Politikk og samfunn

«Helseministeren sviktar på ettervern»

Ane Marita Rossevatn Uleberg (24)
Nestleiar Bergen KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kva hadde du gjort dersom legen plutseleg avslutta ei fungerande behandling rett før du vart frisk, og sendte deg av garde utan vidare oppfølging?

Dette er realiteten for mange pasientar i psykisk helsevern. I dag vert mange pasientar skrive ut av spesialisthelsetenesta medan dei framleis har store psykiske utfordringar. Pasientane står igjen rådville og aleine utan å vite kva dei skal gjere vidare. For mange er tida etter utskriving den tøffaste, men det er då dei manglar eit helsetilbod. Ettervernet innan psykisk helsevern må styrkast nå!

330 milliardar kroner

Det kjem fram av ein rapport frå FHI at så mange som 16-22% av den norske befolkninga årleg kvalifiserer til ein psykisk diagnose. Dette er høge tal, og det viser at manglande ettervern i verste fall påverkar ein vesentleg del av den norske befolkninga som er i, har vore gjennom eller skal gjennom behandling.

Kvart år kostar psykiske lidingar den norske stat 330 milliardar kroner. Det samla helsetapet for psykiske lidingar er større enn helsetapet for både kreft, hjarte- og karsjukdommar, kols og diabetes til saman. Dersom me skal klare å snu denne trenden, må noko gjerast nå. Eitt tiltak er å betre ettervernet.

quote-left

For mange er tida etter utskriving den tøffaste, men det er då dei manglar eit helsetilbod.

quote-right

Ord og handling

Helseminister Ingvild Kjerkol snakka i årets sjukehustale varmt om korleis psykisk helse igjen skal vere ein prioritet i 2024.

Det er i seg sjølv bra at Kjerkol i år som i fjor vil ha fokus på psykisk helse, men det hjelper lite når ord og handling ikkje samsvarar.

Kjerkol ser korkje ut til å bry seg om pasientane som slit i etterkant av behandling, eller å skape trygge rammer for desse i tilfriskingsprosessen. Ettervern er ikkje ein gong nemnt i opptrappingsplanen for psykisk helse som ho la fram i fjor. Dette er for dårleg. Pasientane treng oppfølging, dei treng eit heilskapleg tilbod og dei treng eit ettervern som skapar tryggleik. Dette må vere mogleg for helseministaren å både sjå og gjere noko med.

Dersom Kjerkol skulle trenge litt hjelp med korleis ho skal få inn ettervern, kan ho alltids sjå til KrFU.

KrFU vil ha strengare krav til informering om viktigheita av vidare oppfølging før pasienten vert skrive ut, krav om utarbeiding av ein plan for vegen vidare etter behandling uansett diagnose eller behandlingsforløp, og at retten til ettervern må lovfestast i psykisk helsevernlova for å ansvarleggjere spesialisthelsetenesta.

Må ikkje erstatte behandling

Det er derimot viktig at ettervern ikkje erstattar behandlinga uansett kva som skjer. Ettervern skal vere ei hjelp og støtte i etterkant av behandling, ikkje eit argument for at behandlinga skal avsluttast tidlegare. Oppfølginga skal vere med på å hindre aukande symptomtrykk, tilbakefall, og at pasientane fell tilbake igjen i systemet rett etter utskriving.

Noreg sine innbyggjarar fortener hjelp, dei fortener støtte på vegen og dei fortener eit tilbod som er spesielt tilpassa deira situasjon. Befolkninga fortener eit heilskapleg helsetilbod der ettervern er inkludert. Dette må helseministeren sørgje for at skjer nå!