Politikk og samfunn

«Kven er norsk skule eigentleg laga for?»

Alle barn fortener å bli sett, og dei som ikkje har nokon heime som kan kjempe for dei. Så kan vi ta oss saman? skriv Hedda Sofie Riddervold, styremedlem i Akershus unge venstre.

Hedda Sofie Riddervold (22)
Styremedlem i Akershus unge venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Hedda Sofie, og nett no er eg på utveksling på Island. Her sit eg og ser ut av vindauget medan eg tenkjer på norsk politikk. Spesielt skulepolitikk.

Eg ser opp på den blå himmelen. Det er iskaldt ute og varmt inne. Eg lurar på om norsk skule har blitt berre nokon prosent betre sidan eg sjølv gjekk der.

For om mamma ikkje hadde hatt så mykje tid som ho hadde, hadde eg kanskje ikkje sete her i dag.

Timevis med lekser

Hadde vi vore i ein vanskeleg livssituasjon, er det ikkje sikkert at eg eingong hadde fullført ungdomsskulen.

Vi legg ikkje alltid merke til kor privilegerte vi er. Mamma brukte tid og energi på å sørge for at eg fekk logoped allereie i barnehagen, fordi eg hadde problem med å snakke. Eg klarte ikkje uttale r-ljoden før eg var ni–ti år gamal, og det var med hjelp frå logoped.

Eg likte ikkje å lese før mamma introduserte meg for ljodbøker. Eg klarte heller ikkje å høyre forskjell på enkelte språkljodar, og det slit eg framleis med. Men med mammas hjelp pugga eg meg fram til skilnaden mellom skj-, kj- og sj-ljoden.

Eg hugsar eg sat heime i timevis med lekser. Mamma fortalde meg nyleg at ho til og med bad skulen om å gi meg mindre lekser, fordi eg aldri klarte å fullføre dei.

Den viktigaste personen i skulen er eleven. Men kven var eigentleg den viktigaste personen i min skulegang?

Tok mange år

Lærarane lærte meg mykje, det skal dei ha. Men mamma hjelpte meg med å lære. Ho brukte tida, energien og ressursane som skulle til for at eg skulle klare det skulen forventa av meg.

Så kva gjorde eigentleg skulen for meg?

For sist eg sjekka, fekk eg ikkje dysleksidiagnosen før eg var 16 år gamal. Det tok altså mange år før eg fekk eit namn på noko som hadde gjort skulegangen vanskeleg for meg. Eg begynte sjølv å stille spørsmål ved dette, og eg er takknemleg for at mamma var litt irriterande på mine vegner og aldri gav seg.

Men eg klarar ikkje å la vere å lure: Kor mange barn har ikkje ei mamma som har tid, overskot eller høve til å kjempe den same kampen?

Kor mange barn blir sittande igjen med kjensla av at dei ikkje er flinke nok, når problemet kanskje er at skulen ikkje klarar å møte behova deira?

Meir lesing, men for kven?

Kva er det eigentleg politikarane vil med skulen?

Det einaste eg stadig høyrer, er meir lesing og mindre skjerm.

Åh, som eg hata lesestundene! Det var noko av det verste eg visste. Eg fekk PC på skulen allereie i fjerde klasse, og sjå på meg no: Eg har blitt eit fungerande menneske.

Kanskje er ikkje løysinga på alle skulens problem å gå tilbake til korleis ting var før.

Eg høyrer òg forslag og diskusjonar om lekser. Ha mindre. Vær så snill, kan vi slutte å gjere skulekvardagen endå tyngre for barn som allereie strever? Ikkje alle lærer på same måte. Ikkje alle har foreldre som kan sitte ved sida av dei i timevis og hjelpe dei gjennom oppgåvene.

Og så har vi alle faga og krava. Er det verkeleg meir vi treng å presse inn i barneskulen? Når skal elevane få tid til å lære i sitt eige tempo, vere aktive og faktisk ha det bra på skulen?

Eg er redd vi er så opptatte av kva elevane skal lære, at vi gløymer å spørje korleis dei lærer best.

Handlar òg om å høyre til

Barn er ikkje alltid snille mot dei som er annleise. Kom igjen, foreldre, de kan ikkje lukke auga for det og late som om alle barn blir inkluderte.

