«Cornell University-saka gjer meg ordentleg sint!»
Det er ikkje kvinner sitt ansvar å passe på at dei ikkje blir valdtatte. Det er vi menn som har ansvaret for å ikkje valde, skriv Simen Bondevik (25), partiet Sentrum.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det er så vondt å lese korleis ei kvinne fortel at ho har blitt dopa ned og utsett for valdtekt av sju ulike menn. Ho fortel sjølv at ho slit med eit grufullt traume etter det som skal ha skjedd.
Og kva presterte gutane i gruppechatten på universitetet å skrive denne kvelden, medan valdtektene skal ha gått føre seg? «Gratis fitte i overetasjen».
Må sjå oss i spegelen
Det var nesten 60 gutar i denne gruppechatten. Tilsynelatande reagerte ingen på det som blei skrive i chatten. Det fortel meg at vi har eit alvorleg samfunnsproblem når det gjeld kvinnesynet, forholdet til sex og grensesetjing, og generelt medmenneskelegheita blant oss unge menn.
Vi menn er nøydde til å sjå oss sjølve i spegelen og tenkje gjennom korleis vi snakkar om jenter og sex i vennegjengen vår.
Menn har eit ansvar
Vi må aldri vere med på å ufarleggjere valdtekt. Valdtekt er ikkje morosamt eller spennande.
Valdtekt er ei grufull og ulovleg handling som kan øydeleggje livet til dei som blir utsette for det.
Det er ikkje kvinner sitt ansvar å passe på at dei ikkje blir valdtatte. Det er vi menn som har ansvaret for å ikkje valde.
Men ikkje berre det – vi har også ansvar for å seie frå når andre menn i kompisgjengen vår går over streken.
Det skjer her heime
Og før nokon prøver seg på «jamen dette skjedde jo i USA, vi er i Noreg»-varianten i kommentarfeltet her: Éi av fem norske kvinner har blitt valdtekne i løpet av livet.
Valdtekt er eit reelt samfunnsproblem her heime i Noreg. Kvinner som blir utsette for valdtekt, kan få resten av livet sitt øydelagt.
Vi må jobbe saman for å få ein slutt på dette, og hovudansvaret for det kviler faktisk på oss menn.






