Identitet

«Haaland eller Garborg – kven er størst?»

Ordføraren i Time sa at fotballspelar Erling Braut Haaland var blitt større enn Arne Garborg. At du i det heile tatt får lov til å ytra deg, kan du mellom anna takka Garborg for, skriv Ørjan Zazzera Johansen.

Ørjan Zazzera Johansen
Forfattar og formidlar på Garborgsenteret
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta var først publisert på nettsidene til Garborgsenteret og er republisert med løyve.

21. juni gjekk ordføraren i Time, Andreas Vollsund, ut og sa at fotballspelar Erling Braut Haaland var blitt større enn Arne Garborg. Mange reagerte på dette, også me. Men som det kunnskapssenteret me er, vil me ikkje la oss riva med av følelsar. Me bestemte oss for å gå vitskapleg til verks.

Men først: Kva inneber det å vera «størst»? Også her er folk ueinige. Ordføraren la vekt på popularitet og kven som er mest berømt akkurat nå, medan me hella meir mot kven som er viktigast – både i samtida og ettertida.

Kven er størst av Erling Braut Haaland og Arne Garborg?

Kven er størst av Erling Braut Haaland og Arne Garborg?

Erling Braut Haaland43
Arne Garborg50
Dei er like store2
Ingen er særleg store4
Svar totalt: 99

 

Me tar punkt for punkt, frå smått til stort, heilt til me har ein vinnar. Førstemann til ti poeng vinn!

Me går i gang:

Fysisk storleik: stor eller liten?

Haalands 1,95 er jo meir enn Garborg sine anslagsvis 1,62 meter, men ikkje alle ser det som noko positivt å vera høg. Likevel, sidan spørsmålet det gjeld er nettopp kven som er størst, får Haaland poeng her.

Og sjølv om det framleis er fleire Garborg-museum (tre), statuar (tre), vegar (tre) enn Haaland-monument i Time, ruvar sistnemnde noko skikkeleg i Bryne sentrum. Og mange lo då Haaland slengde rundt på lagkamerat Bernardo «som eit lite barn». Vel, Bernardo er elleve centimeter høgare enn Garborg.

Poeng til Haaland. 1-0.

Utsjånad. Krans eller hestehale?

Mange er opptekne av hår, og då kan me ikkje ta lett på dette punktet. Kva er eigentleg flottast av krans og hestehale? Haaland overraska mange då han sleppte ut håret og laga hale, medan Garborg nok må seiast å ha hatt eit meir avslappa forhold til håret sitt, utan at han eigentleg hadde noko val. Han blei tynn i håret i starten av trettiåra, og etter ein spennande periode med hentesveis (framover) slo han seg til ro med den klassiske kransen. Dette er ei vanskeleg vurdering, men sidan Haaland sitt tjukke, lyse hår utvilsamt er flottare enn Garborg sitt, uavhengig av frisyre, får han poenget her.

Poeng til Haaland. 2-0.

Klede. Pysjamas eller slåbrok?

Haaland har fått mange kommentarar på pysjamasbruken sin, særleg då han dukka opp på fest med lagkameratane i sovetøy. Men det ser unekteleg nokså kult ut, han har skapt mote og det er lett å forstå at ein mann som til ei kvar tid har gangsperr, lårhøne, legghøne, skrubbsår og blåmerke likar å kle seg behageleg. Slåbroken Garborg brukte å gå med i Knudaheio var altfor stor, men god og varm i den kalde hytta. Dessverre (eller heldigvis) brukte han den aldri ute blant folk, så han skapte ingen mote.

Poeng til Haaland. Hattetriks. 3-0.

Namn. Frå Håland til Haaland eller frå Aadne til Arne?

Det er interessant å merka seg at både Haaland og Garborg valde vekk dei jærske namna sine. Haaland anglifiserte det norrøne Håland til Haaland, og me aner at far Alfie (tidl. Alf-Inge) ikkje heilt har fått med seg påverknaden digitaliseringa har hatt på det engelske språket. Til dømes er det heilt uproblematisk å heita Ødegaard i England i dag. Aadne endra til Arne då han flytta til hovudstaden, noko som kanskje var litt feigt, men han trudde i det minste (om enn feilaktig) at Arne var eldre og meir norrønt enn Aadne.

Minuspoeng til begge. Haaland held leiinga med 2 poeng, Garborg kjem etter med minus 1.

