Politikk og samfunn

«Me må bruke røystene våre til me ikkje lenger kan ignorerast og Noreg tar ansvar»

Å sjå det enorme engasjementet og solidariteten det norske folk har vist for Palestina er overveldande, skriv Maria Abdallah i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

Maria Abdallah (17)
Sentralstyremedlem i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I 2009 rulla stridsvognene inn, inn mot Beit Hanoun nord i Gaza og skaut ned alt i sin veg. Leilegheita vår inkludert, alt inni brente ned. Det var heldigvis ingen heime då det skjedde.

Dette er i det minste det mor mi har fortalt meg i etterkant, fordi eg var knapt tre år då dette skjedde. Då okkupasjonsmakta Israel offisielt gjorde meg til ein fjerdegenerasjons palestinsk flyktning. Sidan har eg budd i Noreg.

Flotte, frie, demokratiske, og likestilte Noreg. I alle mine år på skulebenken har eg lært at eit kvart menneske har ein verdi. At me alle har krav på ting som reint drikkevatn, grunnleggjande sanitære forhold, helsehjelp, tryggleik og fleire andre menneskerettar.

Heimbyen min bomba

Eg har lært at menneskerettar er eit av dei fantastiske grunnleggjande konsepta Noreg er tufta på.

quote-left

I alle mine år har me ringt engstelege heim til Gaza

quote-right

Samstundes, har eg i alle mine år her i trygge Noreg sett heimbyen min blitt bomba. Folket mitt innesperra og massakrert – og kulturen min stole. I alle mine år har me ringt engstelege heim til Gaza for å sjekke at familien og vennar har det bra. Alltid med ein klump i magen, alltid med ei kjensle av skyldfølelse for at me er trygge og dei ikkje. Dei siste månadane har denne kjensla vore sterkare enn nokon gong tidlegare.

Det er derfor eg skriv her. For «frustrert», «sint», «oppgitt», «forbanna», «rasande», ikkje eit einaste ord i ordboka, strekker til for å beskrive skuffelsen min over kor handlingslamma Noreg er ovanfor Israel, og ikkje minst USA; landet som støtter dei israelske angrepa på Gaza økonomisk og militært. Og min skuffelse over at sjølvaste fridomslandet Noreg investerer store summar i ein blodig okkupasjon.

Det er eit privilegium å la vere å tie, noko me ofte tar for gitt her i Noreg. Me bur i eit land kor me har moglegheita til å bruka stemma vår når urett finn stad, og tru meg det som skjer i Palestina no er urett.

Vannmelonar, kefije og toub

Å sjå det enorme engasjementet og solidariteten det norske folk har vist for Palestina er overveldande. I kvar kommune og bygd i heile landet flaggast det med svart, kvitt, grønt og raudt. Vanmelonar delast flittig på sosiale medium og folk ber kefije og toub med stoltheit.

quote-left

Kampen er langt frå over. Derfor er det så utruleg viktig at me alle fortset å bruke røystene våre

quote-right

Men kampen er langt frå over. Derfor er det så utruleg viktig at me alle fortset å bruke røystene våre og krevje at Noreg kuttar alle band til okkupasjonen, stansar alle våpensal til Israel, trekker alle oljefondets investeringar i selskap med verksemd på okkupert område på Vestbredden og ikkje minst følgjer etter majoriteten av FNs medlemsland og anerkjenner Palestina som stat!

Me må fortsetta å bruke røystene våre til me ikkje lenger kan ignorerast og Noreg tar ansvar.