Politikk og samfunn

«Gi Esben Esther den æra hen fortener!»

Ask Stenseth-Kilstad meiner Esben Esther Pirelli Benestad må få legeautorisasjonen tilbake.

Ask Stenseth-KilstadAsk Stenseth-Kilstad (18)
2. nestleiar i Skeiv Ungdom
Publisert
Oppdatert 16.05.2023 13:05

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I februar 2023, mista Dr. Esben Esther Pirelli Benestad sin legeautorisasjon.

Dette førte til demonstrasjonar over heile landet, der opprørte skeive aktivistar samla seg i frustrasjon, angst og sinne over Helsetilsynet sitt vedtak, som set alle Noregs transpersonar i ein ekstremt usikker og farleg situasjon.

Utmerkt seg i behandling av transpersonar

Dr. Esben Esther Pirelli Benestad er ein norsk lege, spesialist i klinisk sexologi frå Universitetet i Agder og professor emerit på Universitetet i Agder. Hen har lenge vore ei markant stemme i det offentlege når det kjem til transtematikk i politikken, og har utmerkt seg som ein av Noregs leiande legar på behandling av transpersonar.

Hen har gjennom 30 år som lege redda mange liv, ifølge hens eigne pasientar. Men, då det vart kjent at Esben Esther Pirelli Benestad hadde blitt fråteken legeautorisasjonen sin av Helsetilsynet, kunne ein føle at heile det skeive miljøet vart skaka.

Få andre tilbod

Helsetilsynet sitt vedtak og grunngjeving for denne avgjerda er på over 40 sider. Granskinga av Benestad vart starta på bakgrunn av tre varslingssaker frå pårørande og anna helsepersonell.

«I denne saken dreier det seg om Helsedirektoratets retningslinjer for forskrivning av vanedannende medikamenter, og Helsedirektoratets nasjonale faglige retningslinje for utgreiing og behandling av kjønnsinkongruens hos barn, unge og voksne», seier Helsetilsynet.

Dr. Esben Esther har drive eigen praksis, men også vore lege på HKS – Helsestasjon for Kjønn- og Seksualitet i Oslo. Dette er eit av ekstremt få tilbod som finst for transpersonar som ikkje vel å få kjønnsbekreftande behandling offentleg gjennom Rikshospitalet, eller privat, som er ekstremt dyrt.

Akkurat no er det einaste reelle helsetilbodet for transpersonar som ønskjer kjønnsbekreftande behandling NBTK på Rikshospitalet. Det er ei rekke ting som gjer dette problematisk, blant anna ei ekstremt lang venteliste, unødvendig lang utgreiingsprosess og at NBTK generelt har eit ekstremt dårleg rykte på seg for å ikkje behandle pasientane sine bra. På to år har Riksens avdeling for kjønnsinkongruens dratt på seg over 90 pasientklager som Helsetilsynet ikkje har teke tak i.

Fastlegen kan ikkje hjelpe

Over 100 pasientar står i realiteten utan behandlingstilbod no som Esben Esther har mista autorisasjonen sin. Dette viser berre endå ein gong kor skjørt tilbodet i Noreg er. Når ein lege mistar autorisasjonen sin, får legen i oppgåve å tilvise pasientane sine til andre som kan vidareføre pasienten si behandling.

Helsetilsynet skriv i vedtaket sitt at pasientane sine fastlegar står sentralt her.

Realiteten er at dei aller fleste fastlegar ikkje har kompetanse på kjønnsinkongruens.

Mange tilviser til NBTK nettopp fordi dei ikkje føler dei kan hjelpe sjølv, og det er ei rekke fastlegar som ikkje vil hjelpe pasientar med kjønnsinkongruens. Å overlate kjønnsbekreftande behandling til fastlegar, gjer at Benestad sine pasientar i realiteten ikkje har noko stadfesting av kva som kjem til å skje vidare med deira behandling.

Esben Esther uttalte i etterkant av offentleggjeringa av vedtaket at hen er redd for at fleire av hens pasientar kjem til å ta sitt eige liv, fordi dei i realiteten ikkje har nokon annan stad å gå.

Fleire av hens pasientar har uttrykt at hen har redda livet deira. Å ta frå ein slik lege autorisasjonen, når ein veit konsekvensane av det, og utan å konferere med pasientane til legen, er galskap.

Kjempar framleis

Dr. Benestad mista autorisasjonen sin i tidleg februar 2023. Vi kjempar framleis ein politisk kamp i dag for at hen skal få tilbake autorisasjonen sin og få gjort det hen ønsker å få til før karrieren hens er over, da hen skal pensjonere seg om berre 15 månader.

No prøver ein å ta frå Benestad heider og ære som lege, heilt i sluttfasen av hens karriere. Dette kan vi ikkje tillate, då Benestad er ein av få legar i Noreg som har stått med transpersonar gjennom tjukt og tynt.

På regnbogegallaen 2023 vart Esben Esther hylla for alt hen har gjort for vårt miljø, og det er den respekten hen fortener.