NB! Det er sikkert ein og annan jærgut som blir døypt Erling i tida framover, og det er til inntekt for fotballspelaren. Men det var først etter Haugtussa at Veslemøy kom i bruk. Før boka, som kom i 1895, heitte ingen norske jenter Veslemøy. Dette kunne gitt ekstrapoeng til Garborg, men me held oss til saka og gjev poenget til dei 619 flotte kvinnene som heiter Veslemøy i Noreg i dag (kjelde: Statistisk sentralbyrå).

Musikk. Kygo Jo eller Haugtussa-songane?

Haaland laga jo sin eigen ræpp, Kygo Jo, saman med juniorlandslagsvennane, med over 11 millionar treff på YouTube. I tillegg har han fått den morosame «Haaland (Ha Ha Ha)» laga til seg, og fansen syng namnet hans kvar veke. Dette er sjølvsagt stort. Likevel er Garborg overlegen her. «Gud signe Noregs land» var nynorskens nasjonalsong, «Småsporven» er framleis ei av dei mest populære visene på Jæren og Haugtussa-songane til Grieg sine melodiar er verdsberømte. Saman med Peer Gynt er Haugtussa det norske diktverket som er blitt laga mest musikk til. Mellom komponistane og artistane er Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan (sjå under). I tillegg var Garborg ein flink felespelar, medan me ikkje kjenner til liknande talent hos Haaland.

Poeng til Garborg. Haaland leiar 2-0 ettersom Garborg hadde minuspoeng før denne runden.

Turisme. Kven er flinkast til å marknadsføra heimstaden?

Ordføraren skryt av at Haaland ofte snakkar om Bryne. Men kvifor er det meir imponerande at berømte personar snakkar om heimstaden sin enn at andre gjer det? Alle kjem vel frå ein plass? Opplev Jæren marknadsfører Bryne som «heimbyen til Haaland», og to turistar frå England (den eine halvt norsk) dukka opp i byen. Garborg skreiv seks bøker om Jæren og nemnde heimstaden i tallause avisartiklar. Haaland har kanskje gjort Bryne litt kjend i utlandet, men Garborg gjorde Knudaheio til den mest kjende staden på Jæren. Turistar til Knudaheio? Fleire hundre tusen i løpet av 124 år.

Poeng til Garborg. 2-1 til Haaland.

Identitet. Kven er flinkast til å halda på dialekten?

Haaland har fått mykje ros for å halda på dialekten sin, men er ikkje det ein sjølvsagt ting? Nei, viser det seg. Garborg, nynorskføraren sjølv, begynte nemleg å snakka austlandsk då han busette seg i Kristiania. Rett nok gjorde alle det på den tida, men skuffande er det likevel.

Poeng til Haaland. 3-1.

Talent. Kven har det råaste råmaterialet?

Nå går me inn i litt tyngre saker. Og her snakkar me om to uvanlege talent.

Haaland viste sensasjonelle evner allereie frå første fotballtrening som femåring, og same året sette han uoffisiell verdsrekord i stille lengde for femåringar. Garborg var sekretær i kommunens forsikringsnemnd som elleveåring, og var allereie kjend i lokalmiljøet for dikta sine. Haaland fekk eit internasjonalt gjennombrot som nittenåring, Garborg var i same alder redaktør for to aviser, den eine landsdekkande. Haaland vann europacupen som 22-åring, Garborg tok artium på to år i staden for tre – og oppnådde dei beste karakterane i heile Noreg.

Her er det så vanskeleg å skilja at me må bruka askeladden-metoden. Garborg vaks opp på ein middels stor gard med omgangsskule og ein psykisk sjuk og valdeleg far. Han måtte risikera alt for å oppfylla sine draumar. Haaland blei fødd med sølvskei i munnen og fekk vera med på eit av landets fremste ungdomslag med glimrande trenarar og lagkameratar. Han blei oppfordra til å spela mest mogleg fotball medan Garborg måtte gøyma seg frå faren og lesa i smug.

Poeng til Garborg. 3-2 til Haaland.

Forvaltning av talentet?

Her har me å gjera med to råskinn. Haaland bestemte seg allereie på barneskulen for å bli verdas beste fotballspelar, medan Garborg bestemte seg for å bli forfattar då han høyrde salmesong i kyrkja som fireåring. Garborg forsømte lærarjobben sin ved å sitta oppe om nettene og skriva Ibsen-inspirert dramatikk. Haaland spelte fotball i kvart friminutt, kvar ettermiddag og kvar helg sidan han gjekk på småskulen, og han trener framleis så mykje kroppen berre kan tola. Garborg skreiv døgnet rundt i fleire tiår, ofte så konsentrert at han tok feil av vassglaset og blekkhuset når han blei tørst. «Eg veit godt at det er ufarleg å drikka blekk», sa han, «for det har eg drukke mykje av».

