Politikk og samfunn

«Ikkje kutt i behandlingstilbodet til oss med migrene!»

Simen Bondevik fryktar tusenvis kan bli uføre om det blir innført anbod på blåreseptordninga.

Simen Bondevik (23)
3. vara til bystyret i Oslo for Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa har føreslått å innføre anbod på blåreseptordninga, og dermed redusere behandlingstilbodet til dei av oss med kronisk migrene. Ønsket frå regjeringa si side er å spare pengar. Men dette er verkeleg ikkje den sparemoglegheita dei trur det er. Det vil i verste fall kunne tvinge meg og tusenvis av andre tilbake til uføre og eit smertehelvete.

13 år gamal fekk eg mitt første migreneanfall. Gjennom ungdomstida mi var eg plaga med episodiske migreneanfall ein gong i blant. Men for halvanna år sidan byrja dei smertefulle migreneanfalla mine å kome stadig oftare.

Simen Bondevik er plaga av migrene. | Foto: Guro Helene Bondevik

Til slutt levde eg berre med konstante smerter og migreneanfall kvar dag, og blei nøydd til å bli sjukemeldt frå jobb.

Med dei intense smertene og svært hyppige migreneanfalla mine var det umogleg å stå i jobb. Eg klarte knapt å fungere i mi eiga leilegheit. Kronisk migrene kan føre til alvorleg funksjonstap. Dessverre er eg langt frå åleine med å ha hatt det slik. Migrene er den vanlegaste årsaka til uføre for dei av oss under 50 år.

quote-left

Det vil i verste fall kunne tvinge meg og tusenvis av andre tilbake til uføre og eit smertehelvete.

quote-right

Heldigvis finst det nokre gode medisinske behandlingar. Det finst ingen mirakelkur mot migrene, men mange av oss opplever heldigvis god effekt av såkalla CGRP-hemmarar.

CGRP-hemmarar er førebyggjande medisin mot migrene. Dei verkar ved å hemme mengda av smertesignalet CGRP i kroppen. I Noreg i dag finst det tre ulike typar som vanlegvis blir skrivne ut til behandling av migrene: Emgality, Ajovy og Aimovig. Nevrologar har i dag moglegheita til å skrive ut desse på blå resept, og tilpasse behandlinga individuelt.

Regjeringa har no komme med eit forslag om anbod for blåreseptordninga, der berre ein av dei tre mest brukte CGRP-hemmarane i Noreg skal bli gitt på blå resept. Å redusere tilgangen til behandling med ulike typar CGRP-hemmarar kan ta meg og tusenvis av andre nordmenn som er plaga med kronisk migrene tilbake i eit smertehelvete, og tvinge oss til uføre.

quote-left

Snu før det er for seint.

quote-right

Når det frå regjeringa si side er eit tydeleg uttrykt ønske å få flest mogleg inn i arbeidslivet, så er det ein svært dårleg idé å fjerne behandlingsmoglegheiter for dei av oss som slit med kronisk migrene. Ei undersøking frå organisasjonen Hovudverk Norge viser at over 50 prosent har bytt CGRP-hemmar, og at over 72 prosent har oppnådd betre effekt av ein annan type.

Same undersøking viser at over 34 prosent av dei som får behandling med CGRP-hemmar har gått frå sjukemelding, AAP eller uføretrygd og tilbake i jobb etter å ha fått behandling.

Simen Bondevik.

Dette har eg også sjølv erfart. Først blei eg behandla med Ajovy som hadde avgrensa effekt, men med behandling med Emgality saman med Botox er eg no på veg tilbake i full jobb.

Innføring av anbod på blåresept-legemiddel og kutt i behandlingstilbodet til oss med kronisk migrene er verkeleg å spare seg til fant. Ved å berre tilby den billigaste CGRP-hemmaren på blå resept sparar staten på kort sikt pengar. Men medisinutgiftene utgjer berre ein liten brøkdel (5,5 prosent) av det totale helsebudsjettet. På lang sikt vil det uansett bli dyrt; med fleire uføre, sjukemelde og AAP-mottakarar. Eg står i fare for å bli ein av dei.

Ver så snill alle helsepolitikarar på Stortinget og i regjeringa: Snu før det er for seint. Ikkje kutt i behandlingstilbodet til dei av oss med kronisk migrene!