natur, men dersom vi ser til fjellanda Austerrike og Sveits, ser vi at dersom ein prioriterer jernbanen, er ikkje fjell eit problem.

Politikarane har tatt lite samfunnsansvar for berekraftige samferdsleløysingar i Noreg, noko vi merkar no. Sjølv om dei likar å skryte så mykje om at dei prioriterer jernbanen høgt, ser vi at store og viktige prosjekt som Nord-Noregbanen, Ringeriksbanen og Grenlandsbanen er skove langt ut i uendelege konsekvensutgreiingar og rapportar.

Dokker kan bøte på gamle synder, men da må dokker ta ansvar for dei kommande generasjonane no! Vi har ingen tid å miste, Noreg treng ein jernbanerevolusjon som regjeringa må byrja med ein gong.