Politikk og samfunn

«Det er bra at influensarar og andre kjendisar deltar i den politiske debatten»

Edvard Storm Simonsen ynskjer opplyste influensarar velkommen i debatten.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste vekene har det vore ein debatt om norske influensarar. Spørsmålet det dreier seg om er om dei har ei plikt til å uttale seg om krigen mellom Israel og Hamas. Frontane er steile.

«Plikt overfor menneskeslekta»

På den eine sida står influensarar som Sophie Elise, Fetisha Williams og Mikela Beck som meiner at alle som har ein følgjarskare bør bruke han til å dele informasjon om krigen og støtte til dei som lid, særleg palestinarar. 

«Mine influensar-kollegaer, de MÅ komme på banen, alle som har ei plattform har ei plikt overfor menneskeslekta», skreiv Sophie Elise i ein Instagram-story i oktober.

quote-left

Det kan vere uheldig viss folk føler seg pressa til å danne seg eit standpunkt

quote-right

Den andre sidas tydelegaste ansikt er Linnea Løtvedt. Ho meiner at ingen har ei plikt til å uttale seg, og peikar på faren for at informasjon ein deler eller baserer meiningane sine på kan vere feil. 

«Eg starta ikkje med sosiale medium for å verte nyheitskjelde for unge menneske», seier Løtvedt i ein video på TikTok: 

@linnealotvedt Kommer ikke til å dele en story fordi andre sier jeg skal det. Om du faktisk vil bidra hjelp heller gjennom en organisasjon i stedefor å poste på story ❤️#konflikt #ansvar #ikkeminplikt ♬ original sound – Linnealotvedt

Feilinformasjonsfella

Begge sider har argument som er moglege å forstå. Det er naturleg at influensarar som er lidenskapleg opptekne av noko, vil få med seg så mange som mogleg for å skape ei endring. Influensarar som Fetisha Williams, som synest det er forferdeleg å sjå sivile palestinarar bli drepne, vil gjere det ho kan for å stoppe det. Og jo fleire ho får med på laget, desto større sjanse er det for å få det til. 

Samtidig har influensarar som Linnea Løtvedt eit poeng. Det kan vere uheldig viss folk føler seg pressa til å danne seg eit standpunkt utan å ha fått sett seg skikkeleg inn i saka. Då er det lett å falle i feilinformasjonsfella og dele noko som du ikkje er heilt sikker på at stemmer, fordi du var meir redd for å bli stempla som ein som støttar folkemord og bombing av sivile, enn å sjekke om det du delte, faktisk stemmer. Dette er eit reelt problem, som Løtvedt har rett i. 

Der argumentasjonen hennar sviktar er når ho seier at det er vanskeleg å finne informasjon om temaet.

I same TikTok-video seier ho: 

«Eg har veldig bevisst valt å ikkje uttale meg om den konflikten som føregår i Palestina og Israel, rett og slett på grunn av at eg har for lite informasjon om det».

Uendeleg med informasjon

Krigen mellom Israel og Hamas er sannsynlegvis den mest omtalte saka i Noreg for tida, kanskje i heile verda. Det finst mange truverdige mediehus som skriv om krigen. Det finst uendeleg med artiklar, podkastar, bøker og dokumentarar om tematikken. 

Du treng ikkje leite lenge før du finn informasjon om at Hamas gjennomførte eit brutalt terrorangrep mot sivile israelarar 7. oktober. Du treng heller ikkje leite lenge for å finne ut at Israel har gitt eit heilt uproprosjonalt svar som har drepe mange gongar fleire sivile enn Hamas gjorde.

Israel bombar nokre av verdas tettast befolka område, der halvparten av befolkninga er barn, som hemn for Hamas sitt terrorangrep. Det er allereie drepe fleire barn i Gaza på ein månad enn det vart drepe i heile verda i heile 2022 (Tala kjem frå Hamas-kontrollerte helsestyresmakter, men blir attgjeve av mellom anna FN). 

At dei ikkje må, betyr ikkje at dei ikkje bør

Det er sant at mange sikkert deler ting litt for ukritisk, og at mykje av det som vert delt, har ei viss slagside. Men du treng jo ikkje å dele dei innlegga, Løtvedt. Det finst plenty av god og trygg informasjon også. 

Folk skal få meine kva dei vil, men å seie at det ikkje finst god nok informasjon der ute, blir for enkelt. 

Når det er sagt ein ikkje dele støtte til ei av sidene viss ein ikkje vil. Der meiner eg Løtvedt har rett. Ingen har ei plikt til å uttale seg, eller fortelje meininga si om noko som helst. Det er ein del av ytringsfridommen at ein har rett til å nettopp ikkje ytre seg. 

Men at dei ikkje må, betyr ikkje at dei ikkje bør. Med ein følgjarskare følgjer eit ansvar. Men eg vil også seie at det følgjer ei moglegheit. Ei moglegheit til å gjere verda til ein betre stad. Alle som har den moglegheita burde bruke ho. 

quote-left

Det er sant at mange sikkert deler ting litt for ukritisk

quote-right

Det kan også vere verdt å tenkje over, at det sannsynlegvis ikkje akkurat motverkar fordommane mange har, om at influensarar er sjølvopptatte og lever i lukka, privilegerte bobler, som ikkje bryr seg om omverda, når dei vel å avstå frå å diskutere politiske spørsmål. 

Kjendisar mobiliserer

Ein fordel influensarar, artistar og idrettsutøvarar og andre kjendisar har, er at dei når ut til eit heilt anna publikum enn aviskommentatorar.

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid frå Karpe er eit godt døme. Han har skrive gode, opplyste innlegg om Israel/Palestina-tematikken. Det er bra, for det engasjerer store grupper menneske som kanskje ikkje les Aftenposten eller Klassekampen kvar dag. 

Om ikkje anna så er det bra fordi det mobiliserer fleire til å gi støtte til humanitær hjelp til sivile som lid. 

Kort samanfatta så har ingen plikt til å seie noko, men det er bra at influensarar og andre kjendisar deltar i den politiske debatten, så lenge dei er opplyste, og baserer seg på sann informasjon. 

Og til Linnea Løtvedt og andre som ikkje veit kva dei skal meine om krigen: Les deg opp, så er det ikkje sikkert det er så lett å vere heilt likegyldig likevel.