Identitet

«Kan nokon vere så snill å gi meg håpet tilbake?»

Det er nok mange fleire enn meg som hadde hatt behov for ei skikkeleg gladnyheit, skriv Emilie Hansen (25).

Emile Hansen (25)
Student og skribent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har aldri før kjent på så lite håp for framtida som det eg gjer no.

Den setninga sa eg for fyrste gong før jul, og har kunne ha sagt den fleire gongar sidan då. For kjensla av håplause har ikkje minska. Om noko har den heller auka.

Når eg snakkar med andre om dette, som er rundt min alder, kjem det fram at eg er langt frå aleine om å kjenne på håplause.

Unge er mindre lykkelege

Før påske vart «World Happiness Report 2024» publisert. I den kom det fram at Noreg var på 7. plass, men om målinga berre gjaldt personar under 30 hadde vi våre nede på 20. plass. I ein artikkel frå NRK vert dette forklart ved å vise til den økonomiske situasjonen og arbeids- og bustadmarknaden. Ikkje noko anna.

Bekymringar knytt til økonomi, og om ein kjem til å klare seg eller ikkje, heng tett saman med den mentale helsa. Om dette er noko ein stressar rundt over lengre tid kan det utvikle seg til psykiske helseutfordringar. Eg og kan bekymre meg over kor dyrt alt har vorte, om eg kjem til å få meg jobb etter studia, eller om eg nokon gong kjem til å ha råda til å kjøpe meg ein stad å bu. Men dette aleine er ikkje grunnen til at eg kjenner på håplause. 

Fleire grunnar til å kjenne på lykke

I mitt eige liv har eg fleire gode grunnar til å kjenne på lykke. Fleire av trinna på Maslows behovspyramide er oppfylte. Eg har råd til, og tilgang på, mat og tak over hovudet. Eg studerer og jobbar med noko som er relevant til studiet. Eg har fleire personar i livet eg er glad i, og som gjer at eg kjenner på glede når eg er saman med dei i kvardagen. Eg trivast. 

Men kvar gong eg løftar blikket, eller tenkjer framover, spreier uroa seg i kroppen.

Krig, konflikt og global oppvarming

Det er framleis krig i Ukraina. Det palestinske folket vert drepne og svelte i hel, utan at verdssamfunnet gjer noko. Iran gjekk nettopp til angrep på Israel, som kan føre til endå meir krig og konflikt. Det å vere vitne til mange millionar si liding, utan å kunne endre noko, er tungt og ekkelt. Og eg kjenner eg mister trua på verda.

quote-left

Slik utviklinga er no har eg inga aning for korleis jorda kjem til å sjå ut om nokre år

quote-right

I tillegg til krig og konflikt, er global oppvarming det eg bekymrar meg mest for. Vi står midt i ei krise, men det skjer så altfor lite for å handtere den. Temperaturen har stige, og det same har co₂-nivået i atmosfæren. I mars var det sett endå ein ny global varmerekord. Været vert meir og meir ekstremt, og eg er redd for å sjå kor mange øydeleggande skogbrannar det kjem til å bli denne sommaren. Eg uroar meg når eg tenkjer på framtida, for slik utviklinga er no har eg inga aning for korleis jorda kjem til å sjå ut om nokre år. Samstundes ser det ikkje ut til at dei med makt tek framtida vår seriøst. 

Økonomi er ikkje godt nok forklaringsgrunnlag

Eg er ein av dei unge som ser negativt på framtida. Den økonomiske situasjonen kan forklare delar av dei små kvardagslege bekymringane mine, men held ikkje som forklaring på kvifor eg ser mørkt på framtida. 

Eg bekymrar meg meir over kor mange liv som går tapt i dei ulike krigane i verda medan stormaktene legg ned veto mot kvarandre, enn det eg bekymrar meg for kor mykje pengar eg kjem til å tene. Eg bekymrar meg meir for alle dei forferdelege konsekvensane av global oppvarming, enn kva hus eller leilegheit eg har råd til.

Behov for ei gladnyheit

Det hadde vore fint å kunne tenke framover og ha bustad og jobb som dei einaste bekymringane. At om ein ønskjer seg barn eller ikkje har med eigne ønskjer å gjere, i staden for at det er ei etisk problemstilling på grunn av klima og miljø. 

Eg skulle ønskje eg kunne opne nyheitene på mobilen og lese at no er det fred. No har den globale oppvarminga stoppa opp. No har politikarane fått til fredsforhandlingar og sett inn tiltak for at jorda skal vere ein god plass å leve, også for komande generasjonar. At der ikkje var fleire saker om politiske skandalar, partnardrap, eller valdtektsoffer som ikkje vert trudde. Det er nok mange fleire enn meg som hadde hatt behov for ei skikkeleg gladnyheit.

Eg kjenner eg er lei. Kan nokon vere så snill å gi oss håpet tilbake?