Politikk og samfunn

 «Konservatisme kan vere ei positiv, forsvarleg og naudsynt haldning»

Det er viktig at grensa for kva som er konservativt, ikkje blir flytta for mykje, meiner Unge Sentrum-leiar Espen Oseid Danielsen.

Espen Oseid Danielsen (29)
Leiar Unge Sentrum og 1.-kandidat for Partiet Sentrum Trondheim
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Er du konservativ, eller?». Det er ikkje sjeldan ein høyrer ordet «konservativ» nytta som eit skuldande stempel i det offentlege ordskiftet. Eg meiner vi bør moderere forståinga vår av uttrykket. Å vere konservativ skildrar nokon som ønsker å bevare eller bygge vidare på det som er nedarva eller det som er gjeldande no. Ordet kjem frå det latinske uttrykket «conservare», som betyr «å ta vare på».

quote-left

Ein person som er gammaldags, sneversynt og illiberal

quote-right

Som eit utgangspunkt framstår dette uttrykket lite kontroversielt. Likevel nyttiggjer vi oss uttrykket som noko negativt. Dersom nokon er konservativ i dagens samfunn, er det på mange måtar einslydande med ein person som er gammaldags, sneversynt og illiberal. I seg sjølv er ikkje dette særleg kraftig eller alarmerande, men eg meiner dei seinare års justering av kva som er sett på som konservativt, bør vekke litt reaksjonar og refleksjonar i oss alle.

I dagens offentlege debatt vil det å ikkje ønske ei avkriminalisering eller legalisering av cannabis, kunne sjåast som konservativt. Likeins vil personar som opererer etter tokjønns-modellen, med eit biologisk syn på kjønn, bli sett på som konservative og lite opne. Eg meiner også vi kan sjå tendensar til at også dei som ønsker mindre innvandring, for å kunne ta betre vare på dei som allereie held til innanfor vår landegrense, blir stempla som konservative. Det er viktig at grensa for kva som er konservativt, ikkje blir flytta verken for mykje til høgre eller venstre i den politiske sfæren.

quote-left

Eg trur ikkje ordet «konservativ» er det best eigna til å bruke på desse personane

quote-right

Vi har alle eit ønske om å ta vare på noko. Behalde ting eller ulike omstende slik dei er, utan at det skal rokkast for mykje med. Dette er ei grunnleggjande menneskeleg kjensle. Derfor er det også rimeleg å forvente at vi ikkje omtalar konservative menneske som noko negativt i det omfanget som blir gjort i dag. Naturlegvis må det presiserast at enkelte er altfor nostalgiske og lite opne i møte med enkelte saker, men eg trur ikkje ordet «konservativ» er det best eigna til å bruke på desse personane.

Konservatisme kan vere ei positiv, forsvarleg og naudsynt haldning. I arbeidet med å ha ei fellesskapskjensle blant befolkninga i Noreg, er det ein føresetnad at vi alle har noko vi ønsker å bevare. Noko vi kan og bør hegne om. For om alt blir for fritt, liberalt og individualistisk, kva er det da å samlast om?