Poeng til begge. 4-3.

Gjetord. Kven var mest kjend?

Verda har endra seg så mykje på hundre år at me må sjå dei to kandidatane i forhold til samtida si. Garborg var den store ulven i norsk offentlegheit på 1880-talet, han blei kalla «Noregs farlegaste mann» fordi han gjekk rett i strupen på kyrkja og svenskekongen. Han fekk bøkene sine brent i gatene og mista jobben for sine meiningar. På den andre sida var han så populær at unge jenter svor på å kalla ungane sine opp etter han, dette trass i at han også blei kalla «Noregs styggaste mann». Han var superstjerne i utlandet, og seinare nobelprisvinnarar besøkte han i Noreg for å læra å skriva romanar av meisteren. Garborg blei kjent att i tyske landsbyar på ei tid då det ikkje eingong var fotografi i avisene. Han utløyste «det største opprøret i Noreg i fredstid» i 1913, då 15 000 menneske slost utanfor Det Norske Teatret under oppsettinga av Garborg si omsetting av «Jeppe paa Bierget» (til «Jeppe på berget» – ein provokasjon!). Då Garborg døydde, fekk kona Hulda klar beskjed frå regjeringa: «Han tilhøyrde ikkje familien, han tilhøyrde det norske folket.» Alle statsrådar og kong Håkon kom i gravferda i Oslos største kyrkje. Først etterpå fekk Hulda regjeringas spesialtillating til å gravleggja mannen i hans eigen hage (Knudaheio).

Det er ei anna medieverkelegheit i dag, med Internett, sosiale medium, radio og teve. Å bli kalla «verdas mest kjende nordmann» og «verdas mest omtalte idrettsutøvar» er likevel noko for seg sjølv. Garborg hadde nok aldri ein slik status, men han konkurrerte med Ibsen og Bjørnson, Nansen og Amundsen. Grieg og Munch nådde ikkje opp, dei heller. Trass i konkurransen var Garborg i periodar den mest omtalte i Noreg, t.d. kunne ein lesa på kafédører i hovudstaden «Her diskuteres ikke Garborg sine bøker!» Folk var leie av at det var så mykje Garborg.

Poeng til begge. 5-4 til Haaland.

Kunstoppleving. Er det vesensskilnad på fotball og litteratur?

At litteratur er kunst er akseptert; at fotball er det, er noko meir omdiskutert. Uansett må ein kunna seia at einskilde av Haaland sine mål er så vakre at dei blir sublime, dei gjev ei sterk oppleving av kunst.

Litteratur gjev større fridom, noko av greia er nettopp å bryta reglane. I fotballen er det motsette tilfelle: Bryt du reglane, blæs dommaren frispark. Fotball kan definerast som brukskunst: Korleis vera kreativ innanfor reglane? Haaland er oppfinnsam og finn råd gong på gong. Han er mykje lurare enn forsvarsspelarane han møter. Til gjengjeld innleidde og utvikla Garborg fleire litterære periodar og stilar. I Tyskland laga han «skule», unge forfattarar ville skriva som han. Kolbotnbrev og Trette menn var så nyskapande at dei framleis står igjen som meisterverk. Har Haaland gjort noko nyskapande? Det måtte i så fall vera volleyen mot Dortmund i meisterligaen.

Eit knapt poeng til Garborg. 5-5.

Den samlande funksjonen. Kor stort engasjement skapar dei i lokalmiljøet?

Under europacupfinalen samla 2500 menneske seg på Bryne torg for å sjå kampen på storskjerm, sjølv om helten representerte eit lag frå ein annan by i eit anna land. Det er over ti prosent av kommunens folketal, og det er jo imponerande! Men dagen Garborgheimen opna som museum i 1951 møtte nærmare 5000 menneske opp. Då hadde Garborg vore død i 28 år. Og ifølge Statistisk sentralbyrå hadde Time kommune 5201 innbyggarar.

Klart poeng til Garborg. 5-6 til diktaren.

Prestasjon. Kven er best?

Dette er ein tungvektar. Me nærmar oss kjernen i «størst». Og til mange si overrasking er det faktisk mogleg å samanlikna desse to. Fotball og skriving er begge mellom verdas største, mest populære og oftast omtalte verksemder. Her finst det kåringar og prisar og kontekstar i alle former og retningar.

