Politikk og samfunn

«Mobilforbodet beskyttar ikkje elevar frå valdsporno i skulen»

Barn og unge si einsame og frie eksponering for valdsporno gjennom skulen sine digitale einingar er oppskrifta på ei folkehelsekrise, meiner organisasjonen Lightup Norway.

Ragnhild Lindahl Torstensen, Hege Louise Guttormsen og Marie Cathrine Løver Thu i Lightup Norway
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i spissen har regjeringa kome med nye føringar om at mobilbruk i skulen skal regulerast strengt. Eit mobilforbod kan vere positivt om det legg til rette for eit betre læringsmiljø for elevane.

Eit slikt forbod er likevel ikkje tilstrekkeleg i møte med det viktigaste problemet når det gjeld elevane sin bruk av digitale einingar i skulen, nemleg barns eksponering for grenseoverskridande valdsporno på skulane sine digitale einingar.

Fleire valdtektssaker

Overgrepsmottaket i Oslo slår alarm grunna den enorme auken i talet på valdtekter.

Berre i Oslo oppsøkte 748 valdtektsoffer overgrepsmottaket i 2023, med størst vekst for aldersgruppa 14 til 19 år.

Helsepersonell frå overgrepsmottaket peikar på porno som årsaka til denne veldige auken. I fleire år har aktørar som jobbar i førstelinja i møte med barn og unge ropt varsku om auken i talet på overgrep blant unge og peikt på påverknad frå pornoen.

Vi er heilt einige med helsedirektør Bjørn Guldvog om at skulen, helsetenesta og resten av samfunnet har ei stor oppgåve framfor seg for å møte denne utfordringa. Vi meiner også at det er på sin plass at politikarane tek sin del av ansvaret.

Kvelartak under sex

Dei siste ti åra har vi tatt pornopraten med tusenvis av skuleelevar over heile landet. Vi har opplevd å fylle eit tomrom ettersom majoriteten av elevane vi har møtt har fortalt oss at dei aldri tidlegare har snakka om porno i klasserommet eller på heimebane. Fleire har hatt sine første møte med porno i barneskulen.

Porno utfordrar likestilling ettersom mannen blir framstilt som utøver av dominans, vald og aggresjon, medan kvinna skal nyte å vere den passive mottakaren av denne seksuelle valden.

quote-left

Få gir uttrykk for å kjenne til det enorme skadepotensialet kvelartak har

quote-right

Vi har snakka med fleire unge som har delt historier om vanskelege møte med porno. Eit klart eksempel er korleis porno har normalisert kvelingssex. Unge har fortalt oss om at dei anten ufrivillig har opplevd å bli tatt kvelartak på, eller at dei har blitt spurt av partnaren om å bli kvelt. Nokon har lurt på korleis ein kan vite om partnaren likar å bli kvelt under sex. Få gir uttrykk for å kjenne til det enorme skadepotensialet kvelartak har.

Porno som opplæringsmanual

Unge fortel oss at dei brukar porno for å lære om sex.

Porno som opplæringsmanual fremmar helseskadelege perspektiv som reverserer likestillinga. Det vi er vitne til no, er ei stor folkehelsekrise og likestillingskrise for dagens barn og unge.

Skal skulen vere ei frisone for valdsporno og seksuell utnytting?

Vi har nyleg kartlagt kommunane sin bruk av tekniske innhaldsfilter som kan skjerme barn frå eksponering for valdsporno gjennom skulen sine digitale einingar. Funna frå vår kartlegging gjer oss bekymra for barn og unge sin digitale tryggleik og tryggleik i skulen.

Landets barn og unge er overlatne til ymse løysingar som ikkje er kvalitetssikra og som dermed ikkje kan gje dei det vernet dei har krav på i samsvar med grunnleggjande rettar i skulen si opplæringslov og barnekonvensjonen.

Dårlege filter

Vår kartlegging viser at det ikkje fungerer i praksis at kvar kommune åleine må bere ansvaret for å sikre gode nok filterløysingar.

Det er sjokkerande at elevar i 134 av landets kommunar ikkje eingong er beskytta av Kripos si blokkeringsliste. Denne Kripos-lista blokkerer nettsider som utgjer ein risiko for seksuell utnytting, til dømes sider som tilbyr videosamtale med tilfeldige framande, eller som formidlar seksuelle tenester.

Christer Veland Aas og Maja Lunde si foreldreundersøking frå januar avdekker store manglar knytt til personvern, ulovleg reklame og eksponering for skadeleg innhald gjennom skulen sine digitale einingar. Samanstillinga av Aas og Lunde sine funn med kartlegginga vår viser at porno er tilgjengeleg på skulenettbretta også i mange av kommunane som i vår kartlegging oppgir at dei har filterløysingar på plass.

Oppskrifta på ei folkehelsekrise

Eit mobilforbod tek ikkje det største problemet ved rota.

Barn og unge si einsame og frie eksponering for valdsporno gjennom skulen sine digitale einingar er oppskrifta på ei folkehelsekrise. Den dystre overgrepsstatistikken knytt til barn sin pornobruk gir enorme samfunnsmessige konsekvensar, for ikkje å snakke om alvorlege og langvarige helsemessige utfordringar for dei som blir utsette.

Dersom politikarane ikkje tek grep no, vil det koste samfunnet dyrt. Tida er inne for at regjeringa set klare nasjonale føringar som kan avgrense barn og unge si kontaktflate med kjønnsdiskriminerande valdsporno. I tillegg trengst det ei stor satsing på informasjonskampanjar retta mot unge som kan auke kunnskapen om seksuell vald, overgrep, grenser og samtykke.

Vi heiar på politikarar som vil tre ut av komfortsona og skrive seg inn i historiebøkene som dei som våga å ta pornopraten. Alle barn og unge fortener eit trygt skulemiljø og ein oppvekst fri for overgrep.