Politikk og samfunn

«Utan dagens lågterskeltilbod ville eg ha hatt nokre venninner færre i dag»

Kutt til rådgivingstenester viser at regjeringa ikkje bryr seg om menneske med psykiske lidingar, skriv ungdomskandidat for Vestland KrF, Marta Rydland Kjelby.

Marta Rydland Kjelby (22)
Tidlegare fylkesleiar i Vestland KrFU og ungdomskandidat for Vestland KrF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Hurdalsplattforma står det tydeleg at ein skal støtte opp om, og sikre gode rammevilkår og føreseieleg drift for ideell sektor og ideelle tilbydarar i helse- og omsorgssektoren.

Fjerning av øyremerkte midlar og erstatte det med ei søknadsbasert ordning sikrar ikkje dette. Det fører til mindre støtte og føreseielegheit, i tillegg til meir jobb for organisasjonane.

Resultatet av regjeringas ordning er at 15 organisasjonar som tilbyr rådgivingstenester for pårørande til og personar med psykiske lidingar og/eller rusavhengige opplever store kutt i tilskot frå Helsedirektoratet.

Dette er organisasjonar som over tid har tileigna seg spesialkompetanse innanfor dei ulike områda. Det vil ikkje vere mogleg for større diagnoseovergripande organisasjonar å erstatte dette tilbodet, skriv dei i brevet som er sendt til helseministeren. Ein kan ikkje forvente at desse store organisasjonane skal spesialisere seg innanfor alle desse små områda. Dei har verken kapasitet til det eller til å ta imot alle brukarane.

quote-left

Det offentlege tilbodet blir bygd ned år for år, og ideelle aktørar har i større grad måtte ta over

quote-right

Det er urovekkande at ein vel å kutte i tilbod til menneske med psykiske lidingar i ei tid då etterspurnaden etter psykisk helsehjelp aukar. Det offentlege tilbodet blir bygd ned år for år, og ideelle aktørar har i større grad måtte ta over. Korleis skal ein ha sjanse til møte dagens og framtidas etterspurnad når ein ikkje er villig til å gi tilskot til ideelle aktørar?

Dei samfunnsøkonomiske fordelane med å kutte i tilbodet no, vil slå tilbake når den store bølga med psykiske lidingar slår inn for fullt i nærmaste framtid.

quote-left

Eg var sjølv heldig å verte plukka opp av det offentlege helsevesenet då eg trong det

quote-right

Utan dagens lågterskeltilbod ville eg ha hatt nokre venninner færre i dag. Dei siste åra har eg vore pårørande og sett kor viktig lågterskeltilbodet har vore for venninnene mine, og sett kor langt dei har kome i dag takka vere det. Eg var sjølv heldig å verte plukka opp av det offentlege helsevesenet då eg trong det som mest, men mange er ikkje så heldige som meg. Det er derfor viktig at det finst lågterskeltilbod, og eg har sett kor livsviktige dei er.

Dei tilboda som regjeringa no kuttar støtta til, er tilbod som reddar liv. Vil verkeleg regjeringa ha fleire liv på samvitet?