Utdanning

Ingen regel utan unntak – tips til deg som skal søkja studium

– Eg lærte eit par ting av å velja studiestad på nytt som eg gjerne vil dela, skriv Gjøa Holmefjord om den fyrste tida som student.

Gjøa Holmefjord (20)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I august pakka eg med meg det eg trong og vende nasen nordover mot Trondheim. Eg skulle byrja på NTNU. Her er noko av det eg har lært, frå søkjarprosess til seks månadar inn i studiet.

Hadde du spurt meg eit par år tidlegare om eg kunne tenkja meg å studera i Trondheim, hadde eg svart tvert nei. Mykje grunna manglande kunnskap om kva NTNU hadde av studiemoglegheiter.

Eg har alltid trudd at om du skulle studera i Trondheim so måtte du velja noko innan det tekniske eller naturvitskapelege, som namnet NTNU hintar kraftig til.

At humaniora var ei moglegheit hadde ikkje slått meg, før eg byrja å sjå litt nærare på ting.

Eg var nemleg fast bestemt på at eg skulle til Volda. Dette hadde eg bestemt meg for på studiemessa i vg3, og det var ingenting som kunne få meg til å endra meining. Heilt til ei veninne av meg føreslo eit år på folkehøgskule, og eg heiv meg med.

Eg stortreivst på folkehøgskule, og fekk mange nye vener. Men, det førte med seg eit problem eg ikkje hadde rekna med. Veldig mange av dei nye venene mine skulle studera i Trondheim.

Brått verka tanken på å flytta til Volda året etter utenkjeleg. Eg hadde ikkje lyst til å flytta frå dei nye venene min i det heile teke, og eg byrja å leika med tanken om å studera i Trondheim i staden for.

No er det inga stor overrasking at eg enda opp i Trondheim, det har eg allereie røpt. Men eg lærte eit par ting av å velja studiestad på nytt som eg gjerne vil dela.

Du høyrer ofte; «ikkje ta store livsval basert på kva venene dine skal, du må setja dine ynske fyrst».

Dette er eg i utgangspunktet veldig einig i, men ingen regel utan unntak. Om du, som meg, har lyst å gå eit relativt generisk studium, so kan du vera ganske sikker på at du finn det ved dei fleste universiteta og høgskulane i landet. Om det er tilfelle, vil eg råda deg til å sjå på alle moglegheitene du har før du tek eit val.

Fyrst, sjå på variasjonar i fordjupingsfag.

Har skulen tilbod innan di studieretning som interesserer deg, eller moglegheit for relevant tverrfagleg undervisning?

Når du har luka ut dei skulane som passar dine interesser, må du retta blikket utover. Her er poenget å leggja vekt på alt som ikkje er studiet i seg sjølv.

Kva fritidstilbod finst det? Er det gode turmoglegheiter? Er det for langt heimanfrå, eller ikkje langt nok? Kjenner du andre som skal same plassen? Og ynskjer du å nytta studietida med gamle vener, eller vil du ha ein heilt ny start?

Når alt dette er på plass har du lov til å velja studiestad basert på heilt trivielle ting, som kva skule som har best utval i kantina eller at det er eit veldig godt tilbod på årsbillett i symjehallen rett ved campus.

Samstundes er det eit tilfelle der du skal høyra på «regelen».

Det er når det er snakk om det spesifikke draumestudiet. Det studiet som du har hatt lyst å gå på sidan du var elleve år, og som berre finst ved éin utdanningsinstitusjon i landet. Viss dette er deg, so skal du høyra på «regelen» og setja dine ynske fyrst.

Og står du mellom draumebyen og draumestudiet, so vil eg råda deg til å velja studiet.

Byen blir mykje det du gjer den til. Det har eg opplevd sjølv. Trondheim har rykte på seg for å vera ein god studentby, og det er eit godt utgangspunkt, men det er opp til den enkelte å ta del i det miljøet. Det har ingenting å seia at det er mange gode fritidstilbod for studentar om du sjølv sit heime heile tida.

Når det er sagt, har eg nokre tips til alle nye studentar, uansett kvar ein hamnar.

For det fyrste; bli med på noko sosialt.

Om det er idrett, linjeforeining, studentorganisasjonar eller kor. Finn ein organisert aktivitet å halda på med utanom studiet, som du har å gleda deg til kvar veke. I forlenging av det, dobbelsjekk korleis semesteret er lagt opp for din aktivitet. Er det fotballkamp annakvar helg, og kor mange ekstraøvingar før konserten med koret blir det?

For det andre; ver ute i god tid, og prøv å kjøpa pensum brukt.

Det finst mange appar og nettsider som sel brukt pensum til ein billig penge. Her er det ein del å spara, som ein heller kan bruka på kjekkare ting (*kremt kremt* fadderveka).

Og når me fyrst snakkar om pengar, nytt deg av mattilboda.

Sjølv om Rema 1000 er rett ned i vegen, kan det henda at Kiwi har betre tilbod, og då er dei ti ekstra minutta fram og tilbake verdt det. Kvitost er lurt å kjøpa på sal, for so å dela i bitar og frysa. So kan du heller ta opp ein bit om gongen, i staden for at du endar opp med ein påbegynt ost som berre myglar. Og middag kan lagast i store mengder og frysast, særleg supper og gryterettar. Det er gull verdt når du sit med det billige pensumet ditt og les til eksamen.

Heilt til slutt, hugs å pakka med deg utkledingsklede.

Du kjem til å få bruk for det, tru meg. Og då er det like greitt å pakka med seg prinsessekrona og piratsverdet du har liggande frå då du var liten, i staden for å skaffa nytt. Gløym heller ikkje saks. Du har alltid bruk for ei saks.

Og gløym ikkje, det blir kjekt, uansett kvar du hamnar.