Nivået er skyhøgt hos begge kandidatane, dei har nådd den ypparste verdseliten. Haaland er ein av tre favorittar til Gullballen, medan Garborg blei nummer to i Nobelprisen i 1920, fire stemmer bak Hamsun (ifølgje rykta). Garborg var nominert mange år på rad, men han hadde jo alderen på si side. Eller forresten: Det er det vel Haaland som har?

Poeng til begge. 6-7.

Varigheit. Aktuelt eller tidlaust?

Litteratur er nok meir slitesterkt enn fotball. Kvart år oppdagar nye lesarar Garborg og får sterke leseopplevingar og nye innsikter. Alle har høyrt om Ibsen og Bjørnson og Kielland og Garborg, sjølv om dei har vore daude i over 99 år. Til samanlikning er fotball ferskvare. Eit døme er rekordhaldaren i skåringar på det norske landslaget. Først nå, åtti år etter at han spelte, er det nokon som børstar støv av Jørgen Juve. Kvifor? Fordi Haaland kan slå rekorden hans. Betyr dette at Haaland blir gløymt til det kjem andre som kan slå rekordane hans?

Poeng til Garborg. 6-8 til diktaren.

Medmenneskelegdom. Kven har den finaste personlegdommen?

Garborg hadde utvilsamt hjernen på rette staden, men kor hadde han hjartet? Han var jo kjend for å vera ein gniar av verste sort, ein slik som (bokstaveleg tala) samla på hyssing i bukselommene og gjekk i vegkanten for å slita mindre på skorne (ja, det er heilt vanvettig). Spesielt hjelpsam hadde han heller ikkje ord på seg for å vera.

Haaland, derimot, framstår som ein relativt raus person. At han blir sint på utanlandske midtstopparar synest me berre er festleg, me er jo sinte, me òg. At han kjeftar på gilde ungar i United-drakt er derimot uakseptabelt, iallfall så lenge denne artikkelforfattaren er United-fan.

Poeng til Garborg. 6-9.

Betydning. Kven er viktigast?

Me skal ikkje underslå betydinga Haaland har for jærbuen. Han gjer oss stolte og glade, det kjennest nesten som at det er me sjølve som skårar mål og vinn trippelen. Me ruslar i gatene og sparkar småstein – ikkje av frustrasjon, men fordi me vil «dryla». Me leiker Haaland.

Samanlikna med diktarfilosofen og redaktøren Garborg sin utrøyttelege innsats for ytringsfridom, religionsfridom, likestilling, demokrati – ja, kort sagt frie menneske i eit fritt Noreg – blir Haaland likevel ein smågut, kanskje til og med førsteårs lilleputt. Det er her Garborg sin «storleik» kjem tydelegast fram. Han var viktig.

Garborg valde fattigdom fleire gonger for å kjempa fellesskapet sine saker. Han bidrog til å gjera Noreg til det det er i dag. Og han gjorde det ved hjelp av ein lyrikk og ein prosa som framleis er noko av det skarpaste og vakraste som er skrive på norsk (eller noko anna språk, for den saks skuld).

Er du ueinig, må du gjerne protestera, men at du i det heile tatt får lov til å ytra deg, kan du mellom anna takka Garborg for.

Poeng til Garborg. 6-10 til diktaren. Utklassing.

Konklusjon: Garborg er framleis den største!

Fanfare: «Småsporven gjeng i tunet» med Deep River Boys, eit amerikansk band som ikkje kunne norsk.

Haaland kan berre seiast å vera større enn Garborg slik Beatles var større enn Jesus: Han er meir populær blant dei unge og uvitande (og ordførarar) akkurat nå. Men som John Lennon presiserte: Beatles var verken betre eller viktigare enn Garborg, unnskyld, Jesus.

Var det her me skulle lagt til: «utan samanlikning for øvrig»? Sannsynlegvis. Men me gjer ikkje det. Me er Garborgsenteret.

Artikkelforfattaren har vore formidlar på Garborgsenteret i 12 år. Han har òg skrive fire bøker om fotball på Bryne, mellom dei «Fotballprosjektet», i lag med Haaland sin ungdomstrenar Alf Ingve Berntsen, og biografien «Historia om Erling Braut Haaland».

Er ikkje anna angitt, er bilda tatt av Garborgsenteret, der teksta først var publisert.