Politikk og samfunn

«Fridomen er ikkje gratis, den må forsvarast»

Ein kan sjølvsagt argumentere for at verneplikta burde avskaffast, men vi lever dessverre ikkje i eit draumesamfunn, skriv Kim Hamre frå Senterungdommen.

Kim Hamre (23)
Organisatorisk nestleiar, Hordaland Senterungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Då eg las innlegget til Elias Hegge Solberg (17), så kjende eg at det er på sin plass å forsvare den norske verneplikta vi har her i Noreg, ettersom han argumenterer for at ho i teorien er eit brot på menneskerettane.

Verneplikta er forankra i grunnlova i nasjonen. Som Solberg sjølv skriv så står følgjande: «Alle statsborgarane har i regelen den samen skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue».

Det er heilt nødvendig for Noreg å ha eit sterkt forsvar, som har den mengda soldatar og personell dei treng for å fungere på ein god måte og kunne forsvare nasjonen Noreg.

Skulle det vore heilt frivillig for folk om dei skulle gå inn i forsvaret eller ikkje, så er det ikkje sikkert at landet vårt hadde hatt noko særleg til forsvar i det heile. Ein kan i tillegg argumentere for at forsvaret er ei ganske positiv oppleving og erfaring for mange å ha og ta del i, noko som gjer ein betre rusta i livet generelt sett og meir attraktiv i jobbmarknaden.

Dersom nokre land hadde avskaffa forsvara sine fordi ein var så oppteken av at det truleg var i brot med menneskerettane, så ville det vore tilnærma fritt fram å invadere dei landa og utsetje dei for potensielt sett endå verre menneskerettsbrot.

Fridomen er trass alt ikkje gratis, det er noko ein til ei kvar tid må forsvare mot aktørar som vil ein vondt.

Faktum er at utan det norske forsvaret og verneplikta, så ville Noreg ikkje ha vore i stand til å verne nasjonen mot fiendtlege aktørar eller kunne ha trygd samfunnet.

Ein kan sjølvsagt alltids argumentere for at verneplikta burde avskaffast eller er i strid med menneskerettane, men vi lever dessverre ikkje i eit draumesamfunn der det ikkje finst krig og aktørar som vil oss vondt. Vi treng den norske verneplikta, for alt vi er og alt vi har.

Rekruttar i det norske Forsvaret får skytetrening. Illustrasjonsfoto: Synne Nilsson/Forsvaret