Skrivekonkurranse

KI i skulen: «På høg tid å utvikla retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i utdanninga»

Ida Nesse Selsvik meiner vi må få skikkelege retningslinjer når det kjem til kunstig intelligens. Innlegget er eit bidrag i skrivekonkurransen «Grenser i ei digital verd», og har fått heiderleg omtale av juryen.

Ida Nesse Selsvik (16)
Publisert

Skrivekonkurransen «Grenser i ei digital verd» er arrangert av Framtida.no, Magasinett og Nynorsksenteret.

Kunstig intelligens er noko som har vore i bruk i fleire år. Forskarar og fysikarar har brukt det til å simulera reaksjonar, føresjå vêr og utføra ting som elles hadde vore vanskeleg å gjennomføra. Dei siste åra har ein type KI utmerka seg, nemleg generative språkmodellar. Ein generativ språkmodell kan skapa akkurat det du vil, når du vil. Dette har skapt ei stor bekymring for lærarar i heile Noreg. I desember 2022 blei det sendt inn ei bekymringsmelding til Stortinget som omhandla bruken av KI i norske klasserom. 

Fleire og fleire brukar kunstig intelligens, og fleire og fleire blir bekymra for denne utviklinga. Kunstig intelligens er eit lett tilgjengeleg hjelpemiddel som kan skriva oppgåver og tekstar for elevar. Men er dette eigentleg eit problem? Er all bruk av KI negativ?

Kan det tenkjast at det er nokre lyse sider med den aukande bruken av kunstig intelligens?

Den mest brukte forma for kunstig intelligens blant norske elevar er nok ChatGPT. Dette er ein språkmodell som genererer tekst, og har blitt svært populær det siste året, og bruken av han har auka betydeleg.

Det er også den som både skriv og løysar oppgåver best. ChatGPT har vunne hjarta til tusenvis av studentar frå heile verda, og det er forståeleg. For mange elevar kan ChatGPT gjera livet mykje enklare ved å skriva tekstar, forklara matteproblem, og utføra arbeidet ditt for deg.

Problemet med ChatGPT er at han brukar ikkje kjelder. Måten kunstig intelligens fungerer på gjer det umogleg for han å sitera kva slags kjelder han sjølv brukar. KI generera berre orda etter kvarandre basert på sannsyn og etterliknar eit menneskeleg skrivemønster.

quote-left

For mange elevar kan ChatGPT gjera livet mykje enklare

quote-right

Difor er det mykje feilinformasjon og feilkjelder i tekstane til ChatGPT. Om du spør ChatGPT om å oppgi kjelder for tekstane han skriv, svarar han som følgjande: «Eg beklagar, men eg kan ikkje gi direkte sitat eller kjelder, sidan eg ikkje har moglegheit til å søkja på nettet eller få tilgang til eksterne kjelder. Mine svar er basert på ein kombinasjon av lisensierte data, data laga av menneskelege trenarar, og offentleg tilgjengeleg data». (ChatGPT, 2023).

Som du ser, er ikkje dette eit ordentleg svar. Eit reelt svar hadde vore at KI-en ikkje veit kva slags kjelder han brukar. Dette er ei stor bekymring, sidan det kan føre til brot på opphavsrettar og plagiat, utan at du er klar over det sjølv. I USA går det føre seg eit søksmål mot Open AI, selskapet bak ChatGPT. George R.R. Martin og 16 andre forfattarar meiner at Open AI ulovleg brukar deira opphavsrettbeskytta arbeid til å trene opp ChatGPT.

Bruken av kunstig intelligens har gitt opphav til ulike moralske og etiske bekymringar og spørsmål. Er det etisk å bruke KI for å produsera skriftleg innhald? Mange hevdar at å gjera nettopp dette, er det same som å juksa. Når du instruerer den generative språkmodellen til å skrive ei oppgåve, er det ikkje lenger din innsats og oppgåve, men i staden den kunstige intelligensen si. Det å sende inn andre sitt arbeid blir sett på som akademisk uærlegdom.   

Å sende inn arbeid generert av KI kan vera svært uinteressant og urettferdig ovanfor andre menneskje. Når nokon investerer betydeleg tid og krefter i å laga ein velskrive tekst, og strevar etter ikkje mindre enn perfeksjon, blir det nedslåande å sjå KI-generert tekst lett overgå dette kvalitetsnivået.

I dei fleste tilfelle vil den KI-genererte teksten gje det best moglege resultatet, med mindre det oppstår en KI-feil. Denne forskjellen undergrev det harde arbeidet og dedikasjonen som blir lagt fram av dei hardtarbeidande elevane.

Grunnen til at det ikkje er kome nokre nasjonale retningslinjer for bruken av KI endå, er nok at det er nokre positive sider med det. Om du brukar KI og generative språkmodellar på rett måte, så kan det vera ein utruleg stor hjelp i skulekvardagen. KI kan fungera litt som ein personleg assistent om du brukar det riktig.

Han kan laga studieplanar og timeplanar, kome med påminningar, og fleire slike oppgåver. KI kan òg forbetra læringa til elevar som slit med å forstå lange og vanskelege tekstar. Han kan forenkla og forkorta, kome med nye forklaringar, og gi inspirasjon til oppgåver du berre ikkje klarar å kome på noko til. Kunstig intelligens kan også fungera som eit språk- og omsetjingsverktøy, som kan hjelpe elevar til å forbetra sine kunnskapar og kommunikasjonsferdigheiter i framandspråk.

quote-left

Om du brukar KI og generative språkmodellar på rett måte, så kan det vera ein utruleg stor hjelp i skulekvardagen

quote-right

Bruken av kunstig intelligens har vekt mange bekymringar og etiske spørsmål. Det er viktig å nøye vurdera konsekvensane av å bruka kunstig intelligens til å produsera skriftleg materiale i utdanningssamanhengar. Sjølv om kunstig intelligens kan vera til stor hjelp i skulekvardagen dersom han blir brukt på rett måte, finst det ein fare for at han undergrev det harde arbeidet og dedikasjonen til andre. I tillegg er det ei alvorleg bekymring at kunstig intelligens ikkje er i stand til å oppgi kjelder, og at det er ein risiko for brot på opphavsretten og plagiat.

Det er no på høg tid å utvikla tydelege retningslinjer og reglar for bruk av kunstig intelligens i utdanninga, for å beskytte elevane sine rettar og oppretthalde integriteten i vårt utdanningssystem.