Du treng ikkje nødvendigvis å bli direkte mobba for å kjenne deg utanfor. Nokon gongar er det blikka. Stilla. Kjensla av at du er rar, og at folk eigentleg ikkje vil ha så mykje med deg å gjere.

Eg hugsar at eg fann ut at eg ikkje var invitert i bursdagen til ein ven på barneskulen. Grunngjevinga var at dei var for mange.

Kanskje var det sant. Kanskje var det berre ei unnskyldning. Men kjensla av å vere den som ikkje fekk plass, hugsar eg framleis.

For barn som allereie kjenner seg annleis, kan slike opplevingar bety meir enn dei vakse trur. Og når du nyttar store delar av skuledagen på å kjenne at du ikkje passar inn, blir det vanskelegare å konsentrere seg om det du faktisk skal lære.

Stolt av utviklinga

På vidaregåande valde eg etter kvart ei anna retning. Eg fekk puste litt friare. Seinare gjekk eg på folkehøgskule, kor eg møtte menneske eg faktisk treivst med, og kor eg i større grad kunne vere meg sjølv.

Det var fyrst då eg for alvor kjente på korleis det kunne kjennast å vere ein stad kor eg passa inn.

Og no er eg på utveksling.

For nokre år sidan hadde eg ikkje eingong lyst til å dra på utveksling. Eg var redd for at engelsken min ikkje var god nok. Om eg ikkje hadde gått på folkehøgskule, er det ikkje sikkert at eg hadde vore her i dag.

Tenk på det. Eit menneske som ein gong var redd for ikkje å vere god nok til å snakke engelsk, sit no i eit anna land og skriv om norsk skulepolitikk.

Det er eg stolt av. Men eg skulle ønskje at eg ikkje måtte nytte så mange år på å tru at eg ikkje var god nok.

Kven får plass i framtidas skule?

Difor blir eg bekymra når eg høyrer politiske diskusjonar om kva som er best for «normale» barn, samstundes som det diskuterast å kutte i folkehøgskulestipendet og legge ned yrkesfaglege linjer.

Linja eg gjekk på vidaregåande, skal leggjast ned. Det var nett den linja som bidrog til å gjere meg til den eg er i dag, og som endeleg hjelpte meg å kome dit eg ville.

Kvifor skal nokon barn måtte passe inn i ein bestemt mal for å få ein skulegang dei meistrar?

Eg kan ikkje snakke på vegner av alle nevrodivergente, og mine erfaringar er ikkje nødvendigvis andres. Men eg er redd for at dei som allereie strever med å passe inn, blir blant dei som blir ramma hardast når skulen blir mindre fleksibel.

Lett å snakke om inkludering

Vi snakkar ofte om at skulen skal vere for alle. Men det held ikkje å seie det om systemet i praksis fungerer best for dei som lærer på den måten skulen allereie forventar.

Eg trur ikkje nødvendigvis at politikarane misliker oss som er annleise. Men nokre gongar lurar eg på om dei i det heile tatt forstår korleis skulen opplevest for oss.

For det er lett å snakke om meir lesing, fleire lekser, mindre skjerm og høgare forventningar når ein ikkje sjølv er barnet som sit igjen ved kjøkkenbordet klokka åtte om kvelden, framleis utan å forstå oppgåva.

Det er lett å snakke om inkludering når ein ikkje er den som aldri blir invitert.

Og det er lett å snakke om at alle barn har like moglegheiter når ein ikkje treng ein mamma som nyttar timevis på å sørge for at ein får den hjelpa ein treng.

Ikkje alle barn har ei mamma som kjempar for seg

Det er difor eg meiner at vi må stille strengare krav til skulen, ikkje berre til elevane. Vi må sørge for at barn får hjelp før dei er 16 år og sjølv må begynne å finne ut kvifor skulen alltid har vore så vanskeleg. Vi må ta utanfor på alvor, og vi må slutte å tru at éi løysing passar for alle.

Eg veit ikkje om norsk skule har blitt betre sidan eg gjekk der. Men eg veit at eg hadde flaks. Eg hadde ei mamma som såg meg, som hjelpte meg, og som ikkje lét meg gi opp.

Alle barn fortener å bli sett, og dei som ikkje har nokon heime som kan kjempe for dei.

Så kan vi ta oss saman?

Ikkje ved å krevje meir av barna, men ved å gjere skulen betre for dei.