Utdanning

«Eg vil at de skal tenke over desse tala neste gong de sit på skulen»

250 millionar barn er utan skule. Dette svarar til ein sjettedel av verdas barn, skriv URO-rådgjevar Celestine Rolland Malick (18).

Celestine Rolland Malick (18)
Juniorrådgjevar for utdanning i Plan international si ungdomsgruppe (URO)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«My school got closed after terrorist attacks in January 2019. At least 47 people were killed according to govermental sources. My heartfelt wish right now is to resume school».

Dette kom frå ei 17 år gamal jente frå Burkina Faso.

Gratis utdanning

Våren byrjar å nærme seg, og det same gjer eksamensperioden og i høve den internasjonale dagen for utdanning som var den 24. januar, har eg lyst til å setja lys på nokre viktige tal.

For meg er denne dagen ein dag for påminning. Ein dag for å hugse at vi er heldige.

quote-left

For oss høyrest det sikkert surrealistisk ut at nokre ikkje får gå på skule

quote-right

Vi har gratis utdanning og for oss høyrest det sikkert surrealistisk ut at nokre ikkje får gå på skule. Men det er realiteten.

Ein Unesco-rapport frå 2023 viser at 250 millionar barn er utan skule. Dette svarar til ein sjettedel av verdas barn.

Dette betyr at det er 250 millionar barn som blir vaksne altfor tidleg og som ikkje får moglegheita til å tileigne seg den kunnskapen og dei verktøya dei så sårt treng. Dei fleste av desse barna lever i fattigdom, i utrygge omgjevnadar og i politisk urolege område.

For desse barna er ikkje skulen berre ein institusjon for læring. Skulen er ei trygg hamn, der dei kan få vera barn og læra det dei treng.

Berekraftsmåla

Utdanning er ei så ekstremt viktig investering.

Dei såkalla berekraftsmåla, spesifikt nummer fire, seier at utdanning bidreg til eit liv med mindre fattigdom og betre helse.

Spesielt kan barn og jenter sin rett til utdanning vera eit av dei sterkaste verktøya vi har for å skapa ein økonomisk vekst, minska sannsynet for krig og for å skapa unge med betre sosiale levekår.

quote-left

Konfliktar, krig og naturkatastrofar stoppar generasjonar sin rett til utdanning

quote-right

Konfliktar, krig og naturkatastrofar stoppar generasjonar sin rett til utdanning, og fleire og fleire barn fell ut av skulen. Difor har det aldri vore viktigare at alle barn og unge som er påverka av konfliktar og kriser får moglegheita til kvalitetsutdanning i eit trygt, inkluderande og stabilt miljø.

Barnebruder i Burkina Faso

Men kva er eigentleg realiteten for desse barna?

Grenseområda mellom Burkina Faso, Mali og Niger har blitt utsett for gjentekne åtak som førte til ein ny konflikt i 2019. Væpna åtak og usikkerheit har avgrensa og hindra moglegheita for utdanning og sendt fleire familiar ut i fattigdom.

Barn og unge i Sahel-regionen står allereie overfor store utfordringar knytt til skulegangen sin. Lange vegar til skulen, dårleg kvalitet på utdanning, mangel på kvinnelege lærarar og skulerelatert og kjønnsrelatert vald som endar i barneekteskap.

Ein rapport frå Girls not Brides viser at i Burkina Faso er 52 prosent av jenter gifta vekk før dei fyller 18. 10 prosent av desse allereie før dei er 15.

Dette er barn. Sjå for deg at du kjem inn i klasserommet ditt, og halve klassa di er vekke. Ikkje fordi dei er sjuke, eller av andre grunnar ikkje kan kome på skulen, men fordi dei har blitt gifta vekk.

Kor heldige vi er

Eg vil at alle de skal tenke over kor heldige vi alle er. Kor heldige vi er som har ein skule å gå til, der vi kan lære med og av kvarandre. Der vi ikkje treng å bekymre oss om skulen vår kjem til å bli angripen eller om vi kjem tilbake igjen med ein tom mage utan mat.

Eg vil at de skal tenke over desse tala neste gong de sit på skulen. Framfor lærarar med ei utdanning, klare for å gje deg alle verktøya du treng for å kunne leve eit fullverdig liv. Og eg vil at de skal tenke over alle desse barna som har eit einaste ønske, og det er å kunne kome tilbake igjen til skulen.

Vi er dei absolutt heldigaste, og det absolutt minste vi kan gjere er å reflektere over kven vi har lyst til å vere for desse barna.