Klima og miljø

«Equinor og regjeringa sitt arbeid mot ei grøn framtid er ein bløff»

I år vil aktivistar frå både Storbritannia, Canada og Argentina tale på generalforsamlinga for å syne at verda følger med, skriv Marius Moldsvor (19).

Marius Moldsvor (19)
Medlem, internasjonalt utval Natur og Ungdom
Publisert
Oppdatert 15.05.2024 13:05

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kampanjen Equinor Out viser den globale motstanden mot det norske, statseigde oljeselskapet som ekspanderer trass i alle klimaråd og enorm lokal motstand.

Equinor og regjeringa sitt arbeid mot ei grøn framtid er ein bløff så lenge dei satsar på vidare oljeutvinning her heime og i verda.

Frå Statoil til Equinor

14. mai held Equinor si generalforsamling, eit selskap der den norske stat er hovudaksjonær.

På generalforsamlinga skal dei ta stilling til mange aksjonærforslag som ønsker å avslutte klimafiendtlege prosjekt og føre Equinor inn i ei meir fornybar retning.

Då Statoil skifta namn til Equinor i 2018 var det for å markere skiftet til eit breiare energiselskap, likevel var 99.85 prosent av energiproduksjonen i 2023 frå fossile kjelder.

quote-left

I Noreg driv Equinor ein aktiv grønvaskingspropaganda

quote-right

I Noreg driv Equinor ein aktiv grønvaskingspropaganda for å skjule at selskapet er ein av dei største og mest aggressive oljeaktørane når det kjem til opning av nye olje- og gassfelt i verda. Dette inkluderer felt i sårbare marine område.

Det er stor lokal motstand mot Equinor sine prosjekt som Rosebank i Storbritannia, Bay du Nord i Canada, Bacalhau i Brasil og oljeleiting i Argentinahavet. I desse landa kjem Equinor sitt sanne andlet som eit uansvarleg og pengegrisk selskap fram.

Equinor Out

No har den internasjonale motstanden auka og den globale kampanjen Equinor Out er lansert, for å rette fokus på Equinor, og den norske staten sitt klimahykleri.

quote-left

Dette kan den norske regjeringa stoppe som hovudaksjonær i selskapet

quote-right

I fjor fekk Equinor møte den skotske aktivisten Lauren MacDonald på si generalforsamling, der ho talte dobbeltmoralen og grønvaskinga midt imot. Ho retta spesielt fokus på Rosebank-feltet, det største uutvikla oljefeltet i Storbritannia. Katastrofeprosjektet er no diverre godkjend, men dette kan den norske regjeringa stoppe som hovudaksjonær i selskapet.

I år vil aktivistar frå både Storbritannia, Canada og Argentina tale på generalforsamlinga for å syne at verda følger med og ikkje vil akseptere at ein statseigd oljegigant skal ekspandere stikk i strid med klimavitskap og all fornuft. Equinor og den norske stat har både moglegheita og eit moralsk ansvar for å kjempe mot dei daudelege klimaendringane.

Morgondagens heltar

Samtidig som Equinor må stanse nye satstingar på fossil energi, må dei auke investeringane i fornybar energi og sikre det grøne skiftet for dei mange som arbeidar i næringa.

I Noreg har vi ei unik moglegheit til å stå opp imot uretten og krevje endring, det er ikkje like lett i mange av Equinor sine fokusland.

Equinor skal liksom støtte «morgendagens helter», men kva betyr det viss heltane må leve morgondagen på ei øydelagt jord?