Politikk og samfunn

Hatet råkar der kjærleiken står aller sterkast

Det kostar å ta kampen for fridom og solidaritet, skriv Hannah Owe Hope (20).

Hannah Owe Hope (20)
Fylkesleiar for AUF i Rogaland og medlem av 22. juli-utvalet til AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne sommaren er det 12 år sidan terrorangrepet 22. juli 2011. Fleire blant den nye generasjonen av AUF-arar som er aktive i organisasjonen i dag, opplevde ikkje terrorangrepet 22. juli sjølv. For mange er det berre eit vagt minne, og fleire av dei aktive medlemene våre var såpass unge at dei ikkje hugsar mykje frå den mørke sommardagen.

Mange har høyrt historier om 22. juli, eller har lese om det i skulebøkene. Historiene om 22. juli er ofte prega av tilfeldigheiter. Om ein stod på rett stad til rett tid, om ein sprang til høgre eller venstre, la på svøm eller gøymde seg.

Men terrorangrepet 22. juli var ikkje noko tilfeldigheit; det var eit målretta angrep på framtida til Arbeidarpartiet. Eit målretta angrep på ungdom som var på sommarleir.

quote-left

Terrorangrepet 22. juli var ikkje noko tilfeldigheit; det var eit målretta angrep på framtida til Arbeidarpartiet

quote-right

Sommaren fleire hundre AUF-arar frå ulike deler av landet skulle samlast for å spele fotball, bade, høyre på talar i bakken og utvikle politikk for framtida. I tursekken pakka dei med seg telt, solkrem, myggspray og ein draum om ei mer rettferdig verd.

Mange av dei som drog hadde vore på sommarleir før, og skildra Utøya som ein fristad der ingen draumar var for store. Andre var med for aller første gong, og hadde pakka med seg litt for mykje. Det var mange forskjellige ungdommar som deltok på sommarleir det året, men alle AUF-arane som tok båten MS Thorbjørn over til Utøya, hadde det same bankande hjartet for fridom, likskap og solidaritet.

Denne sommaren er det også eitt år sidan terrorangrepet 25. juni 2022. Natta fleire menneske samla seg for å veie regnbogeflagget, danse, og for å feire kjærleiken. Menneske som stadig er utsette for å møte hat for å leie kjærasten sin i handa på gata. Menneske som etter to år i pandemi endeleg skulle feire fridomen til å kunne vere seg sjølve, og halde fram kampen for dei som ikkje kan. Skytinga på London Pub var heller inga tilfeldigheit, det var eit målretta angrep mot det skeive miljøet, mot fridomen til å kunne vere seg sjølv, og eit angrep mot kjærleiken. Eit angrep som råka ei heil rørsle, og som har gjort det vanskelegare for menneske å kunne vere sitt verkelege sjølv.

quote-left

Det kostar å ta kampen for fridom og solidaritet

quote-right

Det kostar å ta kampen for fridom og solidaritet. For i både politiske ytterkantar og religiøse miljø finn vi menneske som er villige til å drepe for å stanse den kampen. Det er inga tilfeldigheit at hatet råkar der kjærleiken står aller sterkast. Vi såg det ved terrorangrepet 22. juli 2011, og vi såg det i fjor ved skytinga på London Pub 25. juni. Etter at hatet råka rørsla vår, var gatene fulle av menneske som stod i eit rosetog. Etter at hatet råka den skeive rørsla, var utsida av London Pub full av fargar og blomehav. Kjærleiken stod sterkare og bløma, då nokon andre prøvde å rive den ned.

quote-left

Etter hatet tok vi tilbake Utøya

quote-right

«Vi gir oss ikkje i kampen for det vi trur på, vi skal tilbake til Utøya,» sa tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen dagen etter terrorangrepet 22. juli. No er det 2023, og om ein månad er det tid for ein ny sommarleir på Utøya. MS Thorbjørn skal frakte nye generasjonar med AUF-arar over til Utøya, og skape politikk for framtida. Etter hatet tok vi tilbake Utøya, og vi har framleis sommarleir. Etter hatet kjem vi tilbale til pride-paradane, og vi veier regnbogeflagga høgare enn nokon gong før. Med dei vi mista den mørke sommardagen, og i feiringa av kjærleiken, held vi fram kampen.

Hatet råkar der menneske kjenner seg trygge, frie og der kjærleiken står sterkast.

Men hatet skal aldri få vinne over kjærleiken.